
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Sosiologisk institutt. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremmande arbeid som skal utførast ved instituttet. Arbeidsstad for denne stillinga er i Bergen.
Sosiologisk institutt høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø som og omfattar samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har eit omfattande undervisningsansvar som inkluderer eit årsstudium, eit bachelor- og masterprogram og eit lektorprogram i samfunnsfag. Arbeidet ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar og representerer i dag ein brei forskingsprofil, mellom anna forsking om velferd, ungdom, familie, livsløp, mobilitet, ulikskap, migrasjon, kjønn, klasse, elitar, og utdanning.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Vi tilbyr:
Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider inkludert litteraturliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist 31. august 2026.
Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Katharina Sass – katharina.sass@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei – gudrun.horvei@uib.no
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til seniorrådgjevar Elina Troscenko – elina.troscenko@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i personnamngransking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i personnamngransking knytt til Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. I stillinga får du ei unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på området og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studier har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om Senter for norsk fagspråk Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret) som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren. Om stillinga Stillinga er knytt til arbeidspakke 4 Namnegransking i Fagspråksenteret (2025–2033). Gjennom tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om utviklinga av personnamnbruk i Noreg. Eit sentralt tema for arbeidet er korleis personnamnbruk utviklar seg i Noreg i møte med eit stadig meir fleirkulturelt samfunn, særleg møtet mellom namnetradisjonar hos majoritet og minoritet, med særleg vekt på perioden etter 1970 då innvandringa til Noreg auka markant. Ei aktuell problemstilling kan vere å utforske tilhøvet mellom norsk lovgiving og internasjonale namnesystem, og korleis ulike namnetradisjonar møtest i offentleg forvalting. Gjennom sosioonomastiske og sosiolingvistiske tilnærmingar kan stipendiaten undersøkje korleis val av personnamn reflekterer identitet, tilhøyrsle og kulturell bakgrunn, og korleis namnemateriale kan nyttast til å forstå samfunnsprosessar som fornorsking, assimilering og kulturell integrasjon. Meir informasjon om Fagspråkssenteret kan du finne her. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, sosiologi, historie, religionsvitskap eller kulturvitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurdert etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. • Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet. • Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap. • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting. • God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektet bør bidra til å styrkje granskinga av personnamn som grunnforsking og som eit fullverdig forskings- og utdanningsfelt. Personnamn står sentralt i arbeidspakke 4 i Fagspråksenteret. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil òg bli vurdert i kva grad prosjektet kan bidra til ny empirisk kunnskap, metodeutvikling innan namnegransking, og korleis forskinga kan understøtte offentleg forvalting av namn eller kaste lys over allmenne språkvitskaplege problemstillingar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV»,oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). • Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det føreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i arbeidspakke 4. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen,skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon:+47 55583653, eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no, telefon:+47 55583069 eller 97604624, eller arbeidspakkeleiar Peder Gammeltoft, e-post: peder.gammeltoft@uib.no. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i norsk fagspråk med fokus på berekraft ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i norsk fagspråk ved Senter for norsk fagspråk, som ligg under Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar. Planlagd oppstart er så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om Senter for norsk fagspråk Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret) som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd. Senteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen, i tillegg til nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren. Om stillinga Stillinga er knytt til fokusområde 1 Terminologi og fagspråk i Fagspråksenteret (2025-2033). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om kva rolle fagspråk spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Den som blir tilsett som stipendiat, vil delta i eit delprosjekt som skal forske på formidling av ekspertkunnskap innan området berekraft. Delprosjektet studerer kva som skjer språkleg når kunnskap skal implementerast, omsetjast og reartikulerast frå globale rapportar till ein norsk kontekst på ulike fagfelt, i sjangrar med ulik grad av fagleg spesialisering og i tekstar nytta i utdanning, næringsliv og forvaltning, slik som lærebøker, anna undervisningsmateriell, leksikonartiklar og verksemders berekraftsrapportar. Terminologi og fagspråk er eit viktig aspekt som vil bli vigd særskilt fokus i dette delprosjektet. Prosjektet vil nytta metodar frå korpuslingvistikk, terminologi, nyordsstudiar, fagomsetjing, etnografi og dokument- og diskursanalyse. Delprosjektet har nært samarbeid med nordiske partnarar som driv forsking innan berekraftsterminologi. Delprosjektet vil også samarbeide tett med Termportalen, den nasjonale infrastrukturen for terminologi som er ein del av Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket ved UiB. Det vil blant anna vere eit mål å utvikle parallellspråkleg terminologi innan fagfeltet. Meir informasjon om Fagspråksenteret kan du finne her. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan relevante fagfelt, til dømes språkvitskap, kulturvitskap, sosiologi og geografi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeids- og formidlingsevner. • Evne til å ta initiativ og sikre god gjennomføring i arbeidet. • Evne til å samarbeide i tverrfaglege fellesskap. • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit skandinavisk språk ved tilsetting. • God framstillingsevne på engelsk, skriftleg og munnleg. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane, inkludert erfaring med relevante metodar. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg spennnande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Prosjektskissa skal også vise korleis det foreslåtte prosjektet bidrar til forskinga i fokusområde terminologi og fagspråk. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som oppgir oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Kandidatar som allereie har doktorgrad på fagområde som overlappar med utlysinga vil ikkje bli vurdert. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon:+47 55583653 eller leiar for Fagspråksenteret Marita Kristiansen, e-post: marita.kristiansen@uib.no, telefon:+47 55583069/97604624. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:fakadm@hf.uib.no. Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivtsærbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for Sosialantropologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet. Institutt for Sosialantropologi er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med ei brei orientering både etnografisk og tematisk. For tida har 17 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorar og 25 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv etnografisk forsking i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Instituttet er aktiv i faglege diskusjonar og offentleg formidling, for eksempel gjennom månadlege fagseminar med internasjonale gjesteforskarar, og arrangerer Fredrik Barth-forelesninga annakvart år (sjå Fredrik Barth-forelesningen UiB). For vidare detaljar viser vi til instituttet sine nettsider: http://www.uib.no/antro. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vere avlagt innan fristen for søknaden. • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap. • Søkjarar må kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. • Søkjarar må kunne vise fagleg sjølvstende, evne til å planlegge og strukturere forskings- og undervisningsarbeide, og evne til å jobbe godt saman med andre. • Motivasjon for å bidra til instituttet si undervisning og faglege utvikling, samt erfaring med undervisning, undervisningsassistanse på universitets- eller høgskulenivå og fagformidling, vil òg bli positivt vektlagd. • Stillingas arbeidsstad er Bergen og kandidaten forventast å vera til stade ved Institutt for Sosialantropologi dagleg (med unntak av periodar med feltarbeid eller godkjend forskingsverksemd). Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. . Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Vi tilbyr: • Stilling som stipendiat (kode 1017) med brutto årsløn kr. 593 700, -. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging. • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Prosjektet: Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider pluss referanseliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Prosjekt som komplementerer den eksisterande tematiske og regionale kompetansen i fagmiljøet og styrker den faglege profilen som eit bredt generalistinstitutt vil prioriterast. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa. Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Prosjektskildring. • CV. • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. • Relevante attestar. • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). • Eventuelle publikasjonar. • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist: 15. September 2026. Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering. Generell informasjon: Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Geir Henning Presterudstuen, geir.presterudstuen@uib.no. Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no. Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Elina Troscenko, elina.troscenko@uib.no. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5