
Avdeling for teknologi og dataflyt, Klinikk for medisinske tenester og beredskap · Haugesund
Ver med og sikre trygg og moderne teknologi for pasientbehandling. Vi søkjer no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman. Helse Fonna søkjer...
Ver med og sikre trygg og moderne teknologi for pasientbehandling. Vi søkjer no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna søkjer ein funksjonsleiar for teknologi og medisinsk teknikk som vil ha ansvar for ein kritisk del av helsetenesta – teknologien som blir brukt direkte i pasientbehandling.
Dette er ein jobb med meining – der du bidreg til at livsviktig utstyr fungerer, er trygt å bruke og blir utvikla i takt med behova i helsetenesta.
Du vil leie arbeidet med forvaltning, drift og utvikling av medisinteknisk utstyr, og vere eit viktig bindeledd mellom kliniske miljø, teknologi og leverandørar.
Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for helsedata og dataflyt (annonse ute).
Du får personalansvar for ein seksjon med 18 medarbeidarar innan medisinteknisk utstyr. Rolla kombinerer leiing, operativ oppfølging og fagleg utvikling – med ansvar for både dagleg drift og langsiktig utvikling av området.
Dette er ei sentral rolle for pasienttryggleik og kvalitet i helsetenesta, der du samarbeider tett med kliniske miljø og brukarar. Du får ansvar for avansert og samfunnskritisk teknologi, og vil vere ein viktig bidragsytar i modernisering og digitalisering av medisinteknisk utstyr. Samstundes får du høve til å påverke korleis teknologi blir brukt i framtidas helsetenester, med stor påverknadskraft på prioriteringar og vidare utvikling.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
KontaktinformasjonSimen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5126115980
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman. Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata. Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar. Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for teknologi og medisinsk utstyr (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 21 medarbeidarar som jobbar med systemforvaltning, integrasjonar og helsedata/pasientdata. Rolla kombinerer operativt ansvar, fagleg leiing og prosjektarbeid – du vil vere tett på både folk, teknologi og leveransar, samstundes som du bidreg til å utvikle retning og beste praksis for dataflyt i Helse Fonna. Dette er ein jobb med meining – der arbeidet ditt direkte bidreg til betre pasientbehandling, meir effektive arbeidsprosessar og auka kvalitet i helsetenesta. Kva går jobben ut på? • Leie og utvikle seksjonen, med ansvar for medarbeidarar og fagmiljø • Sikre stabil drift og god forvaltning av pasientdatasystem • Ha ansvar for integrasjonar og samspel mellom system • Leie og bidra i prosjekt, samt prioritere og forbetre arbeidet kontinuerleg • Samarbeide med kliniske miljø og sikre personvern og informasjonssikkerheit • Vidareutvikle struktur, arkitektur og beste praksis for dataflyt Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Relevant høgare utdanning innan IT, teknologi, helse eller liknande • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav • Erfaring med prosjektleiing eller leiing av større leveransar • God forståing for personvern og informasjonssikkerheit • Ønskeleg med erfaring innan integrasjonar mellom system (til dømes API-ar, meldingsutveksling eller dataplattformer) • Ønskeleg med erfaring med systemforvaltning eller dataplattformer • Ønskeleg erfaring med helsedata eller kliniske system Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • trivst med å kombinere leiing, prosjektarbeid og operativt arbeid • har god teknologiforståing og interesse for systemintegrasjon • er strukturert og evnar å drive fram komplekse leveransar • er løysingsorientert og får ting til å skje • byggjer gode relasjonar og samarbeider på tvers • kommuniserer godt med både tekniske miljø og brukarar Personlege eigenskapar blir vektlagt Kvifor skal du velje oss? • Ei sentral rolle innan eit område med stor utvikling • Ein jobb med meining – du bidreg direkte til betre helsetenester • Moglegheit til å påverke korleis helsedata blir brukt i praksis • Eit sterkt, tverrfagleg miljø innan teknologi og helse • Gode utviklingsmoglegheiter • Trygge rammer og gode pensjonsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSimen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5126114633 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.08.2026
Er du interessert i menneske, logistikk og teknologi? Då kan du vere den rette til å leie produksjonseininga vår i Hospitaldrift Tekstilforsyning. Vaskeriet vårt søkjer ein ny seksjonsleiar. Her vil du møte engasjerte medarbeidarar og få ein aktiv og variert arbeidskvardag. I tillegg til leiar- og driftsansvar for vaskeriet vil du arbeide med prosjekt innan tekstilforsyning til sjukehuset, prosjektstyring internt i vaskeriet og samarbeid med andre einingar i Hospitaldrift. Tekstilforsyning er éi av sju einingar i Hospitaldrift, som igjen er ei viktig avdeling i Drift/teknisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus. Divisjonen omfattar sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Tekstilforsyning har som hovudoppgåve å levere ei berekraftig teneste og er hovudleverandør av tekstilar til sjukehusdrifta i Helse Bergen. Som seksjonsleiar får du gode moglegheiter til å utvikle seksjonen, medarbeidarane dine og deg sjølv. Ditt bidrag kan gjere kvardagen enklare for pasientar og tilsette ved sjukehuset. Du vil ha ei sentral rolle i arbeidet med forbetringsprosessar og logistikk i eiga eining, i samarbeid med brukarane og kundane våre, samt med andre avdelingar ved sjukehuset. Vi søkjer ein leiar som ser den enkelte medarbeidaren, bidrar til eit positivt og berekraftig arbeidsmiljø, og som kan vidareutvikle og forbetre prosessane og samarbeidsevna vår. Du vil få med deg dyktige medarbeidarar og nøkkelpersonar i drifta. Som seksjonsleiar inngår du i leiargruppa for eininga. Arbeidsoppgåver Som seksjonsleiar vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta og