
Alver kommune · Alver
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg dyktig helsefagarbeidarar til fast tilsetjing. Arbeidet går ut på å gje trygg helsehjelp og praktisk bistand et...
Me søkjer ein engasjert og fagleg dyktig helsefagarbeidarar til fast tilsetjing. Arbeidet går ut på å gje trygg helsehjelp og praktisk bistand etter vedtak, i heimen til menneske med nedsett funksjonsevne.
Stillinga er fast 100 % med arbeid kvar fjerde helg, hovedsakleg langvakter med innslag av nokre ordinære vakter i årsturnus. Her får du eit meiningsfylt arbeid der du blir ein del av ei trivelig og støttande personalgruppe. Stillinga er ledig frå 01.09.2026 eller etter avtale.
Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdelinga som består av fleire bustadgrupper. Tenestemottakarane har ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov.
Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestemottakarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestemottakarane og kvarandre.
Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiarstudent og assistentar.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Kven er du?
Me søkjer deg som trivast med å arbeide planbasert, men som også taklar at arbeidsdagen kan endre etter opprinneleg plan. Du evner å vere sjølvstendig og handlekraftig, og skape tryggleik for våre tenestemottakarar.
Me tilbyr
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.