
Tenesteområde Butenester · Haram
Butenesta i Haram søker tilkallingsvikarar på dag, kveld, natt og helg i barnebustad og barneavlastning. Vi søker etter miljøterapeut, sjukepleiar, vernepleiar,...
Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-års periode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Rettleiaren "Gode helse-og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN.
Stillingane er ledig omgåande.
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers. Vi har jevnleg miljøterapeutmøte der ein kan dele og søke kunnskap med kollegaer. Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe med ulik utdanning og kompetanse.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonAmanda Kristin Rise, Avdelingsleiar barnebustad og avlastning, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
ArbeidsstadUlvestadvegen 6
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5105672128
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 20.04.2026
Søknadsfrist: 31.12.2026
Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester. Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorg til brukarar • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar • Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje • Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd • Personlege eigenskapar vert vektlagt Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Likar å jobbe med menneske • Fleksibel og løysingsorientert • Tek ansvar og samarbeider godt • Møter andre med respekt og varme • Kan jobbe sjølvstendig når det trengst • Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø • Godt humør og ei positiv framtoning • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme Vi tilbyr • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte • Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på • Variert arbeid i møte med mange ulike menneske • God opplæring • Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb • Løn etter tariff KontaktinformasjonIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no ArbeidsstedStorgata 20 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5101749617 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.01.2027
Butenesta i Haram søker tilkallingsvikarar på dag, kveld, natt og helg i Haram bustader 1, Haram bustader 2 og Solbakken bukollektiv. Vi søker etter miljøterapeut, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar og assistentar. Vi har hovedkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovedsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester. Butenesta skal i ein 4-års periode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Rettleiaren "Gode helse-og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN. Stillingane er ledig omgåande og aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju. Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning. Vi har ei tverrfagleg samansett personalgruppe med ulik utdanning og kompetanse. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistring av oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Arbeidsoppgåver • Målretta miljøarbeid. • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønsker. • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette. • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar. • Dokumentering etter gjeldande prosedyrar og lovverk. • Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar etter vedtak og behov. • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå. • Legemiddelhandtering Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller anna treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar. • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team. • Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg. • Førarkort kl. B. • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Viser initiativ og er kreativ. • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert. • Har ønske om å utvikle deg og tileigne deg ny kunnskap og erfaring. • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande. • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson. • Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. • Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral. • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd. • Er lojal og stabil. Vi tilbyr • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling. • Rom for å vere kreativ. • Løn etter gjeldande tariffavtale. KontaktinformasjonBeate Håholm Dahl, Avdelingsleiar Haram bustader 2 og Solbakken bukollektiv, 96517530, Beate.Haholm.Dahl@haram.kommune.no Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no ArbeidsstadBrattvåggata 19 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5113148462 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 04.05.2026 Søknadsfrist: 28.06.2026
Fjord1 søkjer no etter dyktige og fleksible tilkallingsvikarar til fleire av våre ferjesamband i region Vestland. Vi har behov for skipsførar, navigatørar, maskinistar, maskinsjefar og matrosar, og ønskjer å knyte til oss kandidatar som kan bidra til trygg og stabil drift når behov oppstår. Aktuelle samband: • Fedje – Sævrøy • Leirvåg – Sløvåg • Hatvik – Venjaneset • Halhjem – Våge • Krokeide – Hufthamar • Husavik – Sandvikvåg • Langevåg – Buavåg Behovet for vikarar vil variere gjennom året. I enkelte periodar kan det vere behov for mannskap som kan gå heile arbeidsperiodar, medan det i andre periodar kan vere aktuelt med enkeltvakter på kort varsel. Det er moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden, men det er ein fordel om du bur i nærleiken, då behovet kan variere i tråd med skift og turnus. Reise til og frå arbeidsperioden vert dekt av rederiet. Tiltreding etter avtale. Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla. Kvalifikasjonar • For navigatører: Minimum D3-sertifikat, ROC/GMDSS-sertifikat, ferdigheitssertifikat medisinsk behandling. • For matroser: Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros. • For maskinister: Minimum D3 og FSE Gjelder for alle: • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta • Krise-og passasjerhandtering • Gyldig helseattest • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar. Vi tilbyr • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund/Sjømannsforbund/Maskinistforbund • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode. KontaktinformasjonAudun Bergesen , Operativ Leder , audun.bergesen@fjord1.no Arbeidssted 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 AS Referansenr.: 5154523236 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026