Fjaler sjukeheim har ledig ei 100 % fast sjukepleiarstilling og søkjer etter fagleg sterke og motiverte medarbeidarar som å ynskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre. Vi har og ledige vikariat grunna svangerskapspermisjon.
Sjukeheimen har årsturnus over 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det er også mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg – denne ordninga er per no frivillig.
I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at tilsette skal få nye oppgåver og meir ansvar, og at sjukepleiarar på sikt får arbeide meir systematisk med sjukepleiarfagleg kompetanse. Samstundes ser vi på framtidige løysingar for teamarbeid i kommunen.
Vårt mål er å yte gode tenester. Vi har varierte og spanande arbeidsoppgåver, både for nyutdanna og for deg med lang erfaring. Vi søkjer deg som har interesse for eldreomsorg, er engasjert i fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ønskjer å bidra til at bebuarane våre har eit godt liv på sjukeheimen.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Fjaler