
Aukra kommune Kultur · Aukra
Har du eit stort engasjement for frivilligheit, kultur og å skape møte mellom menneske? Som dagleg leiar får du gleda av å vidareutvikle eit spennande samarbeid...
Har du eit stort engasjement for frivilligheit, kultur og å skape møte mellom menneske?
Som dagleg leiar får du gleda av å vidareutvikle eit spennande samarbeid med dei frivillige i Aukra. Du har arbeidsstad på Aukra kulturhus og samarbeider tett med heile kulturtenesta i Aukra.
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Aukra kommune er IA-verksemd, og vil legge til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf Offentleglova §25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "søk på stilling".
Søknadsfrist: 27. juli 2026.
Kontaktperson: Kultursjef Anne Jorunn Sandøy, tlf. 959 07055
https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXjI
Link til søknadsskjema: Søk her
Dette er NTNU NTNU er et breddeuniversitet med en teknisk-naturvitenskapelig hovedprofil og et tyngdepunkt innen profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byer med hovedsete i Trondheim. På NTNU jobber 9 000 ansatte og 43 000 studenter med å skape kunnskap for en bedre verden. Du finner mer informasjon om NTNU som arbeidsplass og søknadsprosessen her. Video: https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0Om stillinga Interesser du deg for skjeringspunktet mellom psykologisk behandling og data- og informasjonsteknologi? Me søkjer ein ph.d.-stipendiat til prosjektet Responsible AI Support for Sleep-Restriction Adherence in Insomnia. Målet med prosjektet er å utvikla og kvalitetssikra ein samtaleagent basert på kunstig intelligens som kan hjelpa pasientar å gjennomføra digital kognitiv åtferdsterapi for insomni. Som stipendiat hos oss, vil du jobba for å oppnå doktorgrada di, og samtidig opparbeida deg verdifull erfaring som kvalifiserer til vidare karriere innan høgare utdanning og forsking, i og utanfor akademia. Tilsetjinga vil vera ved Institutt for psykologi og tilknytt Trondheim Sleep Group (TSG) ved Enhet for Forskning, Innovasjon og Undervisning (FIU), Klinikk psykisk helsevern, St. Olavs hospital, med kontorlokale på Østmarka campus. Forskingsgruppa TSG har stor aktivitet og ein tverrfagleg profil som inkluderer klinikarar og forskarar med bakgrunn frå medisin, psykologi, nevrovitskap, kybernetikk, statistikk, lingvistikk og maskinlæring. I 2023 fekk forskingsgruppa tildeling som Klinisk Akademisk Gruppe frå Helse Midt-Noreg. TSGs forskingsfokus omhandlar søvn- og kronoterapi innan psykisk helse, nevrologi, og folkehelse. Teknologi og innovasjon er sentralt i gruppa, ved bruk av digitale behandlings- og observasjonsmetodar, tenesteinnovasjon, persontilpassa medisin og dessutan prediksjon for å betra diagnostikk og behandling. TSG har eit etablert samarbeid med Data and Artificial Intelligence (DART) group, Norwegian Research Center for AI Innovation og Norwegian Open AI Lab gjennom prosjektet AI-MENT. Doktorgradskandidaten vil inngå i denne arbeidsgruppa. Om ønskjeleg og aktuelt vil det kunna leggjast til rette for ei klinisk bi-stilling. Din næraste leiar vil vera nestleiar forsking. Om prosjektet I eit samarbeid mellom Institutt for psykologi, Trondheim Sleep Group, og Institutt for datateknologi og informatikk har me fått midlar frå NTNU Helse til prosjektet Responsible AI Support for Sleep-Restriction Adherence in Insomnia. Målet for prosjektet er å utvikla og kvalitetssikra ein samtaleagent basert på kunstig intelligens som kan hjelpa pasientar å gjennomføra digital kognitiv åtferdsterapi for insomni (dCBT-I). Det er eit stort press på helsetenesta generelt og psykiske helsetenester spesifikt. Me har ikkje nok ressursar, verken økonomisk eller personellmessig, til å møta noverande og særleg framtidige behov i helsetenesta. I tillegg veit me at mange pasientar som faktisk får behandlingstilbod i helsevesenet ikkje får beste tilgjengelege, kunnskapsbaserte behandling. Ein av fleire måtar å møta desse utfordringane på er å tilby menneske med psykiske helseplager helsehjelp i form av digital behandling. Digital behandling gjer at me kan tilby behandling til mange fleire og me kan på ein annan måte sikra oss at denne behandlinga er kunnskapsbasert. Eit døme på dette er behandling av søvnlidingar. Insomni rammar 10–15 % av befolkninga og har store konsekvensar for fungering, psykisk helse og bruk av helsetenester. Kognitiv åtferdsterapi for insomni (CBT-I) er ei tilrådd førstelinjebehandling, men få pasientar får tilgang til behandling grunna både avgrensa ressursar og at få klinikarar har opplæring i behandlingsmetoden. Digital CBT-I er ei dokumentert effektiv behandling for insomni som er skalerbar, men effekten av behandlinga blir redusert grunna låg etterleving. Søvnrestriksjon er kanskje den viktigaste og mest verknadsfulle behandlingskomponenten i CBT-I, men også den mest krevjande for mange pasientar å gjennomføra og etterleva. Digital CBT-I implementerer søvnrestriksjon på ein regelbasert måte og manglar