
Vindafjord kommune Heimetenesta · Vindafjord
Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert konsulent i 80 - 100% fast stilling. Konsulenten har oppmøte ved begge lokasjonar. Dette er ei sentral stillin...
Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert konsulent i 80 - 100% fast stilling. Konsulenten har oppmøte ved begge lokasjonar. Dette er ei sentral stilling der du bidreg til at den daglege drifta fungere best mogleg gjennom koordinering, administrasjon og tett samarbeid med leiarar og medarbeidar. Hos oss blir du ein viktig del av eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og eit felles mål om å levere trygge og gode tenester til innbyggjarane våre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga. Du trivst med å arbeida strukturert og variert, og du er løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og motiverast av å oppnå resultat gjennom samarbeid med andre. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass! Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil me gjerne høyre frå deg. Oppstart er etter avtale. Om oss Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er heimen til 3 tenestebrukere med ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov, og er i tillegg base for personalet i eininga. Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestebrukarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestebrukarane og kvarandre. Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiestudent og assistentar. Arbeidsoppgåver • Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar • Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering • Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering • Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande • Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur • Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar • Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag! Krav til stillinga • Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2. • Førarkort kl.B • Grunnleggjande IKT-ferdigheiter. • Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Ønskeleg kompetanse Det er eit føremon om du har: • Erfaring med Kap. 9 • Erfaring frå tilsvarande arbeid Kven er du? • Du har engasjement for faget og brukargruppa • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner • Du har gode samarbeidsevner, men kan også arbeide sjølvstendig og gjere prioriteringar. • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på. Me tilbyr • Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag med eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø der me tar deg godt imot! • 50 000 i rekrutteringstilskot mot signert bindingsavtale i 2 år for eksterne søkjarar • Løn i samsvar med dokumentert ansiennitet: 522 600 - 614 400 • 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar • Gratis parkering • Årsturnus med hovudvekt av langvakter og arbeid 4.kvar helg • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om stillinga og arbeidsstaden Ved Bergen og omland familiekontor har vi ledig fast avdelingsleiar-ressurs. Ressursen skal fordelast med arbeidsstad på våre 3 lokasjonar med 60% i Bergen, 20% på Stord og 20% i Odda. Dei som vert tilsette skal ha arbeidsstad på kvar sin lokasjon. Ved evt. intern tilsetjing vil avdelingsleiarstillinga kunna kombinerast med terapeutstilling i resterande del av 100% stilling. Lokasjon Bergen har p.t. 32 tilsette, Odda har 5 tilsette, Stord har p.t. 6 tilsette. Omfang på stillingsressursen vert evaluert og vurdert i budsjett for 2027. Hos oss vil du verte ein del av ei leiargruppe i eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø, der du vil få moglegheit til å påverke den daglege drifta og våre framtidige planar. Arbeidsoppgåver Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning. Ditt ansvar vil vere: • å ta kloke avgjerder, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, ro, tillit, og etisk medvit • å ha god rolleforståelse og nærvær • sørgje for stabilitet gjennom dagleg drift, oppfølging og ivaretaking av personal og brukarar av tenesta • å bidra aktivt til god intern og ekstern samhandling • å kunna omsetje overordna føringar og prioriteringar til dagleg praksis • handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging I samarbeid med einingsleiar og leiargruppe bidrar du: • i kvalitetsutviklings- og forbetringsarbeid • HMS-arbeid og god internkontroll • særlege prosessar knytta til personaloppfølging • oppfølging av budsjett • i rekruttering • i leiarteamet i tenesta • du rapporterar til leiar Kva bakgrunn har du? Du må ha: • Relevant høgare helse- og sosialfagleg utdanning på bachelornivå, ev. masternivå, fortrinnsvis innan familieterapi eller leiing. • God evne til samhandling med andre. • God evne til struktur og planlegging • Gode digitale ferdigheiter og gjerne erfaring