
Natt-tenesta i Kvam · Kvam
Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? Me søkjer sjukepleiar til ledig 70 % vikariat i Natt-tenesta frå august 2026 og med eitt års varigheit. Vika...
Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt?
Me søkjer sjukepleiar til ledig 70 % vikariat i Natt-tenesta frå august 2026 og med eitt års varigheit. Vikariatet er for tida knytt til oppdrag på natt, for meir informasjon om arbeid knytt til stillinga, ta kontakt med gruppeleiar i Natt-tenesta.
I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar!
Sjukepleie til heimebuande og på institusjon.
Kvalifikasjonar
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Generell informasjon
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonIoana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217
ArbeidsstadNedre Norheim 44
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5149402463
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Søknadsfrist: 26.07.2026
Vil du jobba med menneske? I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss. Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/matvert i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda til og med 31.12.2026. Er du interessert i arbeid etter 2026, må du søkja på nytt. Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid. Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/ Arbeidsoppgåver • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar • Miljøarbeid • Matvertar: Førebu, laga til, servera og delta i måltida Du kan jobba som: • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent • Vernepleiar/vernepleiarstudent • Helsefagarbeidar • Pleiemedarbeidar • Matvert - passar også for ungdomar 16-18 år Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Du er: • Interessert i omsorgsarbeid og glad i å hjelpa andre • Serviceinnstilt og engasjert • Fleksibel og løysingsorientert • Raus og inkluderande • Møter andre på ein respektfull og open måte • Meistrar norsk muntleg og skriftleg Vi tilbyr • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver • Opplæring vert gitt • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonKjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215 Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317 Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34 ArbeidsstadGrovagjelet 16 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5058117717 Stillingsprosent: 100, 50% Vikar
Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet frå 30.11.2026.. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast. Du må trivast med ansvar,ta sjølvstendige faglege vurderingar og handtere varierte situasjonar. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne. Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta. Vi har årsturnus og stillinga har tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter. Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det er og tilbod om sommaravtale mot ekstra kompensasjon. Sjukepleiarar i turnus får tilbod om kr. 30.000,- over tarifflønn, som eit rekrutteringstillegg. Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar. Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt. Hogatunet har 52 institusjonsplassar fordelte på fem avdelingar. Det er fire avdelingar for langtidsopphald der to avdelingar er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ei avdeling er tilrettelagt for korttids- og avlastningsopphald. Hogatunet har eige institusjonskjøkken som òg leverer mat til heimebuande og Fossevegen bufellesskap. Er du sjukepleiestudent oppmodar vi deg til å søkje! Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling • Kartlegging og vurdering av behov til brukarane • Samarbeid med pårørande • Samarbeid med sakshandsamarteam • Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer • God organisasjons- og systemforståing • Rettleie medarbeidarar, studentar og lærlingar • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell Kvalifikasjonar • Off. godkjend/autorisert sjukepleiar • Er du sjukepleiarstudent oppfordrar vi deg til å søkje • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du likar utfordringar og varierte arbeidsdagar • Er fleksibel, tek initiativ og ansvar • Du kan arbeide sjølvstendig og samarbeid med andre For oss er det viktig at du trivast med menneske og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må difor kunne setje deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar. Vi tilbyr • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet til å planlegge arbeidstid • Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar • Rekrutteringstilskot kr 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap.4. • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon • Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus • Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar • Tilbod om flyttegodtgjersle om du flyttar til kommunen vår • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for • Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden. Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her. Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Siv Helen J. Tødenes eller einingsleiar Heidi Munch Starheim. KontaktinformasjonSiv Helen Johnson Tødenes, Avdelingsleiar, 480 97 859, siv.todenes@stad.kommune.no Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no ArbeidsstadSkulevegen 24 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5139727892 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig ei 100% stilling som sjukepleiar! Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag. Arbeidet vil bestå av planlegging av operasjonar innanfor ortopedi og kirurgi. Vi samarbeider tett med legar, anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Du er ein engasjert sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Startdato frå snarast. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver • Ansvar for oppsetting av planlagte operasjonar • Pasientlogistikk og ventelistearbeid innan kirurgi og ortopedi • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper • Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga • Rapporter Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant utdanning • God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer • Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg • Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver • Evne til å jobbe i eit miljø med høg aktivitet • Interesse for logistikkflyt • Gode IT- kunnskapar Personlege eigenskapar • Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer • Du er ansvarsbevisst • Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø • Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen • Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse • Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet • Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper • Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø • Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonCicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533, cicilie.frendal@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5146193967 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 31.07.2026