Noklus Møre og Romsdal har ledig eit 50% vikariat frå 1. september 2026, eller etter avtale. Vikariatet er for seks månader, med moglegheit for forlenging.
Noklus arbeider for at laboratorieundersøkingar blir rekvirert, utført og tolka korrekt og i samsvar med pasienten sitt behov for utgreiing, behandling og oppfølging.
Sjå: https://www.noklus.no/
Noklus Ålesund og Molde er organisatorisk tilknytta Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i helseføretaket. Kontorstad for stillinga vil vere Hjelset, alternativt Ålesund, etter avtale.
Vitnemål og attestar/tenestebevis må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåvene inneber veiledning og undervisning i laboratoriearbeid for legekontor, sjukeheimar og heimetenester i Møre og Romsdal. Dette skjer mellom anna gjennom møter, undervisning og arrangering av kurs.
Stillinga krev stor grad av sjølvstendig arbeid. Den som blir tilsett, må rekne med ein del reiseaktivitet og bruk av eigen bil. Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som bioingeniør.
Det er ønskjeleg med erfaring frå sjukehuslaboratorium innan medisinsk biokjemi og/eller mikrobiologi. Du er ein erfaren blodprøvetakar. Pedagogisk utdanning og erfaring med opplæring og rettleiing vil vere ein fordel. Du har svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Du har gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Du har god kompetanse i bruk av IT-verktøy og presentasjonsprogram. Personlege eigenskapar
- Du er imøtekomande og serviceinnstilt.
Du er sjølvstendig, fleksibel og handterer fleire oppgåver samtidig. Du er ansvarsmedviten og strukturert. Du arbeider effektivt og handterer eit høgt arbeidstempo. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Personleg eignaheit blir lagt vekt på. Vi tilbyr
- Eit landsomfattande og inspirerande samarbeid i Noklus.
God opplæring - høgt fagleg nivå. Kontakt med andre yrkesgrupper. Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med gode høve til fagleg utvikling. Løn etter gjeldande overeinskomstar. Medlemskap i god offentleg pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring. Ein arbeidsplass i ei inkluderande verksemd. KontaktinformasjonMarie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968, Marie.Nora.Roald@helse-mr.no
Anja Haukeberg, Labratorierådgjevar, 70167766, Anja.Haukeberg@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5153995824
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 23.08.2026