
Voss herad Voss legekontor · Voss
Ein fastlegeheimel knytt til Sæthre legekontor er ledig frå hausten 2026. Listetak: 1000 pasientar. Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert dri...
Listetak: 1000 pasientar.
Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert drifta som deleliste.
Legekontoret er i prosess med å utvide med to heimlar, og skal flytte til nybygde lokalar, med tentativ oppstart i oktober -26. Lokala ligg særs sentralt plassert i Voss sentrum, med god tilgang på parkering, og nærheit til alt Vossevangen har å tilby.
Me gler oss stort til å kunne utvide praksisen med nye kollegaer.
Me kan tilby eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, kvalitet, autonomi, og gode pasientforløp. Du får høve til å være med frå start i oppbygging av ny praksis, og du vil ha innflytelse på drift, rutinar og fagleg profil. På fritida har du tilgang til noko av det beste vestlandsnaturen har å tilby, i tillegg til eit rikt lags- og kulturliv.
Legekontoret nyttar Infodoc i sky som journalsystem. Til heimlar inngår deltaking i interkommunal legevakt. Me vil kunne tilby rettleiing av legar i spesialisering.
Heradet har ordning med styrka basistilskot for næringsdrivande fastlegar, det er og tilrettelagt for fri etter nattevakt med kompensasjon etter legeforeininga sine satsar. Voss herad har dei siste åra fritatt næringsdrivande fastlegar for tilplikting til kommunal bistilling og daglegevakt. Heimel vil kunne overtakast utan vederlag. Ein er sjølv ansvarleg for møblering / utstyr til eige kontor. Fellesutgifter til drift av kontor (støttepersonell, journalsystem, leige mm.) vert dekka i fellesskap etter nærmare avtale.
Ønsker du informasjon om økonomiske vilkår kan du gjerne ta kontakt med Jacob Ortega Sæthre.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Ved Ørsta helsesenter er det ledig fastlegeheimel med listetak på 650, som kan aukast om ønskeleg. Heimelen er ledig frå 01.12.26, eller tidlegare etter avtale. Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen og der legane er næringsdrivande. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg. Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale. Tildeling og overdraging av heimelen skjer i samsvar med pkt. 5.5 og 5.6 i ASA 4310 - Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fast legeordningen i kommunene. Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Vi ønsker at du skal vere næringsdrivande fastlege, men dersom du er ALIS-lege, kan du vere fastlønna i inntil to år av ALIS-løpet. Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det. Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, gode lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktsbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor. Arbeidsoppgåver Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk. Dette inkluderer: • deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta • ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §32 Kvalifikasjonar Du må • oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten • uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg • ha førarkort klasse B • legge fram politiattest av nyare dato før oppstart Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale Personlege eigenskapar Vi ser etter ein lege som • er fagleg engasjert og ønsker å vere med på å utvikle fastlegetenesta i kommunen • samarbeider godt både internt og eksternt • ønsker å bidra i det kollegiale felleskapet på legekontoret • er opptatt av å skape gode pasientmøte • ser verdien av tverrfagleg samarbeid Vi tilbyr • nye og trivlege lokalitetar • ALIS-avtale for deg som ikkje er spesialist i allmennmedisin • godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt • ei god blanding av erfarne og nye fastlegar • ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt • god avtale som næringsdrivande lege KontaktinformasjonHege Axe Øvsteng, Dagleg leiar Ørsta helsesenter, hegeaxe@hotmail.com Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no ArbeidsstadDalevegen 28A 6153 ØRSTA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5143368847 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.07.2026
Om arbeidsstaden Kommunestyret har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017. Kommunestyret har vedteke at det skal opprettast som ein 0-heimel. Legekontoret skal opprettast i eit lokale ved kjøpesenteret Bekkjarvik Torg. Utleigar har lokale og utstyr som skal nyttast. Leigeavtale, bustad og utstyr er ikkje kommunen vedkomande, og er ein avtale mellom næringsdrivande lege og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette på legekontoret. Om stillinga Kommunen opnar for å vurdere ulike organisasjonsformer ved legekontoret, til dømes deleliste og/eller rotasjonsordning (Nordsjøturnus). Det er viktig at søkjarar beskriv kva organisasjonsform dei vil nytte, korleis dei vil drifte kontoret og korleis dei vil stette kravet til spesialitet i allmennmedisin. Fastlegen vil ha pliktig deltaking i daglegevakt, og i kommunal legevakt utanom arbeidstid p.t. 7-delt legevakt som næringsdrivande etter vaktklasse 1. Det må påreknast inntil 20% andre offentlege oppgåver, jamfør fastlegeforskrifta. Fastlegen må oppgi styrings- og kvalitetsdata til kommunen, jamfør fastlegeforskrifta §19. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi søker person som har langsiktig motivasjon for å bygge opp eit godt fungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og vektlegg tverrfagleg samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester. Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav • Formelle kvalifikasjonskrav • Norsk autorisasjon som lege • Som hovudregel skal legen ha gyldig spesialitet i allmennmedisin. Kommunen kan vurdere kravet om spesialisering om val av organisasjonsform stettar krav til forsvarlegheit. • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Plettfri vandel, framvising av politiattest ved tilsetting og det blir undersøkt om autorisasjonsstatus og tilsynssaker • Oppgi referansar i søknaden Personlege eigenskapar • Du er triveleg og engasjert • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne • Brenn for allmennmedisinfaget og pasientane • Du er løysingsorientert og pliktoppfyllande • Gode fagkunnskapar og ferdigheiter • Interesse for legevakt og akuttmedisin Vi tilbyr Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Listestorleik inntil 1000 pasientar, lågare listetak kan avtalast. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve. Slik søker du Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Bli en del av et sterkt fagmiljø i Midt-Troms Senja kommune har ledig 2x100 % fastlegehjemmel som selvstendig næringsdrivende ved Senjalegen Finnsnes. Vi søker deg som ønsker å arbeide i et stort og faglig sterkt allmennlegemiljø, med gode rammevilkår, lav vaktbelastning og mulighet for å kombinere en spennende arbeidshverdag med et aktivt liv utenfor jobb. Om Senjalegen Allmennlegetjenesten i Senja kommune består av 26 fastleger fordelt på to legekontor – Senjalegen Finnsnes med 18 fastleger og Senjalegen Silsand med 8 fastleger. Kontorene ligger kun seks kilometer fra hverandre og samarbeider tett om fagutvikling, utdanning og legevakt. Finnsnes legekontor er lokalisert ved Distriktsmedisinsk senter Midt-Troms (DMS) og er samlokalisert med kommunale, interkommunale og spesialisthelsetjenester. Dette gir et bredt fagmiljø og gode muligheter for tverrfaglig samarbeid. Finnsnes legekontor har 18 fastleger organisert i tre gruppepraksiser, to LIS1-stillinger og et stabilt hjelpepersonell bestående av sykepleiere, bioingeniører og helsesekretærer. Om hjemmelen De ledige hjemmelene er tilknyttet kommunal driftsavtale for næringsdrivende fastlege med følgende listestørrelse: • Hjemmel nr 1 :Fastlegeliste med 720 innbyggere. • Hjemmel nr 2: Fastlegeliste med 800 innbyggere. For begge legehjemlene: • Listestørrelsene kan økes etter nærmere avtale. • Mulighet for redusert listestørrelse for ALIS etter nærmere avtale. • Inntil 20 % kommunale allmennlegeoppgaver etter avtale. • Deltakelse i interkommunal legevaktordning. • Ingen kostnader knyttet til overdragelse eller kjøp av praksis. Som næringsdrivende lege leier du lokaler, medisinsk utstyr, journalsystem og hjelpepersonell av kommunen til gunstige vilkår. Legevakt Alle fastlegene deltar i Finnsnes interkommunale legevakt for Senja og Sørreisa kommuner. Legevakten bemannes av om lag 30 leger, i tillegg til tre faste vaktleger som dekker store deler av nattevaktene gjennom året. Dette gir en relativt lav vaktbelastning for den enkelte lege. Legevakten har døgnkontinuerlig sykepleierbemanning med akuttmedisinsk kompetanse, egen avdelingsleder og medisinskfaglig ansvarlig lege. Ambulansestasjon og øvrige akuttmedisinske tjenester er lokalisert i umiddelbar nærhet. Det er mulighet for ekstravakter dersom dette er ønskelig. Kvalifikasjoner • Norsk autorisasjon som lege. • Rett til refusjon fra Helfo. • Gjennomført LIS1-tjeneste eller tilsvarende som kvalifiserer for fastlegevirksomhet i Norge. • Gode muntlige og skriftlige norskkunnskaper. • Gode digitale ferdigheter. • Erfaring fra allmennmedisin og legevakt vektlegges. Vi søker en lege som: • Har gode samarbeidsevner. • Er faglig engasjert og utviklingsorientert. • Kommuniserer godt med pasienter og kolleger. • Er strukturert og selvstendig. • Bidrar til et positivt arbeidsmiljø. • Ukentlig tilstedeværelse ved Finnsnes legekontor. Vi tilbyr • Et godt tverrfaglig fagmiljø. • Moderne lokaler ved DMS Midt-Troms. • Gode rammer for fagutvikling og kvalitetsarbeid. • Erfarne kolleger og lett tilgjengelig veiledning. • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin (ALIS). • Veiledning fra spesialister i allmennmedisin. • Lav legevaktbelastning sammenlignet med mange andre kommuner. • Gode pendlermuligheter via Bardufoss lufthavn og hurtigbåtforbindelser til Tromsø og Harstad. • Mulighet for sletting av studielån etter gjeldende nasjonal ordninger for bosatte og arbeidstakere i Senja kommune. • Leie av bolig inntil 2 år. • Flyttegodtgjørelse etter avtale. Bo og lev i Senja Senja er kjent for spektakulær natur, levende lokalsamfunn og gode muligheter for friluftsliv året rundt. Finnsnes er regionsenter i Midt-Troms og tilbyr et bredt kultur-, service- og fritidstilbud. Her får du nærhet til både fjell, hav og byliv, samtidig som du kan nyte fordelene ved et trygt og inkluderende lokalsamfunn. Vilkår Tildeling av hjemmelen skjer i henhold til gjeldende lover, avtaleverk og kommunale reglement. • Politiattest må fremlegges før tiltredelse. • Aktuelle kandidater vil bli innkalt til intervju. • Minst to referanser må oppgis. • Opplysninger om søker kan bli offentliggjort i henhold til offentleglova, selv om det er bedt om unntak fra offentlighet. Nærmere opplysninger Virksomhetsleder legetjenesten Evy Nordby Telefon: 48 17 39 16 E-post: evy.nordby@senja.kommune.no Møt Anneli Pedersen, Senjalegen Finnsnes - YouTube Medsinskfaglig lege og fastlege ved Finnsnes legekontor Elisabeth Skogheim E-post: elisabeth.skogheim@senja.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her