den personlege tilnærminga og alliansen som ein terapeut brukar. For å auka etterlevinga vil me prøva å utvikla, testa og kvalitetssikra ein klinisk informert, generativ KI-basert samtaleagent som betre tilrettelegg for søvnrestriksjonsprogrammet i dCBT-I. Arbeidsoppgåver • Fullføra doktorgradsutdanninga fram til oppnådd doktorgrad • Gjennomføra forsking av god kvalitet • Akademiske publiseringar og populærvitskapleg formidling • Delta i forskningsgruppa Trondheim Sleep Group • Delta i internasjonale aktivitetar som deltaking på konferansar og/eller forskingsopphald ved utanlandske lærestader • Klinisk arbeid i samband med datainnsamling gitt nødvendige kvalifikasjonar Ver førebudd på at det etter tilsetjing kan skje endringar i arbeidsoppgåvene dine. Kvalifikasjonskrav • Relevant mastergrad innan klinisk psykologi, medisin, psykisk helse eller tilsvarande. Utdanningsløpet ditt må minimum svara til eit femårig norsk studium, der minst 120 studiepoeng er oppnådde på masternivå • Masterstudentar kan søkja, men mastergrada må vera oppnådd og dokumentert innan oppstart i stillinga • Du må ha ein sterk fagleg bakgrunn frå det tidlegare studiet ditt, og ha ein gjennomsnittskarakter frå masterstudiet, eller tilsvarande utdanning, som er lik B eller betre sameint med NTNUs karakterskala. Dersom du ikkje har bokstavkarakterar frå tidlegare studium, må du ha eit like godt fagleg grunnlag. Dersom du har svakare karakterbakgrunn vil du kunna bli vurdert dersom du kan dokumentera at du er særskild eigna til ei ph.d.-utdanning • Du må oppfylla krava til opptak på doktorgradsprogrammet til fakultetet • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelsk, og i norsk tilsvarande nivå B2 Me viser til NTNUs retningslinjer for rekrutteringsstillingar og Forskrift for gradene philosophiae doctor (ph.d.) og philosophiae doctor (ph.d.) i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Noregs teknisk–naturvitskapleg universitet (NTNU) for generelle kriterium for stillinga. Ønskte kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsepersonell, fortrinnsvis psykolog eller lege • Kunnskap om og erfaring med psykologisk behandling av søvnvanskar • Interesse for og kunnskap om data- og informasjonsteknologi Personlege eigenskapar For å fullføra ei doktorgrad (ph.d.), er det viktig at du er i stand til å: • Arbeide sjølvstendig • Jobba strukturert, setja mål og laga planar for å nå dei • Arbeide konstruktivt under press eller i møte med motgang • Vere fleksibel og open for å justere plan for prosjektet etter behov Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr • ein spennande jobb med eit viktig samfunnsoppdrag • utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø • karriererettleiing og oppfølging undervegs i doktorgradsperioden • ope og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kolleger • driftsmiddel som kan brukast til å gjennomføra prosjektet • fadderordning som nytilsett ved NTNU • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse Du blir ansatt som stipendiat ved NTNU og får tilgang på ansattgoder. Mangfald Mangfald er ein styrke, og ved NTNU har me eit mål om å vera ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Visjonen vår er Kunnskap for ei betre verd og våre verdiar er kreative, kritisk, konstruktiv og respektfull. Me har tru på at ei verksemd som er likestilt, mangfaldig og kjønnsbalansert er avgjerande for at me saman når måla våre. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing av samfunnsoppdraget vårt innan forsking og utdanning. Om du synest denne stillinga er relevant og interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn, eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet. Lønn og vilkår I stillinga som stipendiat kode 1017 vil løna di normalt vera brutto kr 550 800,- pr. år avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå lønna blir 2 % lovfesta innskot trekte til Statens pensjonskasse. Tilsetjingsperioden er 3 år. For tilsetjing i stipendiatstilling er det ein føresetnad at du får opptak til ph.d.-programmet innan psykologi innan tre månader etter oppstart, og at du deltek i eit organisert doktorgradsstudium innanfor tilsetjingsperioden. Som tilsett ved NTNU er det viktig at du held deg oppdatert på faglege og organisatoriske endringar og tilpassar deg desse. For nødvendig samhandling fagleg og sosialt er det ein føresetnad at du er fysisk til stades og tilgjengeleg for institusjonen på dagleg basis. Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statstilsettelova, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Kandidatar som etter vurdering av søknad og vedlegg blir rekna for å komma i konflikt med kriteria i sistnemnde lov, vil ikkje kunna bli tilsett. Om søknaden Søknad og vedlegg, (inkl. beskriving av det vitskaplege arbeidet ditt) må følgja søknaden då desse blir lagde til grunn for vurderinga. Dokumenta må vera på norsk/skandinavisk eller engelsk. Me gjer merksame på at søknaden berre blir vurdert ut frå den informasjonen me har ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er beskrivne over. Søknaden og alle vedlegg blir sende elektronisk via Jobbnorge.no. Dersom du blir invitert til intervju, må du ta med stadfesta kopiar av attestar og vitnemål ved førespurnad. Søknaden må innehalda: • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad • CV • Kopi av masteroppgåva. Om du nyleg har levert masteroppgåva, kan du leggja ved den innleverte versjonen av oppgåva. Dokumentasjon av fullført mastergrad må leggjast fram før tiltreding i stillinga • Kort motivasjonsbrev (400 ord/1 side) • Ev. publikasjonar el. anna relevant forskingsarbeid • Ev. attestar • Namn og kontaktinformasjon til tre relevante referansar Dersom heile eller delar av utdanninga di er tekne i utlandet, skal det leggjast ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile utdanningsløpet ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til ev. anna høgare utdanning. Dersom institusjonen din tilbyr «diploma supplement» (vanleg for dei fleste europeiske lærestader), skal dette leggast ved. Beskriving av annan dokumentasjon som er nødvendig finn du her. Dersom du har ei fråsegn frå HK-dir, skal du leggja ved denne òg. Me tek omsyn til arbeid du har gjort saman med andre. Dersom det er vanskeleg å identifisera innsatsen din i fellesarbeida, må du leggja ved ei kort forklaring for medverknaden din. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på nødvendige kvalifikasjonar som utdanning, erfaring, og dessutan personlege eigenskapar. Motivasjon for stillinga, ambisjonar og potensial for forsking vil også telja ved vurdering av kandidatane. NTNU anerkjenner stor breidd av faglege bidrag og har forplikta oss The San Francisco Declaration on Research Assessment og forpliktingane i CoARA (ansvarleg vurdering av forsking og anerkjenning av ei større breidd av faglege bidrag i samsvar med NTNUs samfunnsoppdrag). Generell informasjon Offentleg søkjarliste med namn, alder, stillingstittel og bustadkommune blir utarbeidd etter utløpet av søknadsfristen. Dersom du ønskjer å reservera deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må dette grunngjevast. Vurdering vil bli gjord i samsvar med gjeldande lovverk. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir teken til følgje. Om du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med Joar Øveraas Halvorsen, e-post: joar.halvorsen@ntnu.no. Hvis du har spørsmål om ansettelsesprosessen kan du ta kontakt med Ina Halvorsen, e-post: Ina.g.Halvorsen@ntnu.no Søknadsfrist: 09.08.2026 Trondheim er en moderne europeisk by med en rik kulturscene. Trondheim er Norges teknologihovedstad med en befolkning over 200 000. Den norske velferdsstaten, inkludert helsevesen, skoler, barnehager og generell likestilling, er sannsynligvis den beste i sitt slag i verden. Profesjonell subsidiert barnepass er lett tilgjengelig. Videre tilbyr Trondheim gode utdanningsmuligheter (inkludert internasjonale skoler) og muligheter til å nyte natur, kultur og familieliv, og har lav kriminalitet og ren luftkvalitet.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i personnamngransking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i personnamngransking knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. I stillinga får du ei unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på området og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studier har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om Senter for norsk fagspråk Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret) som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren. Om stillinga Stillinga er knytt til arbeidspakke 4 Namnegransking i Fagspråksenteret (2025–2033). Gjennom tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om utviklinga av personnamnbruk i Noreg. Eit sentralt tema for arbeidet er korleis personnamnbruk utviklar seg i Noreg i møte med eit stadig meir fleirkulturelt samfunn, særleg møtet mellom namnetradisjonar hos majoritet og minoritet, med særleg vekt på perioden etter 1970 då innvandringa til Noreg auka markant. Ei aktuell problemstilling kan vere å utforske tilhøvet mellom norsk lovgiving og internasjonale namnesystem, og korleis ulike namnetradisjonar møtest i offentleg forvalting. Gjennom sosioonomastiske og sosiolingvistiske tilnærmingar kan stipendiaten undersøkje korleis val av personnamn reflekterer identitet, tilhøyrsle og kulturell bakgrunn, og korleis namnemateriale kan nyttast til å forstå samfunnsprosessar som fornorsking, assimilering og kulturell integrasjon. Meir informasjon om Fagspråkssenteret kan du finne her. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, sosiologi, historie, religionsvitskap eller kulturvitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurdert etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. • Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet. • Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap. • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting. • God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektet bør bidra til å styrkje granskinga av personnamn som grunnforsking og som eit fullverdig forskings- og utdanningsfelt. Personnamn står sentralt i arbeidspakke 4 i Fagspråksenteret. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil òg bli vurdert i kva grad prosjektet kan bidra til ny empirisk kunnskap, metodeutvikling innan namnegransking, og korleis forskinga kan understøtte offentleg forvalting av namn eller kaste lys over allmenne språkvitskaplege problemstillingar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV»,oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). • Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det føreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i arbeidspakke 4. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen,skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon:+47 55583653, eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no, telefon:+47 55583069 eller 97604624, eller arbeidspakkeleiar Peder Gammeltoft, e-post: peder.gammeltoft@uib.no. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i fagkommunikasjon med fokus på samfunnssikkerheit og beredskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i fagkommunikasjon knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Vi oppmodar kandidatar med norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt som til dømes språkvitskap, medievitskap, journalistikk, statsvitskap, design eller geofysikk til å søkje. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innanfor fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om Senter for norsk fagspråk Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret), som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren. Om stillinga Stillinga er knytt til fokusområde Terminologi og fagspråk i Fagspråksenteret (2025-2033). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om kva rolle fagspråk spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Den som blir tilsett som stipendiat, vil delta i eit delprosjekt som skal forske på formidling av ekspertkunnskap innanfor området samfunnstryggleik og beredskap. Delprosjektet studerer korleis samfunnstrendar formar fagkommunikasjon og tilliten til denne, og korleis aktørar informerer befolkninga slik at ein kan ta informerte val i møte med naturfare, med perspektiv frå både brukarar, offentleg forvaltning og media. Eit sentralt tema for arbeidet er korleis offentlege aktørar i Noreg, som Meteorologisk institutt (MET), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), NRK, DSB og Politiet, informerer om venta og pågåande kriser. Hovudfokuset for stipendiaten vil vere kommunikasjon knytt til naturfarar, med særleg vekt på farleg vêr og tilhøyrande varsel. Målet med slik kommunikasjon er å gje innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar eit solid grunnlag for å ta informerte val, spesielt i samband med krisehandtering og eigenberedskap. Språket si rolle, både i tekst og visuelle framstillingar, står sentralt i prosjektet. Ei aktuell problemstilling kan vere å utforske korleis vêrvarsel, farevarsel og annan informasjon blir formidla gjennom multimodale uttrykk - som tekst, symbol, grafar, kart og bilete - for å forstå korleis bodskapen kan kommuniserast presist, effektivt og tillitsvekkjande til folk med ulike behov. Det er òg aktuelt å undersøkje korleis samfunnstrendar påverkar denne typen fagkommunikasjon. Døme på dette kan vere nye teknologiar, auka bruk av kunstig intelligens (KI) i produksjon og distribusjon av informasjon, og endra forventningar frå publikum til offentlege aktørar. Særleg relevant er korleis slike trendar påverkar tilliten til informasjon frå offentlege aktørar, og korleis denne tilliten kan styrkast gjennom tydeleg og målretta kommunikasjon. Gjennom arbeidet får stipendiaten høve til å bidra til ny kunnskap om korleis offentleg kommunikasjon kan skape tryggleik og støtte både beredskapsapparatet og befolkninga si evne til å forstå og handtere naturfarar og krisesituasjonar. Meir informasjon om Fagspråksenteret kan du finne her. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, medievitskap, journalistikk, statsvitskap, design eller geofysikk. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurdert etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. • Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet. • Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap. • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting. • God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg spennande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). • Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det føreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i fokusområde terminologi og fagspråk. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller telefon: +47 55583653 eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no eller telefon: +47 55583069 eller + 47 97604624. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5