
Austevoll kommune · Austevoll
Om arbeidsstaden Kommunestyret har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit...
Kommunestyret har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017.
Kommunestyret har vedteke at det skal opprettast som ein 0-heimel.
Legekontoret skal opprettast i eit lokale ved kjøpesenteret Bekkjarvik Torg. Utleigar har lokale og utstyr som skal nyttast. Leigeavtale, bustad og utstyr er ikkje kommunen vedkomande, og er ein avtale mellom næringsdrivande lege og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette på legekontoret.
Kommunen opnar for å vurdere ulike organisasjonsformer ved legekontoret, til dømes deleliste og/eller rotasjonsordning (Nordsjøturnus). Det er viktig at søkjarar beskriv kva organisasjonsform dei vil nytte, korleis dei vil drifte kontoret og korleis dei vil stette kravet til spesialitet i allmennmedisin.
Fastlegen vil ha pliktig deltaking i daglegevakt, og i kommunal legevakt utanom arbeidstid p.t. 7-delt legevakt som næringsdrivande etter vaktklasse 1. Det må påreknast inntil 20% andre offentlege oppgåver, jamfør fastlegeforskrifta. Fastlegen må oppgi styrings- og kvalitetsdata til kommunen, jamfør fastlegeforskrifta §19.
Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi søker person som har langsiktig motivasjon for å bygge opp eit godt fungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og vektlegg tverrfagleg samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester.
Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Listestorleik inntil 1000 pasientar, lågare listetak kan avtalast. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Ved Ørsta helsesenter er det ledig fastlegeheimel med listetak på 650, som kan aukast om ønskeleg. Heimelen er ledig frå 01.12.26, eller tidlegare etter avtale. Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen og der legane er næringsdrivande. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg. Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale. Tildeling og overdraging av heimelen skjer i samsvar med pkt. 5.5 og 5.6 i ASA 4310 - Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fast legeordningen i kommunene. Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Vi ønsker at du skal vere næringsdrivande fastlege, men dersom du er ALIS-lege, kan du vere fastlønna i inntil to år av ALIS-løpet. Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det. Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, gode lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktsbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor. Arbeidsoppgåver Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk. Dette inkluderer: • deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta • ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §32 Kvalifikasjonar Du må • oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten • uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg • ha førarkort klasse B • legge fram politiattest av nyare dato før oppstart Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale Personlege eigenskapar Vi ser etter ein lege som • er fagleg engasjert og ønsker å vere med på å utvikle fastlegetenesta i kommunen • samarbeider godt både internt og eksternt • ønsker å bidra i det kollegiale felleskapet på legekontoret • er opptatt av å skape gode pasientmøte • ser verdien av tverrfagleg samarbeid Vi tilbyr • nye og trivlege lokalitetar • ALIS-avtale for deg som ikkje er spesialist i allmennmedisin • godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt • ei god blanding av erfarne og nye fastlegar • ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt • god avtale som næringsdrivande lege KontaktinformasjonHege Axe Øvsteng, Dagleg leiar Ørsta helsesenter, hegeaxe@hotmail.com Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no ArbeidsstadDalevegen 28A 6153 ØRSTA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5143368847 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.07.2026
