
Den norske kyrkja, Møre bispedøme · Molde
Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organis...
Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling». Rådgjevarane i kyrkjefag og samfunn er er ein del av biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennar arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostar og dei lokale kyrkjelydane. I Møre bispedømme er det 95 sokn og 25 Kyrkjelege fellesråd. Fram mot 2030 har Møre unge og unge vaksne, kyrkja som samfunnsaktør og organisasjonsutvikling som satsninsområder.
Møre bispedøme har ledig eit årsvikariat i avdeling for kyrkjefag og samfunn. Vi søkjer etter ein rådgjevar som kan gå inn i arbeidet i avdelinga, med hovudfokus på arbeidsfelta kyrkjeleg undervisning, diakoni, unge og unge vaksne og ungdomsdemokrati. Det vil og vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan kommunikasjon. Kyrkjefagavdelinga arbeider tett saman, og det vil vere naturleg å tilpasse arbeidsoppgåvene til den kompetansen og erfaring som den som blir tilsett har. Det kan og vere aktuelt å gå inn i andre fagfelt innan kyrkjefag og samfunn.
Ein søkjer etter ein person med høgare utdanning innan teologi, diakoni eller kyrkjeleg undervisning. Erfaring frå Den norske kyrkja, enten som tilsett eller frivillig er ønskeleg. Stillingsstørrelse er 50-100%. Varighet er 1 års vikariat, med moglegheit for forlenging.
Kontorstad er Molde.
Virkar dette spennande? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Maria Vassli Gjære eller stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug for ein prat om stillinga.
Arbeidsoppgåver
Høgare utdanning, fortrinnsvis innan teologi, kyrkjeleg undervisning og læring eller diakoni
Kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon
Fordel med erfaring frå frivillig arbeid
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Du må opplyse om du kan meistre begge målformer. Møre bispedøme har nynorsk som administrasjonsspråk.
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20. Må vere medlem i Den norske kyrkja.
Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
KontaktinformasjonMaria Vassli Gjære, Avdelingsleiar Kirkefag, 91523568, MG285@kirken.no
Bjørn Olaf Storhaug, Stiftsdirektør, 92810040, BS665@KIRKEN.NO
ArbeidsstedMoldetrappa 1
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirke
Referansenr.: 5146721703
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.08.2026
Borg bispedømmeråd søker en engasjert rådgiver/seniorrådgiver i 100 % fast stilling. Borg bispedømmekontor er sekretariat for Borg biskop og bispedømmeråd, og fungerer som et rådgivnings- og kompetansesenter for menigheter og ansatte. Vi arbeider tett med menighetene for å utvikle et levende og relevant kirkeliv i bispedømmet. Om stillingen Stillingen er plassert i avdeling for kirke og samfunn, og retter seg særlig mot å bistå biskopen i hennes internasjonale og interreligiøse engasjement, samt i hennes offentlige teologiske arbeid. Arbeidet vil hovedsakelig være knyttet til fagområdene religionsdialog, gudstjenesteliv og kultur og kirke, men kan også omfatte andre områder innenfor avdelingens ansvarsfelt. Du vil få en variert arbeidshverdag med oppgaver som spenner fra rådgivning og prosjektarbeid til planlegging og gjennomføring av arrangementer, saksbehandling og tekstproduksjon. Stillingen innebærer tett samarbeid med kolleger i sekretariatet og bidrag på tvers av fagområder. Du vil også være med å styrke den teologiske kompetansen i avdelingen i samarbeid med kirkefagsjef. Vi søker deg som - har solid teologisk kompetanse - arbeider strukturert og selvstendig - trives i en rådgivende rolle - har høy faglig integritet - er utviklingsorientert