Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre.
Medisinsk sengepost 1 og 2 har flytta inn i nytt og moderne sjukehus, og sengepostane samarbeidar tett med kvarandre.
Hos oss får du ein kvardag prega av stor variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje, lene og støtte deg på. Det er gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Som sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Vi har 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det. Vi tilbyr også langvakter i turnus på helg.
Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg.
Søkjar med relevant erfaring vil bli prioritert
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ein av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur.
Medisinsk sengepost ønskjer å komme i gang med langvakter og vil tilby dette til dei som ønskjer det.
KontaktinformasjonAnne Mari Indrebø, (+47) 909 20 435
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5170981877
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sunnfjord