Ein fastlegeheimel knytt til Sæthre legekontor er ledig frå hausten 2026. Listetak: 1000 pasientar. Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert drifta som deleliste. Legekontoret er i prosess med å utvide med to heimlar, og skal flytte til nybygde lokalar, med tentativ oppstart i oktober -26. Lokala ligg særs sentralt plassert i Voss sentrum, med god tilgang på parkering, og nærheit til alt Vossevangen har å tilby. Me gler oss stort til å kunne utvide praksisen med nye kollegaer. Me kan tilby eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, kvalitet, autonomi, og gode pasientforløp. Du får høve til å være med frå start i oppbygging av ny praksis, og du vil ha innflytelse på drift, rutinar og fagleg profil. På fritida har du tilgang til noko av det beste vestlandsnaturen har å tilby, i tillegg til eit rikt lags- og kulturliv. Legekontoret nyttar Infodoc i sky som journalsystem. Til heimlar inngår deltaking i interkommunal legevakt. Me vil kunne tilby rettleiing av legar i spesialisering. Heradet har ordning med styrka basistilskot for næringsdrivande fastlegar, det er og tilrettelagt for fri etter nattevakt med kompensasjon etter legeforeininga sine satsar. Voss herad har dei siste åra fritatt næringsdrivande fastlegar for tilplikting til kommunal bistilling og daglegevakt. Heimel vil kunne overtakast utan vederlag. Ein er sjølv ansvarleg for møblering / utstyr til eige kontor. Fellesutgifter til drift av kontor (støttepersonell, journalsystem, leige mm.) vert dekka i fellesskap etter nærmare avtale. Ønsker du informasjon om økonomiske vilkår kan du gjerne ta kontakt med Jacob Ortega Sæthre. Kvalifikasjonar: • Norsk autorisasjon som lege • Godkjent LIS1 tjeneste i Norge • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B • Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon • Du må gjerne vera spesialist i allmennmedisin, men det er ikkje eit krav. Me ynskjer deg som: • Likar ein hektisk arbeidskvardag • Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling • Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team • Har gode evner til samhandling og kommunikasjon • Er ansvarleg og løysingsorientert • Er fleksibel og utviklingsorientert Arbeidsoppgåver: • Kurativ legeteneste • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid • Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt. Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden Link til søknadsskjema: Søk her
Skudenes legesenter er et kommunalt legesenter som ligger i idylliske Skudeneshavn på sørspissen av Karmøy kommune. Legesenteret har en kommunalt ansatte fastlege, en fastlege på 8-2 avtale og søker nå etter den tredje fastlegen til senteret. Pasientliste på ca 900 i tillegg til kommunale oppgaver Legesenteret er veldrevet med eget akutt rom, romslig laboratorium og et luftig personal rom, og oppdatert utstyr Senteret har erfarent helsepersonell med lokalkunnskap, og det beregnes 0,8 årsverk helsepersonell per lege. Journalsystem er Web Med Legesenteret er organisert i virksomhet Legetjenesten sammen med Bygnes kommunale legesenter og Karmøy Legevakt og ledes av virksomhetsleder. Arbeidsoppgaver Ivareta alle oppgaver knyttet til fastlege rollen. Kommunale oppgaver kan forekomme (Helsestasjon, legevakt og Mottak og oppfølging senter) Vaktplikt på Karmøy legevakt. Kvalifikasjoner Norsk autorisasjon som lege. Gjennomført turnustjeneste/LIS 1. Det stilles krav om politiattest i tråd med bestemmelser i lov om helsepersonell. Søkere må beherske norsk skriftlig og muntlig. Personlige egenskaper Motivert og stabil fastlege med gode samarbeidsevner. Personlig egnethet. Evne til strukturert og selvstendig arbeid. Gode kommunikasjonsevner både i forhold til pasienter og kollegaer. Vi tilbyr Et kollegium med fastleger og helsepersonell med gode lokalkunnskaper. Veldrevet og godt utstyrt legesenter. Legger til rette for ALIS spesialisering. Karmøy Kommune vil sørge for at du før oppstart får tildelt en veileder, og at du får utarbeidet og fulgt opp din utdanningsplan. Veiledning og supervisjon vil skje på legekontoret, ved fastleger og andre læringsarenaer i kommunen. Bonusavtale for leger i fastlønnet stilling - Fastleger i bonusordningen får utbetalt 35% av egen total innvilget HELFO-inntjening og pasientenes egenbetaling. KontaktinformasjonMargareth Vea Jensen, Virksomhetsleder, +47 97148099, mvj@karmoy.kommune.no ArbeidsstedNylundsbakken 2 4280 Skudeneshavn Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Karmøy kommune Referansenr.: 5030853562 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.08.2026