I heimetenesta i Gol kommune får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der ingen dagar er like. Hos oss møter du menneske i alle livsfasar, byggjer tillitsfulle relasjonar og bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet i kvardagen. Vi har ansvar for om lag 200 brukarar med ulike behov, og arbeider målretta for å fremje helse, førebyggje sjukdom og støtte den enkelte i å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv. Vi legg vekt på å sjå heile mennesket og ta utgangspunkt i brukarane sine eigne ressursar, ønskje og mål.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar til ei fast 100 % stilling. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, der samarbeid, utvikling og kvalitet står i sentrum. Her får du brukt breidda i sjukepleiefaget, tett samarbeid med dyktige kollegaer og høve til å påverke utviklinga av tenestene våre.
Stillinga inngår i todelt turnus med arbeid kvar fjerde helg. Helgevaktene er langvakter på 12,5 timar, noko som gir gode periodar med samanhengande fritid. Som sjukepleiar vil du arbeide både i omsorgsbustader og ute i heimetenesta.
Velkomen til eit fagmiljø som brenn for gode tenester og menneska vi er til for.
I heimetenesta får du brukt breidda i sjukepleiefaget. Du tek sjølvstendige vurderingar, handterer varierte problemstillingar og samarbeider tett med andre faggrupper.
Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre. Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Gol