
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Velkomen som søkjar til ei mellombels 50 % prosjektstilling som redaksjonsmedarbeidar (forskar 1108) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), Universitetet i Bergen. Stillinga har varigheit på to år.
Stillinga er knytt til det store ordbokverket Norsk Ordbok, som dokumenterer nynorsk og norske dialekter. Norsk Ordbok blir saman med Bokmålsordboka og Nynorskordboka oppdaterte ved LLE, og ordbokarbeidet er finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD).
KUD stiller krav om at ordbøker som heilt eller delvis er bygde opp for offentlege midlar, skal gje opplysingar om kva som er offisiell rettskriving i dag. Arbeidet med Norsk Ordbok starta opp i 1929, og 1938-rettskrivinga for nynorsk er nytta i alle dei tolv trykte banda av verket. Det er såleis ei prioritert oppgåve for redaksjonen at nettordboka skal vise gjeldande nynorsknorm i oppslagsorda, og redaksjonsmedarbeidaren skal bidra til det ved å oppdatere og samordne rettskrivingsopplysningar i ulike ordbokdatabasar.
Til saman utgjer ordbøkene, kjeldegrunnlaget og rettskrivingsressursane ein viktig infrastruktur for norsk språk. Det blir ei kjerneoppgåve for den tilsette å sikre kvalitet og konsistens i språkressursane knytt til ordbøkene og å bidra til at dei held seg fagleg og språkteknologisk relevante.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
Relevant IT-kompetanse, særleg erfaring med redigeringsapplikasjonen i Korpuskel og korpussystemet Korpuskel-leks, er ein fordel.
Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.
Hos oss får du:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknad og vedlegg må vere på norsk. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no eller leiar for ordbokmiljøet Margunn Rauset, tlf. 55 58 24 63, e-post: margunn.rauset@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar Ved Det samfunnsvitskapelege fakultet, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei midlertidig fulltidsstilling som forskar for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til prosjektet RAISE: Monitoring Hub for Mapping and Surveying Responsible Artificial Intelligence and Societal Engagement in the Nordic Region, finansiert av Nordforsk-programmet Responsible Use of Artificial Intelligence. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Om prosjektet: RAISE undersøkjer korleis kunstig intelligens (KI) påverkar avgjerder, skjønsutøving og tilliten til offentlege institusjonar i Norden. Prosjektet tek utgangspunkt i eit samfunnsvitskapeleg rammeverk for ansvarleg bruk av KI, med vekt på «digital verdigheit», rettvis representasjon, anerkjenning og innbyggjarinvolvering. Gjennom kartlegging og komparative analysar av KI-bruk på tvers av sektorar og land utviklar prosjektet ny kunnskap om korleis KI inngår i og omformar offentleg forvaltning og styring. Prosjektet kombinerer empirisk kartlegging med teoretisk utvikling og legg særleg vekt på implikasjonar for demokrati, forvaltningspraksis og legitimitet. Som ein del av arbeidet blir det etablert ei felles nordisk plattform for å analysere, overvake og synleggjere korleis KI påverkar offentleg sektor. Om stillinga og arbeidsoppgåver: Forskaren skal arbeide saman med prosjektleiaren om å ferdigstille forskingsoppgåver i RAISE-prosjektet og vil vere ein del av det nordiske prosjekt-teamet. Det er forventa at forskaren skal ha Bergen som arbeidsstad. Arbeidsoppgåvene vil omfatte å: • Bidra til gjennomføring av RAISE-prosjektet gjennom deltaking i prosjektaktivitetar, prosjektmøter og andre relevante oppgåver etter behov • Bidra til planlegging og gjennomføring av spørjeundersøkingar retta mot innbyggjarar og ekspertar i Noreg • Gjennomføre kvalitative forskingsintervju med aktørar i norsk offentleg forvaltning • Bidra til analyse og tolking av kvalitative og kvantitative data • Samarbeide om utarbeiding av vitskapelege manuskript og bidra til publisering av forskingsarbeid knytt til prosjektet • Delta i utarbeiding av rapportar, policy-notat og andre prosjektleveransar • Presentere forskingsresultat på nasjonale og internasjonale konferansar, seminar og workshopar • Delta i organisering av prosjektseminar, møte og faglege arrangement Bidra til formidling frå prosjektet og prosjektresultata til relevante målgrupper. