Langt ut mot vest, der landet møter sjølve storhavet, ligg Austevoll sokn, som fell saman med Austevoll kommune. Ved lune vågar og vikar ligg dei små bygdene i livd for nordvesten og sjødraget, og utmerker seg med ein storslått og vakker natur, med moglegheiter for eit rikt og variert friluftsliv, og med gode oppvekstvilkår.
Austevoll kommune har eit desentralisert busettingsmønster og rundt 5500 innbyggjarar. Folketalet er aukande. Det er brusamband mellom dei største øyane, med Storebø på Huftarøy som administrativt sentrum i kommunen. Satsing på fiskeri, havbruk og offshore har gjeve positive ringverknader for nyetablering og utvikling i Austevoll samfunnet. Austevoll kommune har ei ung befolkning med mange barnefamiliar, og me opplever at kyrkja står sterkt mellom folket her. Kommunen er såleis ein utfordrande og spanande kommune å bu i. Det er god kommunikasjon, både mot Bergen i nord og Stord/Haugesund i sør.
Austevoll sokn har fem kyrkjer og eit kapell. Det er rundt 65 forordna gudstenester i året, som er fordelt med halvparten i soknekyrkja på Storebø og resten på dei andre. I snitt er det årleg ca. 45 gravferder og 20 viglser. Rundt 50 vert døypte kvart år, og oppslutninga om konfirmasjonen er god. Austevoll sokneråd har trusopplæring som satsingsområde.
Den lokale staben utgjer, i tillegg til soknepresten, kyrkjeverje, kontorleiar, organist, kyrkjelydspedagog, trusopplæringsmedarbeidar, kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar. Sokneprest, kyrkjekontor og sokneråd har god kommunikasjon og godt samarbeid. Staben har kontor i trivelege og tenlege lokale på Storebø, nær Austevoll kyrkje.
Kyrkja i Austevoll er ein spanande arbeidsplass. Vi opplever at kyrkjelyden set pris på arbeidet vi gjer. Det er god oppslutning rundt tiltaka og arrangementa våre. Vi har eit godt samarbeid med skule, kommune, idrettslag, barnehagar og lokale foreiningar.
Den som vert tilsett kan få høve til å disponere ein stor og fin prestebustad, sentralt plassert med flott utsikt over småbåthamna på Storebø. Her i frå er det kort veg til barnehage, skule og butikkar.
For meir informasjon om kyrkja på Austevoll, sjå: www.austevoll.kyrkja.no
Prosten i Fana leier prestetenesta i prostiet og kallar jamleg prestane i prostiet inn til konvent med fagleg fordjuping og åndeleg fornying.
Målforma i Austevoll sokn er nynorsk, elles i prostiet varierer det mellom bokmål og nynorsk.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referanser vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Andre opplysningar
Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
KontaktinformasjonKristin Sævik Litlere, Prost i Fana, 90630687
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
ArbeidsstadPrestanesvegen 41
5392 Storebø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5160516401
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Austevoll