med rapportering og dokumentasjon. • Gode kommunikasjonsferdigheiter, på norsk. Ønskelige krav: • Leiarerfaring, gjerne frå familievernsfeltet. • God kjennskap til familievernsfeltet og relevant lov- og regelverk. • Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling. • Økonomiforståing, ev. erfaring med budsjett- og driftsansvar. Personlege eigenskapar Kva ser vi etter: • Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar. • Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik. • Evne til å prioritere og handle klokt i sanntid. • Høg gjennomføringsevne og indre struktur. • Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse. • Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar. • Genuin motivasjon for målgruppa. Kva får du hos oss? • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, i lønnsspenn med kr 700.000 - 800.000 pr. år i aktuell stillingsstørrelse. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan vurderast ved særlig kvalifiserte søkarar. • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekt • Moglegheit til å trene 1 t pr veke i arbeidstida utanom tida til konsultasjonar og faste møter. • Støtte og rettleiing i leiarrolla frå einingsleiar. Opplysningar til deg som søkjar • Vi søkjer etter dei beste hovuda og hjarta uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. • Stillinga er for tida lagd til Bergen og omland familiekontor. • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok. • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om stillinga Lindås legekontor søkjer ein autorisert sjukepleiar til 100 % fast stilling frå 01.09.2026, eller etter avtale. Vi søkjer deg som er fagleg trygg, arbeider sjølvstendig og trivst i tett samarbeid med andre i ein variert, spanande og til tider travel arbeidskvardag. Stillinga passar for deg som ønskjer å bruke brei sjukepleiefagleg kompetanse i møte med pasientar, og som vil bidra til kvalitet, struktur og god samhandling i det daglege arbeidet. Om oss Ved Lindås legekontor er det tre fastlegeheimlar og ein LIS1-lege. Kontoret nyttar Infodoc journalsystem og held til i trivelege og funksjonelle lokale på Lindås senter. Det er gode parkeringsmoglegheiter i kort gåavstand frå bygget. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver ved legekontoret, i tett samarbeid med legar og helsesekretærar. Du vert ein del av eit lite og fagleg dyktig arbeidsmiljø, der god kommunikasjon, tydelege roller og godt samarbeid er viktig i den daglege drifta. Arbeidsdagane ved legekontoret er varierte og til tider travle. Vi søkjer difor ein medarbeidar som er trygg i fagrolla, arbeider strukturert og bidreg positivt i samhandling med andre. Ei av helsesekretærane har rolla som driftskoordinator og har ansvar for den daglege drifta ved kontoret. Arbeidsoppgåver • arbeid på skiftestove • telefon, resepsjon og pasientmottak • laboratoriearbeid • delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og oppfølging av pasientar • økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator • bidra i kvalitetsarbeid, forbetringsarbeid og utviklingsarbeid ved kontoret Kvalifikasjonskrav • autorisasjon som sjukepleiar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • god digital kompetanse Ønskjeleg kompetanse: • Relevant arbeidserfaring frå legekontor eller legevakt • Erfaring frå laboratoriearbeid • Erfaring frå akuttmedisinsk arbeid • Gjennomført akutt kurs Kven er du? Vi søkjer ein sjukepleiar som er trygg i fagrolla si og utfører arbeidsoppgåvene i tråd med kunnskapsbasert praksis. Du har gode samarbeidsevner og trivst i ein travel kvardag der du møter mange ulike mennesker. Du møter pasientane på ein profesjonell, roleg og serviceinnstilt måte, og skaper tryggleik gjennom god kommunikasjon og gode relasjonar. Vi ser etter deg som tek initiativ og ønskjer å bidra aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid ved legekontoret. Du arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i tett samarbeid med legar og kollegaer. Fleksibilitet er viktig i denne stillinga. Du handterer endringar godt, står støtt i ein variert arbeidskvardag og stiller opp der behovet er størst. Vi ønskjer ein robust medarbeidar med godt humør, løysingsorientert innstilling og evne til å vere ein positiv bidragsytar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Me tilbyr • løn etter gjeldande hovudtariffavtale • for sjukepleiarar i Alver kommune: kr 10 000 over minstelønsgarantien i hovudtariffavtalen • god pensjonsordning • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver • høve til å bruke og vidareutvikle brei sjukepleiefagleg kompetanse • moglegheit til å bidra i kvalitetsarbeid og vidareutvikling av legekontoret • eit arbeidsmiljø der faglegheit, samarbeid og god pasientoppfølging står sentralt • gratis parkering Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune