
NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune · Bergen
Vil du hjelpe gründerar med å lukkast? Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028. Etablerersenter...
Vil du hjelpe gründerar med å lukkast?
Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028.
Etablerersenteret er førstelinjetilbod for dei som vil starte eller utvikle eiga bedrift. Etablerersenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og eigarkommunane. Som ein del av det offentlege støtteapparatet for entreprenørskap i fylket, er Etablerersenteret ein sentral møteplass der gründerar får praktisk hjelp, kompetanse og rettleiing tidleg i prosessen. Som ein del av Etablerersenteret blir du ein viktig del av arbeidet med å få fleire til å starte bedrift – og auke sjansen for at dei lukkast over tid. Du vil jobbe tett på gründerar i ulike fasar. Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen.
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
KontaktinformasjonSandra Haugland, Seniorrådgjevar, 92669203, sandra.skotnes.haugland@vlfk.no
Heidi Bjønnes Larsen, leiar, 99613868, heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5127412915
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2028
Søknadsfrist: 10.08.2026
Vil du jobbe med dei som går i front for grøn omstilling i Vestland? Vestland er i omstilling. Næringsliv, offentleg sektor og kunnskapsmiljø samarbeider for å gjere regionen grønare, og dette arbeidet gir resultat. Grøn region Vestland er ei samordna satsing kring verdiskaparane som går i front for grøn omstilling. Vi koplar aktørar og verkemiddel for auka verdiskaping. Vi byggjer noko som skal vare. Målet er å ha eit sjølvgåande kraftsenter for grøn næringsutvikling, kunnskapsdeling for berekraftig forvalting av ressursane og nettverk for forpliktande klimaarbeid. Det du er med å byggje no, skal framleis vere i drift om ti år - med fleire bedrifter, sterkare partnarskap og historier som inspirerer langt utover Vestland. Og vi treng nokon som kan fortelje verda om det - er det deg? Vi søkjer ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar som kan løfte fram arbeidet til Grøn region Vestland gjennom tydeleg, truverdig og inspirerande kommunikasjon. Du vil vere ein sentral ressurs i eit prosjekt som betyr noko - for Vestland, for næringslivet og for klimaet. Stillinga er ei 3-årig prosjektstilling i 100 % med arbeidsstad på Vestlandshuset i Bergen. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene dine vil vere blant anna å: • utforme strategisk kommunikasjon for Grøn region Vestland og dei sirkulære hubbane • løfte fram dei kommersielle suksesshistoriene og verdiskapinga som skjer i fylket • ha utstrekt dialog med dei som står i front for det grøne skiftet i Vestland • planlegge og gjennomføre arrangement • vedlikehalde og utvikle nettsider og sosiale medium • utarbeide nyheitssaker, artiklar og redaksjonelt innhald • utarbeide kommunikasjonsmateriell • gjere administrativt arbeid knytt til prosjektet Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • relevant utdanning på minimum bachelornivå • erfaring innan kommunikasjon, journalistikk eller media • gode formidlingsevner i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg • ferdigheiter innan kommunikasjonsteknologi • god kjennskap til sirkulær økonomi, næringsutvikling og grøn omstilling Personlege eigenskapar Som person: • kjenner du deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig • forstår du samanhengen mellom berekraft og kommersiell verdiskaping — og kan formidle det engasjerande • har du gode relasjonelle eigenskapar og evne til å kommunisere med ulike grupper, frå gründerar til kommunedirektørar • har du stort engasjement for grøn omstilling og næringsliv • har du evne til å raskt setje deg inn i nye tema og fagområde • er du sjølvstendig og initiativrik • jobbar du systematisk og strukturert • trivst du med å jobbe på tvers av fagmiljø Vi tilbyr Vi kan tilby deg: • ein meiningsfull jobb i eit prosjekt som bidreg til grøn omstilling i Vestland • moglegheiter til å forme og utvikle rolla saman med prosjektteamet • eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø • arbeidsstad sentralt i Bergen • løn etter avtale • gode moglegheiter for fagleg utvikling • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonKathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5145926718 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.08.2026
Om stillinga Avdeling for forvaltningsutvikling har ei ledig stilling som rådgjevar i Seksjon for statsforvaltarar og berekraft. Vi søkjer ein rådgjevar som vil vere med å vidareutvikle styringa av statsforvaltarane og Statsforvalteren sine fellestenester. Statsforvaltaren er staten sin represent i fylka, med 10 verksemder over heile landet. Dei utfører forvaltningsoppgåver for departementa, kontrollerer kommunane si verksemd og er klageinstans for kommunale vedtak. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har det administrative ansvaret for statsforvaltarane. I tillegg samordnar DFD departementa og direktorata som gir oppgåver til statsforvaltaren. DFD etatsstyrer også Statsforvaltarens fellestenester (STAF), som leverer tenester til statsforvaltarane. I denne stillinga vil du få delta i etatsstyringa av statsforvaltarane og STAF. Du vil samarbeide tett med kollegaer i seksjonen og samstundes ha ein brei kontaktflate internt i DFD, mot andre departement og direktorat/tilsyn i styringa. Samordningsrolla vår er i utvikling, og vi tek ei breiare og meir aktiv rolle i styringa av sektoren. Vi er òg i gang med eit større utviklingsarbeid for å skape betre balanse mellom statsforvaltarane sine oppgåver og ressursar, samt å leggje til rette for meir heilskapleg styring. Dette gir spennande utviklingsoppgåver i seksjonen og gode moglegheiter til å påverke retning, men inneber òg periodar med høgt tempo. Arbeidsoppgåver Stillinga vil i hovudsak innebere • å delta i etatsstyring av statsforvaltarane og STAF • saksbehandling av budsjett- og økonomisaker for statsforvaltarane og STAF • å følgje opp Riksrevisjonssaker • å delta i utviklingsprosjekt som ein del av etatsstyringa • å delta i seksjonen sine andre styringsoppgåver Kvalifikasjonar Du må ha: • fullført mastergrad innan fortrinnsvis økonomi. Andre relevante samfunnsvitskaplege fagretningar kan òg vere aktuelle • minst tre års relevant erfaring • god økonomiforståing og evne til å trivast med å jobbe med tal • interesse for offentleg sektor og statleg styring • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne Det er ønskjeleg at du har: • relevant erfaring frå offentleg sektor • kompetanse og erfaring med samordning Personlege eigenskapar Arbeidskvardagen er variert, og du må evne å arbeide sjølvstendig, strukturert og langsiktig, samstundes som du handterer periodar med høgt tempo og mange oppgåver samtidig. Vi ser etter deg som kommuniserer godt og likar å samarbeide. I tillegg ser vi etter deg som • har god rolleforståing • evnar å skape oversikt og kan sørgje for framdrift i eigne saker • er fleksibel, hjelper til der det trengst og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga. Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi tilbyr Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr: • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid • moglegheit for trening i arbeidstida • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 680 000-800 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse. Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her. Vi er opptekne av Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Informasjon til deg som søkjer • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir. • DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. • Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden. Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Arnfrid Arthur på tlf 93217407 eller e-post Arnfrid.Arthur@dfd.dep.no. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.
Vil du vere med å gjere ein forskjell? Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig ei mellombels 100% stilling som rådgjevar på fagområdet kommunikasjon, kognisjon og varsling. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er organisert under Nav hjelpemidler og tilrettelegging som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåver gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi hjelper brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging. Arbeidsoppgaver • Rettleie brukar, pårørande og samarbeidspartar om kommunikasjon- varsling- og kognisjonshjelpemiddel • Gje råd om lese- og skriveprogram • Gi råd om alternativ bruk av pc • Halde kurs for brukarar og samarbeidsparter (både kurs på hjelpemiddelsentralen og kurs ute i kommunane) • Informere om våre tenester til Nav-rettleiarar og andre samarbeidsparter på fagområdet arbeid og utdanning • Behandle saker og gjere bestillingar • Bidra i nasjonalt arbeid( nettverksmøter, teamskanalar m.m) • Jobbe saman med andre for å løyse felles saker • Ambulant verksemd • Halde ved like, sette opp og programmere digitale hjelpemiddel Kvalifikasjoner • Bachelor eller tilsvarande innan helsefag eller pedagogikk • Førerkort kl. B Ønskeleg • Erfaring med kommunikasjonshjelpemiddel Personlige egenskaper • Lærevillig • Positiv og motivert • Påliteleg • Løysingsorientert • Kreativ Vi tilbyr • Spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver • Aktive og engasjerte kollegaer • Fleksitidsordning • Trening i arbeidstida • Moglegheit for hybrid arbeidsdag • Stillingskode 1434 rådgjevar. Lønnsspenn frå 639 000,- 680 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast • God pensjonsordningar i Statens pensjonskasse KontaktinformasjonInger Jorun Årseth, Avdelingsleiar, 95235287, inger.jorun.arseth@nav.no Frode Hovland, Avdelingsdirektør, 48108828, frode.hovland@nav.no ArbeidsstedSteinavegen 12 6800 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5150924009 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 16.08.2026