Vil du gjere ein forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom?
Har du eit engasjement, ein hobby eller litt tid til overs?
Då kan du vere akkurat den personen eit barn eller ein ungdom treng for å oppleve meistring, glede og gode opplevingar i kvardagen.
Fritidskontakt er det som tidlegare var omtalt som støttekontakt.
Dersom dette kan være noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser.
Fritidskontakt si viktigste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid.
Vi søkjer deg som er over 18 år og liker å delta på ulike aktiviteter.
Som fritidskontakt blir du ein trygg og positiv støttespelar som deler aktivitetar og interesser med barnet eller ungdommen. Det kan vere alt frå å:
⚽ Spele fotball eller vere med på trening
🎣 Fiske eller vere ute i naturen
🎨 Teikne, male eller drive med kreative aktivitetar
🎮 Spele spel eller utforske digitale interesser
☕ Ta ein prat over ein kakao eller gå ein tur
Det viktigaste er ikkje kva du gjer, men at du er ein vaksen som bryr seg, lyttar og skaper gode opplevingar saman med ein ungdom eller eit barn.
er påliteleg og omsorgsfull
har evne til å skape gode relasjonar
ønskjer å bidra til inkludering og meistring
kan setje av nokre timar i månaden
Du må ha tid til overs, evne til å sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspill med andre.
Politiattest av nyere dato må fremlegges må fremlegges før oppstart.
Du er ansvarsfull og glad i å være saman med andre menneske.
Du er trygg, kan kommunisere og likar å finne på aktivitetar.
Rettleiing og oppfølging
Godtgjersle etter gjeldande satsar
Ei meiningsfull oppgåve der du verkeleg utgjer ein forskjell
Bli med og skap gode minner, nye moglegheiter og lysglimt i kvardagen for eit barn eller ein ungdom.KontaktinformasjonLinda Lundebrekke, Tenesteleiar bu og miljø - miljøhuset/avlastning/støttekontakt, +47 45970806
ArbeidsstadFjordgata 1
6900 Florø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5166703997
Stillingsprosent: 5%
Engasjement
Søknadsfrist: 06.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kinn