
Linja AS · Herøy (møre Og Romsdal)
Linja byggjer, vedlikeheld og driftar eit straumnett rusta for framtida. Våre dyktige fagfolk løyser utfordringar som gjer regionen meir berekraftig, og gir kra...
Linja byggjer, vedlikeheld og driftar eit straumnett rusta for framtida. Våre dyktige fagfolk løyser utfordringar som gjer regionen meir berekraftig, og gir kraft til nyskaping og utvikling.
Som eitt av dei største nettseselskapa i landet, forsyner vi over 100 000 kundar frå Askvoll i sør til Ålesund i nord med straum. Vi er nær 300 tilsette på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Aktiviteten i nettet aukar, og vi har mange spennande prosjekt og eit omfattande investeringsprogram. Derfor ønskjer vi fleire dyktige prosjektleiarar med på laget.
Hos oss får du ansvar for å drive prosjekt trygt og effektivt frå planlegging til gjennomføring, i tett samarbeid med fagmiljø og samarbeidspartar.
Avdelinga sitt ingeniørmiljø er knytt til våre kontor i Dragsund, Florø, Måløy, Nordfjordeid, Sandane, Stranda, Stryn og Ålesund. Vi legg til rette for at du kan ha oppmøteplass på ein av desse lokasjonane.
Samfunnet krev stadig meir av straumnettet. I denne stillinga får du vere med å utvikle og styrke denne kritiske infrastrukturen som er avgjerande for samfunnsutvikling og verdiskaping.
Vil du bli med å utvikle straumnettet for framtida? Vi gler oss til å lese søknaden din! Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar Ved Det samfunnsvitskapelege fakultet, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei midlertidig fulltidsstilling som forskar for ein periode på 2 år. Stillinga er knytt til prosjektet RAISE: Monitoring Hub for Mapping and Surveying Responsible Artificial Intelligence and Societal Engagement in the Nordic Region, finansiert av Nordforsk-programmet Responsible Use of Artificial Intelligence. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Om prosjektet: RAISE undersøkjer korleis kunstig intelligens (KI) påverkar avgjerder, skjønsutøving og tilliten til offentlege institusjonar i Norden. Prosjektet tek utgangspunkt i eit samfunnsvitskapeleg rammeverk for ansvarleg bruk av KI, med vekt på «digital verdigheit», rettvis representasjon, anerkjenning og innbyggjarinvolvering. Gjennom kartlegging og komparative analysar av KI-bruk på tvers av sektorar og land utviklar prosjektet ny kunnskap om korleis KI inngår i og omformar offentleg forvaltning og styring. Prosjektet kombinerer empirisk kartlegging med teoretisk utvikling og legg særleg vekt på implikasjonar for demokrati, forvaltningspraksis og legitimitet. Som ein del av arbeidet blir det etablert ei felles nordisk plattform for å analysere, overvake og synleggjere korleis KI påverkar offentleg sektor. Om stillinga og arbeidsoppgåver: Forskaren skal arbeide saman med prosjektleiaren om å ferdigstille forskingsoppgåver i RAISE-prosjektet og vil vere ein del av det nordiske prosjekt-teamet. Det er forventa at forskaren skal ha Bergen som arbeidsstad. Arbeidsoppgåvene vil omfatte å: • Bidra til gjennomføring av RAISE-prosjektet gjennom deltaking i prosjektaktivitetar, prosjektmøter og andre relevante oppgåver etter behov • Bidra til planlegging og gjennomføring av spørjeundersøkingar retta mot innbyggjarar og ekspertar i Noreg • Gjennomføre kvalitative forskingsintervju med aktørar i norsk offentleg forvaltning • Bidra til analyse og tolking av kvalitative og kvantitative data • Samarbeide om utarbeiding av vitskapelege manuskript og bidra til publisering av forskingsarbeid knytt til prosjektet • Delta i utarbeiding av rapportar, policy-notat og andre prosjektleveransar • Presentere forskingsresultat på nasjonale og internasjonale konferansar, seminar og workshopar • Delta i organisering av prosjektseminar, møte og faglege arrangement Bidra til formidling frå prosjektet og prosjektresultata til relevante målgrupper. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjar må ha ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i statsvitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at graden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Dokumentert erfaring med forsking i statsvitskap og offentleg forvaltning og styring er eit krav. • Erfaring med forsking på digitalisering og bruk av kunstig intelligens i offentleg sektor er ein fordel. • Kompetanse og erfaring med både kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege metodar er eit krav. • Erfaring frå deltaking i eksternfinansierte internasjonale forskingsprosjekt er ein fordel. • Særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk eller anna skandinavisk språk • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved vurderinga. Kandidaten må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med vitskapeleg kreativitet, ha høg arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner samt sterk motivasjon og engasjement for forsking. Vi kan tilby: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø • Årsløn som forskar, stillingskode 1109, NOK 685 900, - ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Eit søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteresser, erfaring og motivasjonen for å søkje stillinga • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga • CV • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist: 1. september 2026. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Lise H. Rykkja, e-post: lise.rykkja@uib.no Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Verksemdleiar for Prosjekt og utvikling Vil du vera med på å byggja framtidas Ullensvang? I Ullensvang byggjer me ikkje berre bygg, me byggjer lokalsamfunn for generasjonar. Ullensvang kommune er i ei rivande utvikling. Med spektakulær natur som bakteppe og eit offensivt næringsliv, står me føre spennande investeringar innan infrastruktur, bygg og samfunnsutvikling. Me søkjer no ein strategisk og handlekraftig Verksemdleiar for Prosjekt og utvikling som vil få ei nøkkelrolle i utvikling av samfunnet. Om rolla Som leiar for prosjektavdelinga vil du ha det overordna ansvaret for å styra kommunen sine største og viktigaste investeringssprosjekt – frå dei fyrste skissene til ferdigstilling. Du vil jobba tett med både politisk leiing, næringsliv og innbyggjarar for å sikra berekraftig vekst og gode tenester i heile kommunen. Sentrale arbeidsoppgåver Basert på våre satsingsområde vil oppgåvene dine mellom anna innebera: • Strategisk prosjektstyring: Ansvar for planlegging og gjennomføring av kommunale bygg- og anleggsprosjekt, som skular, helsebygg, infrastruktur. • Økonomi- og resultatansvar: Sikra at prosjekt vert leverte innanfor rammer for tid, kostnad og kvalitet. • Samfunnsutvikling: Delta aktivt i planarbeid og utvikling av attraktive lokalsamfunn i heile kommunen • Leiing: Personaloppfølging og vidareutvikling av eit kompetent team med prosjektleiarar. • Samhandling: Byggja bru mellom tekniske krav, politiske vedtak og behova til innbyggjarane. Andre oppgåver kan tildelast ved behov. Kven er du? Me ser etter deg som trivst i krysninga mellom det faglege og det strategiske. Du er truleg ein person som: • Har relevant høgare utdanning, bachelor eller master, samfunnsplanleggjar, ingeniør eller liknande. • Har solid erfaring frå prosjektleiing, gjerne frå offentleg eller privat sektor • Har god økonomiforståing • Er løysingsorientert og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. • Kommuniserer godt på nynorsk, både skriftleg og munnleg, og evnar å skapa tillit hos ulike interessentar. • Krav til bilsertifikat klasse B og må disponere eigen bil • Leiarstil: Du er tydeleg, involverande og god til å byggja relasjonar. Du må trivast med å navigera i skjæringspunktet mellom fag, politikk og administrasjon. Du er framoverlent, beslutningsdyktig og ein gjennomførar. Ved tilsetjing vert personlege eigenskapar vektlagt. Vi tilbyr • Ei av dei mest spennande leiarstillingane i regionen med stor påverknadskraft. • Eit arbeidsmiljø prega av høgt tempo, humor og stor takhøgd. • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. • Høve til å bu og jobba midt i hjarta av Hardanger – med fjell og fjord som næraste nabo. • Mulighet for rekrutteringsleilighet • Mulighet for heimekontor Arbeidsstad er Odda. Ønskjer ikkje kontakt med telefonselgarar i forhold til stillingsannonsa. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging. Stillinga ligg til seksjonen Bybanen Utbygging, som er ein del av avdelinga Eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune. Dette er stillinga for deg som trivest med å arbeide med komplekse løysingar, arbeide integrert med fagmiljø i avdelinga og bidra til løysingar som set varige spor i Bergen. Arbeidsstad er Vestlandshuset, eit topp moderne kontorlokale midt i Bergen sentrum. ArbeidsoppgåverDette er ei nøkkelrolle i arbeidet med å leie og førebu bygging av dei komande tunnelentreprisane i prosjektet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å drive fram entreprisar frå prosjektering til ferdigstilling. Du får ansvar for å leie arbeidet frå innkjøpsfase til ferdigstilling av entreprisar og overlevering til eigar. Du vil være en bidragsytar inn i strategiarbeidet for byggetrinn 5 og ha ei sentral rolle i prosjektleiinga til seksjonen.Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har lang erfaring frå samferdselsprosjekt, og som forstår kva som skal til for å få komplekse prosjekt trygt frå plan til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har: • Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, som ingeniør eller sivilingeniør innan anleggstekniske fag • Erfaring som prosjektleiar, byggjeleiar, anleggsleiar eller tilsvarande • God forståing for anleggsgjennomføring • Erfaring med handtering av kontraktar, entreprisar og oppfølging av eksterne leverandørar • God innsikt i HMS-, framdrifts-, økonomi-, kvalitets- og risikostyring. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk • Relevant erfaring frå tunnelbygging, underjordiske anlegg, større samferdselsprosjekt eller liknande kan kompensere for delar av utdanningskravet. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Har gode samarbeidsevne og like å jobba i eit innovativt miljø • Kan kommunisera munnleg og skriftleg på norsk og engelsk • Arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift og kvalitet • Kommuniserer tydeleg, tek initiativ og bidreg til eit godt samarbeid • Evnar å sjå både heilskap og detaljar, og motiverast av å utvikla gode løysingar saman med andre • Kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig Vi tilbyr Du får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna: • Ei leiande nøkkelrolle i prosjektet • Store faglege utfordringar og reell påverknad • Eit kompetent og engasjert prosjektmiljø • Moderne kontorlokale med eige treningsrom og sykkelgarasje med garderobar • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor[SK1] • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ordningar for fagleg utvikling og kompetansebygging • Deltaking på fagmesser og i bransjesamarbeid KontaktinformasjonArve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5148799784 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.08.2026