
Bjørnafjorden kommune Os barneskule · Bjørnafjorden
Os barneskule har ledig eit vikariat i 100 % eller meir som timelærar frå 01.08.2026-31.07.2027 Arbeidsstad Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2026...
Os barneskule har ledig eit vikariat i 100 % eller meir som timelærar frå 01.08.2026-31.07.2027
Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2026 - 2027 har vi 222 elevar og 34 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving, i tillegg til godt læringsmiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling fortrinnsvis på mellomtrinnet.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera godkjent av HK-dir.
Ønska kvalifikasjonar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk. I tillegg vil det vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter. Det er viktig å ha god kjennskap til LK-20 og planleggja for tverrfaglegheit og djupnelæring.
Skulen treng pedagogar som er tydelege, robuste og engasjerte klasseleiarar. Ein må vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, samt ein som har positive haldningar, bidreg til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og har stor arbeidskapasitet. Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringslova.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Laila Aarbakke, rektor, tlf.: 476 70 291, laaa@bjornafjorden.kommune.no
Stian Lunde, avdelingsleiar, tlf.: 930 38 850, stl@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i kommunen er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Arbeidsstad: Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2026 - 2027 er det om lag 155 kjekke elevar, og eit engasjert og stabilt personale med sterkt fokus på å skape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø for alle elevar. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing. Arbeidsoppgåver: - Kontaktlærarfunksjon - Individuelt tilrettelagt opplæring - Ordinær undervisning i klasse eller i gruppe - Samarbeid med foreldre, PPT, BUP og med fleire Skulen har behov for kompetanse innan: individuelt tilrettelagt opplæring, norsk, samfunnsfag, KRLE og kroppsøving. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Tilsette må kunne fungere som kontaktlærar. Vi ser etter medarbeidarar som: - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid - er framtidsretta innan digital undervisning - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer Kvalifikasjonar: - Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HR-dir. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Vi tilbyr: - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen - For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
100 % vikariat frå 01.08.2026–31.07.2027 Drøymer du om ein lærarjobb der du verkeleg får tid til å sjå den enkelte eleven? Baldersheim barneskule ligg vakkert til ved Bjørnafjorden, omgitt av natur og eit engasjert lokalmiljø. Skulen er liten, med om lag 16 elevar fordelte på to grupper. Dette gir gode moglegheiter for tett oppfølging, sterke relasjonar og tilpassa opplæring. Hos oss får du vere ein viktig vaksen i elevane sin kvardag og bidra til både fagleg og sosial utvikling i eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi har felles lokasjon med barnehagen og arbeider saman for å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø. Les meir om skulen her: https://baldersheim.barneskule.no/ Kvifor velje Bjørnafjorden kommune? Vi satsar på trygge og gode skulemiljø som legg til rette for læring, trivsel og meistring. Lesing og språk står sentralt i utviklingsarbeidet vårt. Nyutdanna lærarar får støtte gjennom mentorordning og faglege nettverk. Arbeidsoppgåver - Kontaktlæraransvar - Undervisning på 1.–7. trinn - Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning - Samarbeid med føresette og kollegaer - Deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid Kvalifikasjonar - Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet - God munnleg og skriftleg framstillingsevne - Nynorsk er administrasjonsspråk i Bjørnafjorden kommune For søkjarar med utdanning frå utlandet må utdanninga vere godkjend av HK-dir. Tilsetting føreset tilfredsstillande politiattest i samsvar med gjeldande regelverk. Kven ser vi etter? Vi ønskjer ein lærar som: - er ein trygg og tydeleg klasseleiar - byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer - har tru på at alle elevar kan lære og utvikle seg - er fleksibel og løysingsorientert - samarbeider godt med andre - ønskjer å bidra til utvikling av skulen Det er ønskjeleg med kompetanse i norsk, engelsk, naturfag og/eller teikn-til-tale. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr - Ein liten skule med korte avstandar og tett samarbeid - Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø - Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver - Moglegheit til å påverke og bidra til utvikling av skulen - Mentorordning og fagleg støtte for nyutdanna lærarar - Gode pensjons- og forsikringsordningar - Løn etter gjeldande avtaleverk For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens pensjonskasse på www.spk.no. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald. Alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skape eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpet av søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla. Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BankID-informasjon i søknadsprosessen. Kontaktperson Kari Anne Bergesen, rektor Mobil: 480 93 721 E-post: kab@bjornafjorden.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Me søkjer no etter ein sjølvstendig og løysingsorientert kontaktperson i 100% fast stilling. Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av undersøking og evaluering av hjelpetiltak kring barn og deira familiar, i tråd med Lov om barnevern. Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge. Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har starta arbeidet med å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. Sogndal kommune er vertskap for den nye tenesta, og det vil vere kontorlokasjon på begge sider av Sognefjorden. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten – og bidra til å forme korleis tenesta skal arbeide, samarbeide og utvikle seg. Du vil bli ein del av eit nytt og større fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Stillinga vil halde fram i den nye tenesta. Me har ledig: • Ei fast stilling, 100% kontaktperson/sakshandsamar Arbeidsoppgåver: Som kontaktperson/sakshandsamar vil arbeidskvardagen i hovudsak bestå av sakshandsaming etter Lov om barnevern, der du vil både ha ansvar for undersøkingar og oppfølging av hjelpetiltak. Du vil vere barn, unge og familiar sin nærmaste kontakt i barnevernet, og ha ansvar for å vurdere og sikre dei naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Arbeidet har ei hovudvekt av frivillige hjelpetiltak i heimen. Samtidig som det er forventa at du følg opp komplekse saker med både høg og akutt bekymring, og følg sakene i ev. rettslege prosessar. Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid. Kvalifikasjonar: • Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Søkarar med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan bli vurdert. • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner. • Ønskjeleg om erfaring frå kommunalt barnevern/tilgrensande tenester. • Ønskje om erfaring frå sakshandsaming. • Førarkort: klasse B/automatgir. • Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting. Me ser etter deg som har: • Erfaring frå kommunalt og/eller statleg barnevernsarbeid eller tilgrensande tenester. • Relasjonskompetanse. • Kompetanse i samtaler med barn. • Jus kompetanse. • Minoritetskompetanse. • Erfaring i konflikthandtering. • Erfaring frå det digitale fagprogrammet Visma Flyt barnevern Personlege eigenskapar: • Me søker ein kollega med høgt fagleg engasjement og integritet, med evne til å opptre raust, audmjukt og tydeleg overfor barn og familiar som er i behov av hjelp frå oss. • Du må vere ansvarsbevisst og sjølvstendig, og ha evne til å både ta eige initiativ og samtidig vere lydhøyr og lojal. • Du må ha gode haldningar og evne å samarbeide godt, både med familiar, internt i tenesta og med våre samarbeidspartnarar. • Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress. • Du er ein person som meistrar å oppretthalde ein god struktur, oversikt og fagleg perspektiv i arbeidet ditt. Du skal samtidig ha gode analytiske ferdigheiter. • Du er fleksibel og trivst med utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav. Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga Kva får du hjå oss: • Du får bidra til at risikoutsette barn og unge får betra sine omsorgstilhøve, og at familiar får ein betre kvardag. • Du får vere med å løfte oss slik at me kan gje barn, unge og deira familiar endå betre tenester. • Me har eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid intern og med andre. • Systematisk opplæring, og vekentleg rettleiing det første året. Deretter deltek du på/mottek du rettleiing annankvar veke. • Me er ein sosial og inkluderande gjeng som finn på kjekke aktivitetar i og etter arbeidstid. • Ein spanande og god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar og spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med å kvalitetsutvikla tenestene våre. • Ein variert arbeidskvardag, med stor fagleg og arbeidsmessig autonomi. Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, samtidig som det er forventing om noko justert arbeidstid for gjennomføring av t.d. heimebesøk og akuttarbeid. • Løn etter avtaleverket. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit. Intervju vert gjennomført 27. og 28 juli 2026. Link til søknadsskjema: Søk her