
Øygarden kommune Kommunalsjef Oppvekst · øygarden
Bjorøy skule er ein barneskule med om lag 110 elevar frå 1.–7. trinn og kring 18 tilsette. Elevane kjem hovudsakleg frå Bjorøy og Tyssøy. Som ein liten skule ha...
Bjorøy skule er ein barneskule med om lag 110 elevar frå 1.–7. trinn og kring 18 tilsette. Elevane kjem hovudsakleg frå Bjorøy og Tyssøy. Som ein liten skule har vi eit nært og trygt fellesskap der alle elevar blir sett, og der samarbeid mellom skule og heim står sentralt.
Visjonen vår er å skape «utforskande, kreative og trygge barn i eit stimulerande læringsmiljø». Bjorøy skule er kjend for eit godt læringsmiljø både i skule og SFO, og vi arbeider målretta for å utvikle trygge, modige og rause elevar. Vi har særleg fokus på lesing og på å gi elevane gode meistringsopplevingar gjennom ein variert og praktisk skulekvardag.
Skulen har SFO for elevar på 1.–4. trinn, inkludert eit eige tilbod i skuleferiane. Bjorøy skule ligg naturskjønt til på Bjorøy, om lag 20 minutt frå kommunesenteret på Straume og med tilsvarande reisetid til Bergen sentrum.
Målforma ved skulen er bokmål, medan administrasjonsspråket i Øygarden kommune er nynorsk.
Som rektor hos oss får du eit heilskapleg ansvar for eigen skule saman med leiarteamet, som består av avdelingsleiar og SFO-leiar.
Tiltredning 12.10.2026 eller etter nærare avtale
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om avdelinga: Ulveset skule er ein barneskule med om lag 370 elevar, fordelt på 16 klassar. Vi har om lag 50 tilsette. Skulen er ein nynorskskule og har undervisning både på nynorsk og bokmål. Våre satsingsområde er lesing og trygt og godt læringsmiljø. Vi held til vest på Sotra, ca 30 minutt køyring til Bergen sentrum. Arbeidsoppgåver: • Vera ein del av leiarteamet ved skulen • Leia pedagogisk utviklingsarbeidet • Personalansvar • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift • Samarbeid etter BTI- modellen til kommunen • Stillinga har for tida tillagt 25% undervisning • Vikaransvar • Rettleiing av personalet Kvalifikasjonar: Må ha: • Godkjent lærarutdanning og erfaring frå undervisning i grunnskulen • God systemforståing og digital kompetanse • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Ønskjeleg med: • Leiarutdanning, eller ønskje om å ta slik utdanning • Erfaring med utviklingsarbeid • Erfaring som skuleleiar Eigenskapar: • Gode relasjonelle ferdigheiter, med evne til å samarbeida, lytta , rettleia, motivera, inspirera og setje grenser • God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot • God til å sjå og anerkjenna medarbeidarane sine • Systematisk, strukturert og målretta • God arbeidskapasitet, robust og i stand til å handtera mange oppgåver samstundes • Evne til å arbeida både sjølvstendig og i team • Løysingsorientert, fleksibel og utviklingsorientert • Evne til å skapa og utvikla gode relasjonar til tilsette, elevar og føresette • Tar vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen • Evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere Vi tilbyr: • Ei spanande mellomleiarstilling i ein skule med godt arbeidsmiljø, høg trivsel og eit personale som vil kvarandre vel • Gratis kaffi/te på jobb • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Motiverte, kunnskapsrike og trivelege kollegaer • Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Cecilie Mikkelsen Dahl, rektor Ulveset skule, telefon: 48296987, epost: cecilie.dahl@oygarden.kommune.no Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein 1.–10. skule med høge ambisjonar, engasjerte medarbeidarar og store moglegheiter. Som rektor ved Bykle barne- og ungdomsskule får du ei sentral leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen, elevane og lokalsamfunnet. Om stillinga Bykle barne- og ungdomsskule er ein 1.–10. skule sentralt plassert i vakre Setesdal. Skulen har om lag 60 elevar og 19 tilsette, eit trygt og inkluderande læringsmiljø og eit engasjert fagmiljø som arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, trivsel og læring. Rektor har også ansvar for kommunen si vaksenopplæring. Vi ønsker ein rektor som vil vidareutvikle skulen og vaksenopplæringa i tett samarbeid med elevar, deltakarar, tilsette, foreldre og lokalsamfunnet. Du får ei viktig rolle i kommunen sitt arbeid med å utvikle framtidas oppvekst- og opplæringstilbod, og blir ein del av eit tett og godt samarbeid med kommunalsjef, barnehage og dei andre leiarane i kommunen. Kvifor velje Bykle barne- og ungdomsskule? På Bykle barne- og ungdomsskule får du som rektor moglegheit til å påverke utviklinga av ein heilskapleg 1.–10. skule, samtidig som du har ansvar for kommunen si vaksenopplæring. Du får leie eit kompetent fagmiljø, bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge og vere med på å utvikle både organisasjonen og lokalsamfunnet. Hos oss får du: • Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverking • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaer • Ein moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetar • Gode moglegheiter til å utvikle både medarbeidarar og organisasjonen • Støtte frå ei samarbeidande og kompetent leiargruppe • Deltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogram • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar • Moglegheit for bustad, hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement • Studielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år (frå 2026) • Tilgang til bedriftsleilegheit i Kristiansand Arbeidsoppgåver • Leie og utvikle vidare skulen og vaksenopplæringa som ein profesjonell læringsorganisasjon • Drive utviklingsarbeid