den vidare utviklinga av seksjonen. Du vil mellom anna: • Leie, organisere og vidareutvikle seksjonen i tråd med mål og strategiar • Ha heilskapleg fag-, økonomi- og personalansvar • Sikre god drift og oppfølging av system for teknisk vedlikehald av maskinparken • Leggje til rette for opplæring, kompetanseutvikling og fagleg vekst hos medarbeidarane • Delta i og leie anskaffings- og investeringsprosessar for seksjonen • Vere ein aktiv del av leiargruppa i eininga og bidra til godt samarbeid på tvers av fagområde og avdelingar • Drive kontinuerleg forbetringsarbeid innan drift, logistikk og arbeidsprosessar • Byggje gode relasjonar med kundar, brukarar og samarbeidspartnarar internt i sjukehuset Dette er ei stilling for deg som trivst med å kombinere menneskeleg leiing, operativ drift og strategisk utviklingsarbeid. Som seksjonsleiar får du høve til å påverke både tenestene vi leverer og arbeidskvardagen til medarbeidarane dine. Kvalifikasjonar • Vi søkjer ein erfaren og utviklingsorientert leiar med relevant høgare utdanning innan tekniske fag, logistikk eller tilsvarande • Du har god forståing for drift, logistikk og forbetringsarbeid, og trivst med å bruke data og digitale verktøy som grunnlag for styring og utvikling • Erfaring frå produksjonsverksemd eller vaskeri er ein fordel • Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg, og har evne til å skape engasjement, samarbeid og resultat gjennom andre Personlege eigenskapar • Vi søkjer deg som ønskjer å vere ein viktig ressurs i utviklings-, endrings- og forbetringsarbeid. Du ser den enkelte medarbeidaren sine styrkar og utviklingsmoglegheiter, og er oppteken av å leggje til rette for meistring, engasjement og fagleg vekst • Du har ein inkluderande leiarstil og skapar gode resultat gjennom samarbeid. Som leiar kommuniserer du tydeleg, byggjer tillit og etablerer gode relasjonar både internt og eksternt. Du trivst med å arbeide saman med andre, er løysingsorientert og bidreg til eit positivt og berekraftig arbeidsmiljø Vi tilbyr Hos oss får du leie ein viktig seksjon med eit samfunnskritisk oppdrag. Tekstilforsyning er ein sentral støttefunksjon som er avgjerande for smittevern, pasienttryggleik og effektiv sjukehusdrift. • Ei veldriven seksjon med dyktige medarbeidarar som legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og gode resultat • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer • Varierte og spennande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Ein arbeidsplass ved Haukeland universitetssjukehus, ein av dei største arbeidsplassane på Vestlandet • Gode moglegheiter for opplæring og vidareutdanning • Fleksibel arbeidstid • Løn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar og eit breitt tilbod av aktivitetar og fritidstilbod Som seksjonsleiar får du høve til å påverke utviklinga av ei viktig teneste for sjukehuset, samtidig som du bidreg til gode og trygge pasientforløp kvar dag. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKjersti Helen Røli Hope, Einingsleiar, 55974890 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5154936847 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.08.2026
Vil du jobbe med moderne laboratoriedrift og bidra til rask og presis diagnostikk for pasientane våre? Vi har ledig ei spennande stilling som fagingeniør ved patologilaboratoriet vårt i avdeling for laboratoriemedisin. Her får du jobbe i eit moderne fagmiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka. På avdelinga har vi teke i bruk ny og avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig i utvikling. Vi arbeider med diagnostikk av sjukdomar gjennom undersøking av vev- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår, og arbeidet er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose. Som fagingeniør hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk og persontilpassa behandling til kreftpasientar. No leitar vi etter ein engasjert fagingeniør til ei fast heiltidsstilling. Dette er ei dagstilling med varierte arbeidsdagar. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring. Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Dersom dette er av interesse, ber vi deg skrive det i søknaden. Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne søkjarar velkomne til å søkje. Oppstart er etter avtale. Velkomen til å søkje hos oss! Arbeidsoppgåver • Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid. • Betene og vedlikehalde medisinsk-teknisk utstyr. • Delta i laboratoriet sitt kvalitets- og forbetringsarbeid. • Rullere mellom arbeidsoppgåver innan fleire fagområde. • Ha delansvar for fagområdet immunhistokjemi. • Vere stadfortredar for fagansvarleg ved korttidsfråvær og ferie. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Bioingeniør med norsk autorisasjon • Anna relevant utdanning og erfaring kan også bli vurdert • Kompetanse og erfaring innan immunhistokjemi og/eller patologi er ønskeleg, men ikkje eit krav. • Erfaring og kompetanse frå klinisk medisinsk laboratorium og kvalitetssikringssystem er ein fordel. • Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel. • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar eit høgt tempo • har god arbeidskapasitet og er motivert for å utvikle deg i fagfeltet • bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø • har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta, strukturert og nøyaktig • tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg til god flyt i arbeidsdagen • ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp • står trygt i krevjande situasjonar Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? • Løn etter avtale, ut frå dokumenterte kvalifikasjonar og erfaring. • Eit triveleg og aktivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar. • Eit laboratorium og eit fagområde i utvikling. • Ein spennande og utfordrande jobb med gode høve til fagleg og personleg utvikling. Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHåvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152531047 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.08.2026