
Plan, Bygland Kommune · Bygland
Vil du vere med og forme Bygland kommune? Kommunalområdet Samfunn i Bygland kommune omfattar om lag 20 årsverk og har ansvar for plan, byggjesak, oppmåling, ...
Kommunalområdet Samfunn i Bygland kommune omfattar om lag 20 årsverk og har ansvar for plan, byggjesak, oppmåling, teknisk drift, landbruk, næring samt drift (vedlikehald og reinhald). Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert, og vi legg stor vekt på teambasert arbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet.
Fleire kommunar, deriblant Bygland kommune, vurderer å opprette eit felles plankontor. Dersom dette blir vedteke, kan det føre til endringar i stillinga.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og gode høve til å påverke. Du vil arbeide med heile planprosessen, frå kontakt med grunneigarar og samspel med politisk nivå, til gode interne prosessar i Samfunnsavdelinga og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å skrive føresegner, utarbeide plankart ved hjelp av kommunen si programvare, samt å forstå samanhengen mellom planlegging og anna relevant lovverk.
Vi ber alle søkjarar leggje ved dokumentasjon på utdanning, attestar og vitnemål i søknaden. Dokumentasjonen vert brukt til å stadfeste kvalifikasjonane som går fram av CV, og ved lønsfastsetjing.
Opplysningar om søkjarar kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om fritak frå offentlegheit. Dersom fritak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren verte varsla (jf. offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
Kvalifikasjoner
eller anna relevant høgare utdanning.
Er samfunnsengasjert og har interesse for samfunnsutvikling.
og kollegaer.
Vi tilbyr
handlekraftig.
KontaktinformasjonAslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675
ArbeidsstedSentrum 18
4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune
Referansenr.: 5154801712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Har du lyst på ein spennande jobb med varierte oppgåver innan plan- og bygningslova? Årdal kommune søkjer ein engasjert rådgjevar/sakshandsamar til plan- og byggesaksavdelinga vår i ei 100% fast stilling. Det blir lagt til rette for at vedkommande over tid vert ein del av overordna vaktberedskap innan brann i kommunen. Arbeidsoppgåver • Vurdere og handsame søknader, dispensasjonar og klager i samsvar med plan- og bygningslova • Gje rettleiing og råd til innbyggjarar, utbyggjarar og arkitektar • Tilsyn oppgåver etter plan og bygningslova • Ajourhald av matrikkel • Delta i tverrfagleg samarbeid internt i kommunen • Overordna vaktberedskap innan brann Kvalifikasjonar • Relevant høgare utdanning gjerne innan tekniske fag, beredskap, eller samfunnssikkerheit • Godt kjennskap til og interesse for plan- og bygningsrett • Gjerne med erfaring frå kommunal sakshandsaming • Meistre norsk munnleg og skriftleg godt • Gode digitale ferdigheiter Personlege eigenskapar • Sjølvstendig, effektiv og løysingsorientert • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling • Trivst med sjølvstendig arbeid, men fungerer også godt i team • Førarkort klasse B Kva me tilbyr • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit fagfelt i utvikling • Godt og uformelt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering • Gode pensjons- og forsikringsordningar Stilling er lagt innanfor området miljø og samfunn. Ein er rådgjevar/sakshandsamar og yter service til innbyggarane innan for plan og bygningslova. I tillegg vil ein på sikt bli med i overordna vaktberedskap, og ein må pårekna å gjennomføra utdanning ved Brann og redningskulen. For nærare informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt. Andre opplysningar: • Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering • Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing Link til søknadsskjema: Søk her
Luster kommune har ledig ei spennande stilling som rådgjevar for politisk sekretariat. Me søkjer deg som har interesse for politikk, lokaldemokrati og forvaltning. Som rådgjevar for politisk sekretariat vil du ha ansvaret for å legge best mogeleg til rette for den politiske aktiviteten i Luster kommune, og vere ein koordinerande ressurs for ordførar og kommunedirektør. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. Stillingsinformasjon • 100% fast stilling som rådgjevar for politisk sekretariat. Oppstart etter avtale Om arbeidsstaden • Administrativ leiing held til i rådhuset lokalisert til tettstaden Gaupne, og med kort veg til nabokommunen Sogndal som også har flyplass. Arbeids- og ansvarsområde • Bidra aktivt i planlegging, gjennomføring og oppfølging av all politisk møteaktivitet, med ansvar for dokumenthåndtering, innkallingar, referatføringar og oppfølging av politiske vedtak etter møta. Møta er på dagtid • Utarbeide og følgje opp rutinar og system for den politiske aktiviteten og koordinering med administrativ leiing • Gje råd og rettleiing knytt til politisk sakshandsaming og oppfølging av reglement • Ha tett dialog med administrative leiarar og sakshandsamar knytt til politisk møtesekretariat • Ansvarleg for gjennomføring av stortingsval, fylkesting- og kommuneval • Gjennomføre sakshandsaming til råd, utval og kommunestyre og for administrativ leiing • Delta i utvikling og digitaliseringsarbeid Kvalifikasjonar • Relevant høgare utdanning, gjerne juridisk eller samfunnsvitskapleg • God kjennskap til offentleg forvaltning • Erfaring frå offentleg forvaltning og relevant lovgjeving er ønskjeleg • God rolleforståing og kjennskap til forholdet mellom politikk og administrasjon • Personlege eigenskapar vert vektlagt høgt Personlege eigenskapar • Du må ha interesse og forståing for politikk, lokaldemokrati og forvaltning • Du er strukturert og systematisk • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst • Du samarbeider med alle og har god skriftleg og munnleg framstillingsevne • Du er ein trygg og tillitsskapande person • Du er serviceinnstilt, fleksibel og effektiv i arbeidet Me kan tilby • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Løn etter kvalifikasjonar og gode pensjons- og forsikringsordningar Andre opplysningar • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du gjere ein reell forskjell for folk som treng det mest? For oss handlar transport om fridom Nokre tek det for gitt å kunne reise dit dei vil, når dei vil. For mange av dei vi hjelper, er det ikkje slik. Som rådgjevar i tilrettelagt transport blir du ein nøkkelperson for menneske med nedsett funksjonsevne – folk som er avhengige av at nokon ser, forstår og handterer saka deira med både fagleg skjønn og menneskelegheit. Om oss Vestland fylkeskommune forvaltar viktige samfunnsoppgåver, og spelar ei sentral rolle i utviklinga av regionen. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke. Hos oss møtest jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning - og kvardagen er alt anna enn einsformig. Vi har no ein ledig stilling og ser etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som vil vere med å gjere ein forskjell - kvar einaste dag. Arbeidsoppgåver Som rådgjevar hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver vere mellom anna: • Saksbehandling – Du vurderer søknader om tilrettelagt transport grundig og heilskapleg, basert på søknad, eigenerklæring og legeerklæring • Kundekontakt – Du er ein trygg og hyggeleg stemme i telefonen for søkarar som treng rettleiing og svar • Individuelle vurderingar – Kvar sak er unik. Du ser mennesket bak papira og gjer faglege vurderingar med varsemd og integritet • Tverrfagleg samarbeid – Du jobbar saman med engasjerte kollegaer i eit fagmiljø som set brukarane i sentrum Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har • mastergrad innanfor administrasjon, samfunnsfag, helse eller liknande relevante fagfelt. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad, men med bachelorgrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar. • gode norskkunnskapar og sterk skriftleg og munnleg framstillingsevne – du formulerer deg presist og forståeleg • solid digital kompetanse og er komfortabel med å setje deg inn i nye system og verktøy Dette er ein fordel, men ikkje eit krav • erfaring frå saksbehandling, kundekontakt eller helse-/sosialteneste • Kjennskap til forvaltningslova Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • lyttar godt og kommuniserer tydeleg – du finn dei rette orda, anten det er i ein vanskeleg telefonsamtale eller i eit skriftleg vedtak • trivst med komplekse saker der skjønn og fagleg vurdering tel meir enn ein fasit • er nysgjerrig og lærevillig – du set deg raskt inn i nytt regelverk, nye rutinar og nye situasjonar utan å miste oversikta • møter kvart menneske med respekt og verdighet, uavhengig av bakgrunn og livssituasjon • er ein god lagspelar, men er samstundes trygg nok til å stå for eigne faglege vurderingar Du kjenner deg att i verdiane våre: open, kompetent og modig. Hos oss er det lov å stille spørsmål, prøve nye løysingar – og lære av dei gongene det ikkje gjekk heilt som planlagt Vi tilbyr Hos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling. I tillegg tilbyr vi: • Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag • Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Løn etter avtale • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar • Arbeidsstad Leikanger KontaktinformasjonJanne Dokken, seksjonssjef, 95089918 ArbeidsstadAskedalen 3 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5151901094 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026