og ønsker å bidra i kirkens arbeid i møte med et samfunn i endring Om oss Kirkens visjon er Mer himmel på jord. Borg bispedømmekontor er sekretariat for biskop og bispedømmeråd, og et kompetansesenter for 102 menigheter i bispedømmet. Kontoret er arbeidsgiverorgan for prestene og holder til sentralt i Fredrikstad. Vi er organisert i to avdelinger: kirke og samfunn og HR og service. Sekretariatet består av rundt 10 ansatte. Arbeidsmiljøet er preget av engasjement, godt samarbeid og varierte oppgaver, med stor grad av tverrfaglighet og bred kontaktflate. Les mer om Borg bispedømme på: www.kirken.no/borg Ansettelse skjer på de vilkår og med de plikter som fremgår av gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Ønsker du å være unntatt offentlighet, kan du be om det i søknaden din. Tiltredelse etter avtale. Arbeidsoppgaver • Følge opp og videreutvikle arbeidet med religionsdialog, inkludert biskopens internasjonale verv og dialogarbeidet i Borg • Planlegge og gjennomføre arrangementer, fagdager og kurs i regi av bispedømmet • Koordinere biskopens gudstjenester i forbindelse med vigslinger, jubileer, fagsamlinger og lignende • Utarbeide analyser og kunnskapsgrunnlag for videreutvikling av arbeidet lokalt og regionalt • Bidra til synlighet og engasjement gjennom kommunikasjons- og informasjonsarbeid • Ansvar for årsrapportering, inkludert bearbeiding og analyse av statistikk • Produsere tekster i ulike sjangre, som saksframlegg, nyhetsartikler, bakgrunnsmateriale for kronikker og annen formidling, samt referater • Andre oppgaver etter behov Ønskede kvalifikasjoner og egenskaper • Cand.theol. eller annen utdanning som kvalifiserer for prestetjeneste • Erfaring fra prestetjeneste er en fordel • Internasjonal erfaring er ønskelig • Bredt samfunnsengasjement og god rolleforståelse i møte mellom kirke og samfunn • Evne til å bygge relasjoner og samarbeide godt med ulike aktører • Erfaring med prosess- og prosjektarbeid • Evne til innovasjon, utvikling og nytenkning • Evne til raskt å sette seg inn i nye fagområder innenfor avdelingens ansvarsområde • Svært god muntlig og skriftlig fremstillingsevne på norsk, samt god og flytende muntlig og skriftlig engelskkunnskap • Erfaring med tekstproduksjon er en fordel • Gode digitale ferdigheter og interesse for bruk av relevante IKT-verktøy, inkludert nettsider og sosiale medier Personlige egenskaper • God teologisk refleksjonsevne • Gode evner til strategisk tenkning og langsiktig utviklingsarbeid • Sterk interesse for samfunnsspørsmål og evne til analytisk arbeid • Gode samarbeidsevner og evne til å bygge og vedlikeholde faglige nettverk • Evne til å balansere langsiktig arbeid med å følge opp aktuelle saker • Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt • Den som tilsettes må være medlem av Den norske kirke Vi tilbyr • Lønn iht. kompetanse og erfaring • Medlemskap i KLP med pensjonsordning og gode betingelser på sparing, forsikring og banktjenester • Faglig utvikling og tilbud om etter- og videreutdanning • Tilbud om bedriftshelsetjeneste • Godt arbeidsmiljø med høy trivselsfaktor • Gode kontorlokaler i ærverdig bygg sentralt i Fredrikstad (10 min. gange fra jernbanestasjonen) Ta gjerne kontakt for en uforpliktende samtale. KontaktinformasjonDag-Kjetil Hartberg, kirkefagsjef, 91104340, dh469@kirken.no Anne Sofie Rosenvinge, stiftsdirektør, 90139913, ar946@kirken.no ArbeidsstedBjarne Aas gate 9 1606 Fredrikstad Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirke Referansenr.: 5150898671 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
