Det er ei ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti med Fjeldberg og Eid sokn, samt Åkra sokn og sokna i Kvinnherad som tenestestad.
I Kvinnherad kommune er det vel 13 000 innbyggjarar. Her er flott natur som gjev gode høve til rekreasjon
og naturopplevingar. Det er også eit variert næringsliv med m.a. Hydro Husnes, maritime næringar og Valen sjukehus. Husnes
har eit stort butikksenter med mange av dei offentlige tenestene, og Kvinnherad vidaregåande skule. Rådhuset ligg i Rosendal. Det går ei hurtigbåt til Stord frå Ranavik og
Sunde med hyppige avgangar morgon og ettermiddag, her er og ein attraktiv arbeidsmarknad.
Fjelberg og Eid sokn ligg i sørlege delen av Kvinnherad kommune. Soknet har omlag 1700
medlemmer. Her ligg barneskule, ungdomsskule og Sunnhordland folkehøgskule. Soknepresten
har jamleg andakt på sjukeheim og omsorgsbustader på Halsnøytunet. Halsnøy kloster ligg også i soknet,
ein av nøkkelstadane på Kystpilegrimsleia. Soknepresten kan bli ein del av arbeidet med kystpilegrimleia og jobbe i samarbeid med bispedømet sin eigen pilegrimsprest. Soknet har to trekyrkjer: Eid kyrkje (1824) og Fjelberg kyrkje (1722).
Soknet har også fleire bedehus. Det er gudsteneste i soknet dei fleste sun- og heilagdagar.
Åkra sokn ligg nord-aust i kommunen, og medlemstalet her er omlag 150. I soknet er det barnehage og
barneskule. Soknet har ei kyrkje - Åkra kyrkje frå 1735. Det blir halde gudsteneste om lag kvar fjerde sundag.
Soknepresten har sete i sokneråda Fjelberg & Eid og Åkra, og har hovudansvar for kontakt mellom kyrkje,
skule og barnehage i soknet, og for konfirmantarbeidet. Det er eit godt samarbeid mellom tilsette i kyrkja
og friviljuge medarbeidarar i kyrkje og bedehus.
Det er felles kyrkjekontor på Valen for alle sokna i Kvinnherad kommune. Her er kontor for kyrkjeverje, dei
fire sokneprestane i kommunen, kantor/organistar, trusopplærarar og kontormedarbeidarar. Dei tilsette
samlast til regelmessige møter. Sokneprestane deler tenestevekene og samarbeider om prestetenesta.
Les meir om Kvinnherad sokn på https://www.kvinnherad.kyrkja.no/
Prosten leiar prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling,
åndeleg fellesskap og teambygging.
Målforma i prostiet er nynorsk.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
KontaktinformasjonTherese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arild Steinsland, Prost i Sunnhordland, 91555580
ArbeidsstadKlubbavikjo 9
5451 Valen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5141850059
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kvinnherad