
Medisinsk sengepost Lærdal, Helse Førde · Lærdal
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag ved eit lokalsjukehus med breitt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter? Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling...
Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar i kombinert stilling ved medisinsk sengepost og medisinsk poliklinikk. For intern søkjar kan stillinga bli organisert som 100 % ved medisinsk sengepost. Stillinga er i utgangspunktet ikkje planlagd delt.
Arbeidstid
Arbeid i snitt kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter i helg
Om medisinsk sengepost
Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.
Om medisinsk poliklinikk
Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan fleire indremedisinske fagområde, mellom anna hjarte- og mage-/tarmsjukdomar. Vi har også infusjonspoliklinikk med hovudvekt pkreftbehandling og behandling av mage-/tarmsjukdomar.
Kvifor velje Lærdal sjukehus?
Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Kvifor bu i Lærdal?
Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiarane.
Arbeidsoppgåver
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH, 415 30 456, hrafnhildur.yr.elvarsdottir@helse-forde.no
Anja Myklemyr, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, 975 38 392, anja.myklemyr@helse-forde.no
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar medisinsk sengepost, 479 06 594, marit.fossheim.ottersen@helse-forde.no
ArbeidsstadSjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5155549603
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna. Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Lærdal helsesenter har ledig eit 100% vikariat, med moglegheit til forlenging eller fast stilling. Arbeidsoppgåver: • Oppgåver på skadestove: mottak akuttpasientar, sårstell, EKG og 24 timars blodtrykk, suturfjerning, øyre skylling, injeksjonar og administrering av medisinar • Laboratoriearbeid: prøvetaking, analysering av prøvar med meir • Ekspedere telefon og pasientluke • Anna helseretta og administrativt arbeid som ligg til legekontoret som til dømes journalføring, oppgjer, rekvirering av transport, legge inn reseptar med meir Kvalifikasjonar: • Offentleg godkjend sjukepleiar eller helsesekretær • Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • God IKT kompetanse, me nyttar Pridok • Du må vera nøyaktig og strukturert • Arbeidserfaring frå legekontor og/eller legevakt er ein fordel • Me legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane me ynskjer: at du har gode samarbeidsevner, kan arbeida både i team og sjølvstendig, og er interessert i fagutvikling Me tilbyr: • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø, der me har eit stort brukarfokus og høg kvalitet i arbeidet • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter • Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP • Gruppe- og ulykkesforsikring • Hjelp til å skaffa bustad Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har: • Full barnehagedekning • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar. • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! Lærdal sjukehus har ledige stillingar for sjukepleiarar ved medisinsk sengepost: • 100 % fast stilling • 100 % vikariat frå snarest til 01.09.2027 • 90 % vikariat frå snarest til 01.09.2027 Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Vi har eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi bli godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å få seg nye bekjente. Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for alle. Den sentrale plasseringa mellom Bergen og Oslo gjer bygda til eit naturleg knutepunkt Sjukehuset har òg personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Meir informasjon om Lærdal kan du lese her. Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon. Arbeidsoppgåver • Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost • Sjukepleie til medisinske pasientar • Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper • Delta i opplæring og rettleiing av studentar • Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar • Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg • Gode IKT-kunnskapar • Erfaring innen overvaking blir vektlagt • Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan kardiologi eller intensiv, men ikkje absolutt krav • Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne Personlege eigenskapar • Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar • Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver • Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø • Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver • Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Personalhytte på Filefjell • Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6887 Lærdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5152820820 Stillingsprosent: 100, 90% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 31.07.2026
Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? Me søkjer sjukepleiar til ledig 70 % vikariat i Natt-tenesta frå august 2026 og med eitt års varigheit. Vikariatet er for tida knytt til oppdrag på natt, for meir informasjon om arbeid knytt til stillinga, ta kontakt med gruppeleiar i Natt-tenesta. • Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg og i heimetenesta • Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar! Arbeidsoppgåver Sjukepleie til heimebuande og på institusjon. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Du må ha sertfikat klasse B • Erfaring frå nattarbeid er ein fordel • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI) Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Personlege eigenskapar • Tek ansvar og likar ei utfordring • Fleksibel og nytenkjande • Jobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling • Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) • Gode pensjons- og forsikringsordningar Generell informasjon Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonIoana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217 ArbeidsstadNedre Norheim 44 5600 NORHEIMSUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5149402463 Stillingsprosent: 70% Vikar Søknadsfrist: 26.07.2026