I Vestre Slidre er det ledig stilling som sokneprest. Vestre Slidre er ei av seks kommunar i Valdres. Innbyggartal er nær 2200. Vestre Slidre kan by på storslått natur med rike høve til aktivt friluftsliv og med turstigar og preparerte skiløyper så langt auga kan sjå. Vestre Slidre er hovudsakleg å rekne som ein jordbrukskommune med fire tettstader, inkludert hyttesenteret oppe på Vaset. Sokna i Vestre Slidre nyttar nynorsk. Fellesrådsområdet er inndelt i 3 sokn; Lomen, Slidre og Røn. I tillegg til dei tre soknekyrkjene er det ei stavkyrkje, eit kapell og ein kyrkjeruin. Det er kort avstand mellom dei ulike kyrkjene i kommunen. Alle ligg innanfor ein radius på ti km frå kyrkjekontor og prestegard. Kyrkjekontoret er triveleg og ligg i kommunens lokale sentralt i Slidre. Hovudkyrkja, Slidredomen, som er frå mellomalderen, og prestegarden ligg ved sidan av kvarandre, og i gangavstand til kyrkjekontoret. Prestegarden kan leigast som tenestebustad. Kyrkjelivet i Vestre Slidres har eit tydeleg folkekyrkjeleg preg. Stølsmesser på fjellet, friluftsgudstenester på gamle kyrkjetomter og tradisjonsrik olsokmesse i Lomen stavkyrkje set folket pris på. Kyrkja har saman med kommunane Vestre Slidre og Vang starta opp tilbodet Mekkeklubben. Ansatt i kirkelig undervisning er ansvarleg for tilbodet og det er ynskjeleg at soknepresten tek del i dette arbeidet. Sokna har til saman ca. 15. På Slidreøya ligg ei avdeling av Kriminalomsorgen Innlandet med om lag 25 innsette på lavere sikkerhet. Presten er på fengselet kvar 14.dag, og ein gong i året tilrettelegg soknepresten i samarbeid med fengselet ei tre dagar lang pilegrimsvandring for motiverte innsette. I tillegg til presten er det til saman 6 tilsette i staben i Fellesrådet; Kyrkjeverge i 100%, organist i 60%, kyrkjelydsarbeidar/kirkelig undervisning i 50% , to ringarar i 6% kvar, to klokkarar i om lag 10% kvar, ein kyrkjetenar i 50%, og ein tilsynshavar ved stavkyrkja i 10% stilling. Det er gode samarbeidsforhold i staben. Det er ynskjeleg med ein prest som veit å verdsette eit tverrfagleg samarbeid. Folk i Valdres har stor interesse for tradisjon og historie og folkemusikken er levande. Den musikalske breidda kjem til syne mellom anna ved arrangement som Jørn Hilme-stemnet, Valdres sommersymfoni, Vinjerock og Hemsingfestivalen. Fagernes ligg 20 km frå Slidre sentrum og er Valdres sin vesle by der mellom anna Rakfiskfestivalen går av stabelen kvar haust. Valdres prosti har 6 fellesrådsområde som utgjer kvart sitt fellesrådsområde. Samla folketal er om lag 18 000. I tillegg kjem ei stor hyttebefolkning. Eit særpreg ved kyrkjebiletet i Valdres er at kyrkjene ligg tett. I Valdres er det 6 stavkyrkjer. Pilegrimsvegen frå Hedalen til St. Tomaskyrkja på Filefjell (163 km) går gjennom Vestre Slidre. Den som blir tilsett må leggja fram politiattest utan merknad, jfr. Politiregisterlova §39, jfr. trussamfunnslova §20. Det blir utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentlegslova §25, jfra. Kyrkjeordninga for Den norske Kyrkje §42. Oppmodning om å få sitt namn gjort unntak fo denne, må grunngivast i søknadsteksten. Behandlingsgrunnlag etter personvern forordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g. Hamar bispedømme skal vera ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidater til å søkja. Arbeidsoppgaver • Gudstenestearbeid og andaktar på sjukeheimen. • Kirkelige handlinger • Delta på stabsmøte • Samarbeid med barnehage og skule • Være fengselsprest på Slidreøya og besøke fengselett kvar 2.veke • Konfirmantundervisning • Plan for kyrkjeleg undervisning i samarbeide med andre tilsette. • Delta i prestekonvent og beredskapsordninga i prostiet etter oppsett plan Kvalifikasjoner Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrive i Tjenesteordningen for kyrkjelydsprestar §3. Praktisk teologisk