og bidra til høg kvalitet i undervisninga • Forvalte ressursar slik at vi sikrar trivsel, læring og kvalitet • Ha overordna ansvar for pedagogisk utvikling, økonomi og personal • Legge til rette for involvering og gode samarbeidsprosessar • Samarbeide med interne og eksterne aktørar • Skape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljø • Følgje opp kommunen sine prioriterte satsingsområde • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar • Relevant pedagogisk utdanning / lærarutdanning • Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring • God innsikt i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel • God forståing for økonomi og organisasjonsutvikling er ein fordel • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retning • Evnar å motivere, engasjere og utvikle medarbeidarar • Har god fagkompetanse og skaper tillit i leiarrolla • Byggjer gode relasjonar til elevar, tilsette, deltakarar og foreldre • Er inkluderande og opptatt av fellesskap • Har gode samarbeidsevner • Evnar å skape ein god samarbeidskultur • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert • Har god gjennomføringsevne Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Praktisk informasjon • Det blir kravd politiattest ved tilsetting • Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportal • Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju • Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar • Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot • Bykle kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unntatt offentlegheit, men dette må grunngivast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan innfriast, vil du bli varsla før offentleggjering. For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: knut.handeland@personalhuset.no. Bykle kommune som arbeidsgivar • Kommunen er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområde og sju tenesteeiningar • Kommunen har om lag 190 tilsette • Det er kort avstand mellom leiar og tilsett • Kommunen er ein IA-bedrift
Aukra kommune har ledig stilling som avdelingsleiar for 1.-4. trinn ved Julsundet skole Skolen satsar på å ha eit sterkt lag rundt eleven. Vi har tro på utvikling gjennom samhandling der alle yrkesgruppene deltek med sin kompetanse. Skolane (1. -4. trinn) og barnehagane i Aukra skal komande år samarbeide med NTNU Skrivesenteret om språkutvikling. Aukra kommune har fokus på tilknytingspsykologi, og alle tilsette som jobbar med barn og unge blir kursa i Trygghetssirkelen. Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse og erfaring med arbeid innan utdanningsfeltet. Vi ønsker oss ein avdelingsleiar som har eit positivt menneskesyn og som søker utvikling for seg sjølv, elevar og tilsette på skolen. Vi søker ein avdelingsleiar som er lojal, tydeleg og målretta i sitt arbeid, og som brenn for utviklingsarbeid i skolen. Som avdelingsleiar må du sjå verdien av å vere ein del av eit større lag med elevar, føresette og tilsette. Vi søker etter deg som kan bidra i ei samla og handlekraftig leiargruppe som består av rektor og tre avdelingsleiarar. Leiargruppa fordeler arbeidsoppgåvene ut frå den kompetansen medlemmene av gruppa har. Som avdelingsleiar må du vere budd på at arbeidsoppgåver og trinntilknyting kan bli endra. Om lag 40 % av avdelingsleiarstillinga vil vere undervisning. Arbeidsoppgåver og forventningar til deg som avdelingsleiar • Du bidreg til at dei tilsette blir utfordra og utviklar seg • Saman med dei andre i skolen si leiargruppe er du ein del av eit heilskapleg og samla leiarskap • Du bidreg til stabil dagleg drift og god oppfølging av elever og tilsette • Du er med på å vidareutvikle profesjonsfellesskapet på skolen og på å skape ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skolemiljø • Du støttar tilsette og elevar i oppfølging av nasjonale prøver, elevundersøkinga og liknande • Du er fleksibel og tek oppgåver som er nødvendig for at skolen, elevane og dei tilsette skal utvikle seg • Du er saman med dei andre i skoleleiinga sentral i arbeidet med timeplan og organisering av undervisninga • Du kan bidra til og organisere individuelt tilrettelagt opplæring • Du er budd på å ta oppgåver som gjeld heile skolen Ønskelege kvalifikasjonar • God digital kompetanse • God skriftleg og munnleg framstillingsevne • Erfaring i å coache og rettleie andre • Vidareutdanning i utdanningsleiing/skoleleiing • God kunnskap om aktuelt lovverk og forvaltningsoppgåver • Erfaring i å leie endrings- og medverknadsprosessar • Spesialpedagogisk kompetanse og erfaring med individuelt tilrettelagt opplæring • Erfaring frå arbeid med skolemiljø Personlege eigenskapar • Du har eit positivt elevsyn, og har evne til å byggje gode relasjonar med tilsette, elevar og føresette • Du er ein tydeleg, varm og trygg leiar • Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elever og tilsette • Du er systematisk og strukturert • Du har høge ambisjonar for kvar elev • Du er positiv, fleksibel, samarbeidsvillig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker oss. Vi tilbyr • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Kommunale tilsettingsvilkår og løn som fagleiar (stillingskode 7954) • Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning • Eit godt arbeidsmiljø Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring i offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader. Politiattest Dei som vert tilsette må kunne legge fram godkjent politiattest. Søknad sendast Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Du søker på stillinga her Link til søknadsskjema: Søk her