
Svingen barnehage · Fitjar
Svingen barnehage har ledig 80 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.26 til 24.12.26, med mogleheit for forlenging ut barnehageåret. Svingen barnehage har ei...
Svingen barnehage har ledig 80 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.26 til 24.12.26, med mogleheit for forlenging ut barnehageåret.
Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og vil til hausten 2026 ha fire avdelingar.
Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Førebyggjande helsetenester har ansvar for helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste 6-20 år, svangerskaps- og barselomsorg, fysioterapiteneste til born/ungdom, helsestasjon for ungdom, flyktninghelseteneste og smittevern/reisevaksinering. Tenesta skal fremje psykisk og fysisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold og gjennom helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid, medverke til ei god folkehelse. Det er ledig vikariat i 100% stilling for Fysioterapeut - for barn og ungdom 0-16 år, i perioden 01.09.2026 - 31.08.2027 Ergoterapeut vil verta vurdert om det ikkje er søkjarar med fysioterapeututdanning. Arbeidsoppgåver: • Oppfølging av barn med særskilte behov 0-16 år • Undersøking og oppfølging av born med motoriske vanskar/skeivutvikling • Drift av helsestasjonsgrupper, i samarbeid med helsesjukepleiar • Koordinering av tenester til barn med langvarige, samansette behov • Undervisning, rettleiing og oppfølging av personale i barnehagar og skular • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar • Tilrettelegging av fysisk miljø/tilpassing av hjelpemiddel • Dokumentasjon i tråd med føringar Me ønskjer ein person som: • Er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert • Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis • Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig • Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som fysioterapeut, om ikkje det er søkjarar med fysioterapeut utdanning så vil ein vurdere søkjarar med ergoterapeut utdanning. • Relevant erfaring med barn og unge vert vektlagt • Søkjar må beherske norsk, munnleg og skriftleg • Den som vert tilsett må ha førarkort • Gyldig politiattest Me kan tilby: • Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver • Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift • Høgt fagleg nivå • Etablert tverrfagleg samarbeid • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk i kommunen • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm • Offentleg tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg -- bli med på laget vårt! Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse-- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord. **Me har ledig fast 100% stilling for vernepleiar.**Stillinga har todelt turnus, arbeid 4. kvar helg med langvakter Me ynskjer deg som: • Har høgt engasjement for barn og unge, og gjerne erfaring med brukargruppa • Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel • Vil vera med å ta ansvar og ha ulike koordinatoroppgåver for våre barn og ungdommar • Som lyttar til barnet/ungdommen sin kommunikasjon med respekt og vil samhandla med barnet/ ungdommen til å løysa ulike oppgåver og utfordringar saman • Som likar å vera ein lagspelar og arbeida systematisk saman med resten av laget rundt barnet • Har kjennskap til, og helst erfaring, med alternativ supplerande kommunikasjon - ASK • Du har gjerne interesse for bruk av musikk som eit miljøterapeutisk tiltak Kvalifikasjonskrav: • Norsk autorisasjon som vernepleiar eler sjukepleiar • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. • Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Me kan tilby: • Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø • Godt arbeidsmiljø • Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm. • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk • Offentleg tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Vil du bli vår nye pianolærar? Fitjar kulturskule har frå 1 august 2026 ledig 40% fast stilling som lærar på piano. Dette er 2. gangs utlysing og interjuv og tilsetjing kan skje fortløpande. Arbeids- og ansvarsområde: • Undervise på piano • Undervisninga er lagt til Rimbareid barne- og ungdomsskule • Søkjar må ha evne til å arbeide kreativt og sjølvstendig. Me ser etter deg som har: • Interesse for å undervise på piano • Evne til å skapa eit trygt og inspirerande læringsmiljø • Erfaring frå undervisning og arbeid med barn og unge Kvalifikasjonar: • Søkjar bør ha høgare utdanning i musikk og relevant pedagogisk utdanning/erfaring. Løns og arbeidsvilkår vert etter avtale, og i samsvar med kommunalt avtaleverk. For nærare opplysningar kontakt rektor i Fitjar kulturskule, Håvard Kroka, tlf: 90 87 55 94.