utdanning. Søkjaren må opplysa om ein mestrar både nynorsk og bokmål Personlige egenskaper • Vestre Slidre ynskjer seg ein folkekyrkjeprest som: • Er folkeleg i forma og kan omgås alle typer mennesker • Har hjarte for barn, ungdom og folk i alle aldersgrupper og livssituasjoner • Har evne til å sjå og lytte til den einskilde • Er omgjengeleg og trivst med allsidige arbeidsoppgåver • Er sjølvstendig • Har gode samarbeidsevner • Som ynskjer å være med å videreutvikle folkekyrkja Vi tilbyr Stillinga blir lønt i stillingskode 1555 sokneprest. Innskot i offentleg pensjonskasse. Skyssgodtgjering for tenestekøyring og andre godtgjersler etter gjeldande reglar. Tenestebustad om dette er ynskeleg. Arbeidsrettleiing i regien til bispedømmet. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetjing i Den norske kyrkja, og dessutan etter tenesteordning for kyrkjelydsprestar. ANNET: Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver og dessutan tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov, regelverk og tenesteordning i Den norske kyrkje. KontaktinformasjonTor Even Fougner, prost, 97629905 Eli Bekken, Rådgiver, +47 62550350 ArbeidsstedSlidrevegen 20 2966 Slidre Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirke Referansenr.: 5144121203 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (ITFS) gir fagleg støtte til heile HVL innan informasjonsforvaltning, arkiv og informasjonssikkerheit. Vi arbeider med rettleiing, metodikk og langsiktig utvikling i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale krav. Dette er ei rolle for deg som trivst i møte med interne brukarar, og som gir tydeleg råd og rettleiing om dokumentasjonskrav etter ISO 27001:2022. Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund. Ansvars- og arbeidsoppgåver: • Handtere og følgje opp sikkerheitshendingar og beredskapsprosessar i samarbeid med CISO • Forvalte og vidareutvikle LIS (leiingssystem for informasjonssikkerheit), inkludert styrande dokumentasjon, tiltak og policyar i tråd med ISO 27001:2022 • Oppdatere rutinar og sikkerheitspolicyar i tråd med nye krav og behov • Bidra i det praktiske sikkerheitsarbeidet – frå risikovurderingar til handtering av hendingar • Vere ein pådrivar for ein sterk sikkerheitskultur i HVL • Rettleie tilsette i risikovurderingar og praktisk sikkerheitsarbeid • Bidra til at sikkerheit vert opplevd som ein verdidrivar – ikkje ei hindring Kvalifikasjonskrav: Formell utdanning og kompetanse: • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad, minimum bachelorgrad, innan informasjonssikkerheit, informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande IT-relaterte fagområde. • Erfaring med IT-sikkerheit, gjerne frå utvikling eller arkitektur • Erfaring med ISO 27001 (sertifisering er ein fordel) • Evne til å omsetje krav til praktiske løysingar • Fagleg nysgjerrig og oppdatert på eit felt i rask utvikling • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (minimum B2) • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel • Nyutdanna vert òg oppmoda til å søkje Personlege eigenskapar: • Du identifiserer deg med verdiane våre: inkludere, utfordre og samhandle • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Arbeider strukturert, sjølvstendig og leverer med høg kvalitet • Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert • Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samstundes • Må kunne autoriserast for begrensa, i samsvar med sikkerheitslova Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling • Høve for trening i arbeidstida. Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1364 - seniorrådgivar vurderast. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.