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjar må ha ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i statsvitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at graden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Dokumentert erfaring med forsking i statsvitskap og offentleg forvaltning og styring er eit krav. • Erfaring med forsking på digitalisering og bruk av kunstig intelligens i offentleg sektor er ein fordel. • Kompetanse og erfaring med både kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege metodar er eit krav. • Erfaring frå deltaking i eksternfinansierte internasjonale forskingsprosjekt er ein fordel. • Særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk eller anna skandinavisk språk • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved vurderinga. Kandidaten må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med vitskapeleg kreativitet, ha høg arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner samt sterk motivasjon og engasjement for forsking. Vi kan tilby: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø • Årsløn som forskar, stillingskode 1109, NOK 685 900, - ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Eit søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteresser, erfaring og motivasjonen for å søkje stillinga • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga • CV • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist: 1. september 2026. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Lise H. Rykkja, e-post: lise.rykkja@uib.no Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar Det er ledig ei midlertidig stilling som forskar innan kognitive grunnlag for talfesting ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er for ein periode på 14 måneder frå 01.11.2026 til 31.12.2027, og er ein del av prosjektet «Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)», finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC) gjennom eit Synergy Grant til Andrea Bender (UiB), Francesco d’Errico (CNRS Bordeaux), Russell Gray (MPI for Evolutionary Anthropology, Leipzig) og Rafael Núñez (UiB). Arbeidsstad for stillinga er Bergen, Norge. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: • QUANTA har som mål å rekonstruere opphavet til og utviklinga av talsystem: når og kvifor dei vart oppfunne, og korleis og kvifor dei vart diversifiserte. Det seksårige prosjektet, som starta i september 2021, er forankra ved tre institusjonar – UiB, CNRS Bordeaux og MPI EVA Leipzig – som samarbeider tett og har jamleg utveksling. • Forskaren vil vere ein del av teamet leia av professor Andrea Bender (UiB), og arbeidet vil vere retta mot den konseptuelle og teoretiske avklaringa som er nødvendig for storskala tverrfagleg koordinering av databaseutvikling og analysar. Meir informasjon om forskingsprosjektet er tilgjengeleg på denne nettsida Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjaren må på søknadstidspunktet ha doktorgrad innan empirisk informert filosofi eller eit anna fagområde knytt til filosofien om numerisk kognisjon. Tilleggskompetanse innan kognitiv vitskap med vekt på numerisk kognisjon er svært ønskjeleg. • Søkjaren må ha inngåande kjennskap til litteraturen om mangfaldet av numeriske praksisar og deira kognitive og kulturelle grunnlag. Dette bør omfatte tverrkulturelle studiar av talsystem, kognitive system som vert nytta i numerisk tenking, språklege analysar av talord og taksonomiar for tal på tvers av representasjonsformat, i tillegg til breiare litteratur om konseptuell avklaring i vitskapleg praksis og den filosofiske diskusjonen om tal si natur. • Søkjaren bør kunne forstå og vurdere empiriske metodar for å teste teoriar om numerisk kognisjon, og må kunne gjennomføre representasjonsanalysar av talsystem. • Kjennskap til talsystem i andre format enn notasjonar eller leksikalske talord, til dømes tal i teiknspråk eller kroppsbaserte system, vil vere ein fordel. • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og må vere villig og i stand til å samarbeide med andre. • Søkjaren må ha erfaring med tverrfagleg samarbeid og kunne dokumentere aktivitetar som har fremja kommunikasjon mellom forskarar frå ulike fagfelt. • Det vert kravd høg kompetanse i både skriftleg og munnleg engelsk. • Det vert venta brei vitskapleg interesse utover eige fagfelt. Kjennskap til forsking på kulturell og kognitiv evolusjon vil vere ein fordel. Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje i vurderinga av kandidatane. Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket vil bli nytta i behandlinga av søknadene. Dersom universitetet ikkje har motteke vurdering frå Utanriksdepartementet innan 6–12 veker etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetjing bli trekt tilbake. Vi kan tilby: • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø. • ei brutto årsløn på kr 685 900 (stillingskode 1109) i det statlege lønssystemet. For særleg kvalifiserte søkarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare lønsauke vil vere avhengig av ansiennitet i stillinga. • medlemsskap i Statens pensjonskasse. • gode velferdsordningar. Søknaden skal innehalde: • Ei kort framstilling av forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. Dette bør omfatte eitt avsnitt om korleis kvart av kvalifikasjonskrava ovanfor er oppfylte (med særleg vekt på erfaringar som er relevante for QUANTA), og eitt avsnitt om korleis forskingsinteressene dine er relevante for den utlyste stillinga og QUANTA-konteksten. • CV • Stadfesta kopiar av vitnemål (høgare utdanning), karakterutskrifter og andre relevante attestasjonar. Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte omsetjingar. • Namn på to referansar (namn og kontaktinformasjon) • Fullstendig publikasjonsliste • Publikasjonar i eige namn som du ønskjer skal inngå i vurderinga av søknaden (maksimalt 3). Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: • professor Andrea Bender, andrea.bender@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan seismologi (Solid Earth Seismology). Stillinga er for ein periode på 18 månader og er knytt til eit UKRI–Noreg-prosjekt finansiert av UK Research and Innovation (UKRI), med deltaking frå Universitetet i Cambridge og Universitetet i Bergen. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Prosjektet har tittelen «Seismic and thermal structure, deformation and evolution of the Adriatic and southeastern Europe’s lithosphere and underlying mantle». Det har som mål å undersøkje strukturen og dynamikken i litosfæren og den underliggjande mantelen i det sentrale og austlege Middelhavet, ein av dei mest tektonisk aktive regionane i Europa. Prosjektet vil bruke det unike datasettet frå AdriaArray-eksperimentet, som omfattar meir enn 1000 seismiske stasjonar, alle med breidband-instrument. Prosjektet kombinerer avanserte seismiske avbildingsteknikkar, inkludert tomografi, mottakarfunksjonar (receiver functions) og termodynamisk inversjon, for å utvikle høgoppløyste modellar av litosfærestruktur, temperaturvariasjonar og sentrale grenseflater som til dømes litosfære–astenosfære-grensa. Målet er å få ei betre forståing av prosessane som styrer subduksjon, kollisjon og ekstensjon, og å vurdere korleis strukturen i djupet av jorda påverkar seismisitet, vulkanisme og fordelinga av naturressursar, inkludert geotermisk energi og mineralførekomstar. I prosjektet vil UiB-gruppa ha ansvar for å berekne teleseismiske P- og S-mottakarfunksjonar for stasjonane i AdriaArray og nærliggande område. Desse skal integrerast kvantitativt i dei tomografiske inversjonane, og støtte tolkinga av dei resulterande modellane. Den utvalde kandidaten vil arbeide mot følgjande mål: • Velje ut og laste ned seismiske data frå stasjonar i AdriaArray og nærliggjande område. • Gjennomføre grundig kvalitetskontroll av dei nedlasta dataa. • Tilpasse eksisterande programkode for å berekne P- og S-mottakarfunksjonar med høg kvalitet for heile studieområdet. • Samle mottakarfunksjonar til enkeltstasjonsstakkar og tredimensjonale volum av common conversion points. • Bidra til integreringa av mottakarfunksjonane (og tilhøyrande produkt) i dei tomografiske inversjonane og til tolkinga av dei resulterande modellane. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor geofysikk med spesialisering i seismologi anvendt på prosesser i den faste jord (Solid Earth Seismology), eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Erfaring med programmering og handtering av seismiske data er eit krav. • Erfaring med signalprosessering av seismiske data er eit krav. • Erfaring med prosessering av teleseismiske mottakarfunksjonar og/eller tilsvarande metodar som inneber interaksjon mellom teleseismiske bølgjer og elastiske grenseflater, er eit krav (dokumentert gjennom publikasjonsliste). • Erfaring med tolking av seismologiske resultat basert på petrologiske avgrensingar og/eller geodynamiske prosessar er ein fordel (dokumentert gjennom publikasjonsliste). • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Vi kan tilby: • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø. • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr 685 900,- ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. • medlemsskap i Statens pensjonskasse. • gode velferdsordningar. Søknaden skal innehalde: • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. • ein forskingsplan på 1–2 sider som skisserer ein tydeleg strategi for korleis forskingsmåla i prosjektet kan oppnåast. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. • CV • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert. • relevante attestar. • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer, der artiklar må vere tydeleg skilde frå konferanseabstrakt, avhandlingar og rapportar). Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Stéphane Rondenay, Institutt for geovitenskap, e-post: rondenay@uib.no, tlf: +47 55583423. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Rådgiver Mathilde Høgalmen, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, e-post: Mathilde.Hogalmen@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.