
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune · Gloppen
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri. Vi søkjer etter en...
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.
Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane.
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som
Vi tilbyr
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.
KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5152023787
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Bu- og omsorgstenesta har ledige fagstillingar som helgevikarar på Gotatoppen, Oreteigen og Skjerma avdeling. Er du den vi ser etter? Stillingsprosent 14 % - 20 %, med arbeid anna kvar eller tredje kvar helg. Oppstart etter avtale. Som tilsett hos oss vil du få meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn omsorgsarbeidet og i det miljøterapeutiske arbeidet. Vi arbeider etter følgjande verdiar: Kunnskap, omsorg, mot og tillit. Vi er opptekne av god kvalitet på tenestene og er stolte av arbeidsplassen vår. Innkomne søknader vil bli handsama fortløpande. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktiviteter i forhold til pasient/ pasientgruppa.Kvalifikasjonar • Det er krav til fagutdanning som anten helsefagarbeidar eller sjukepleiar i stillingane. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg er viktig. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Personlege eigenskapar • Vi ønskjer oss medarbeidarar som er opptatt av at pasientane kjenner tryggleik, respekt, trivsel og ivaretaking av eigne behov. • Du må kunne vise omsorg, empati og respekt. • Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan medverke til eit godt arbeidsmiljø. • Interesse for å jobbe med mennesker • God samarbeidsevne Vi tilbyr • God opplæring i avdelinga sine oppgåver og rutiner utifrå kvalifikasjonar. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5147562735 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Vi har ledig to 100 % faste stillingar for sjukepleiar eller vernepleiar i turnus, på avd. Oreteigen😊 Vaktene er fordelt på dag, kveld og ca. 3. kvar helg. Oreteigen er ei bueining for eldre med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning, Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp og det set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt. Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg Arbeidsoppgåver • Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane. • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse. • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar • Samarbeid med pårørande Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Beherske norsk skriftleg og muntleg. Krav om språkferdigheiter på B2-nivå. • Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen Personlege eigenskapar • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel • Ser sjukepleiar-/vernepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i avdelinga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane. • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert • Trives med endringar og nytenking • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag Vi tilbyr • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande. • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For nytilsetting i kommunen er det innført eit rekrutteringsstillegg for turnusstillingar. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding Kontaktinformasjon Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152027142 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, meiningsfull og fagleg spennande arbeidskvardag? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt! Vi har no ledig 100 % fast stilling, tredelt turnus. Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling og arbeidsmiljø for å vere i stand til å gje eit best mogleg tilbod til våre tenestemottakarar. Vi gjev tenester til alle aldersgrupper. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt. Nyskjerrig? Ta kontakt eller søk no! Arbeidsoppgåver • - Sikre høg kvalitet på sjukepleie og bidra til eit trygt og godt miljø for pasientane våre - Stell og pleie, administrering av medisinar, og tilrettelegging og rettleiing av ulike sjukepleieoppgåver. - Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi - Vere ein viktig del i vårt tverrfagleg samarbeid med andre fagpersonar - Vere ein trygg fagleg ressurs for kollegaer og bidra til kontinuerleg kompetanseheving. - Rettleie og undervise studentar, lærlingar og kollegaer. - Legge til rette for at medisinsk behandling kan gjennomførast i heimen - Bidra til utvikling i heimetenesta vår Kvalifikasjonar • Godkjent utdanning som sjukepleiar eller vernepleiar • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Førarkort for personbil • Det er ønskeleg med erfaring frå heimetenesta, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. • Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis. • Du må vere fagleg engasjert • Vere ein god rollemodell for andre • Støtte for kollegarer, studentar og lærlingar • Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar i ein variert arbeidsdag og har evne til å motivere medarbeiarar og ivareta eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr • Kjekke kollegaer og godt miljø • Primærteam • Varierte og utfordrande arbeidsoppgaver i ei teneste som arbeider med endring knytt til TØRN • Fellesskap. Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der vi bryr oss om kvarandre og feirar små og store sigrar saman. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. • God sjukepleiedekning • Vi er i gang med å sjå på nye og ulike turnusar i tenesta For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonCecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601 Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152327023 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026