
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF · Molde
Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvali...
Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR!
Vi har ledige faste stillingar hos oss. Oppgi gjerne kva stillingsstorleik du ser for deg.
1 x 100 % fast stilling
2 x 80 % fast stilling
Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det.
Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt.
Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget!
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonMathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5138987735
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 27.07.2026
Vil du bli ein del av teamet vårt? Vi har ledig eit 75 % vikariat som sjukepleiar ved akuttmottaket på Volda sjukehus. Her får du arbeide i ei spennande og variert avdeling med høgt tempo, sterkt fagleg fokus og godt tverrfagleg samarbeid. Vikariatet varer ut februar 2027, med oppstart 1. september eller etter nærare avtale. Vi ser fram til å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver • Arbeid i tredelt turnus (dag-, kveld- og nattevakter) med arbeid kvar tredje helg • Ivaretaking av akutt og kritisk sjuke pasientar, og oppfølging av deira pårørande • Tett samarbeid med kollegaer i tverrfaglege team • Sjølvstendig utøving av sjukepleiarfaglege oppgåver og ansvar • Halde deg fagleg oppdatert og aktivt nytte avdelinga si kompetanse- og læringsplattform Kvalifikasjonar • Gyldig norsk autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar • Minimum to års erfaring som sjukepleiar, gjerne frå akuttmedisinsk verksemd eller spesialisthelsetenesta Personlege eigenskapar • Du er positiv, engasjert og trivst i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling • Du er fleksibel og tilpassar deg raskt nye situasjonar og utfordringar • Du har godt humør og bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Du er løysingsorientert og bevarer ro og oversikt i hektiske situasjonar • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både kollegaer, pasientar og pårørande • Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og bidreg aktivt til fagleg utvikling i avdelinga Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. KontaktinformasjonHedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, 70058686, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.no ArbeidsstedKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5155538781 Stillingsprosent: 75% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 28.02.2027 Søknadsfrist: 28.07.2026
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus. Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026. 👉 Du er velkomen til å søkje. Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Kva går jobben ut på? Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: • Miljøterapeutisk arbeid i det daglege. • Vere ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeidet med pasientgruppa. • Gå i ansvarsvakt og bidra til god flyt, prioritering og samarbeid i vakta. • Sikre trygg og forsvarleg medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar. • Samarbeid med interne fagmiljø og eksterne instansar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel med: • Vidareutdanning innan fagområdet og/eller erfaring frå rusbehandling. • Relevant kunnskap om farmakologien til ulike rusmiddel. • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som er oppriktig engasjert i pasientgruppa, og som byggjer tillit gjennom godt samarbeid. Du er ein lojal og trygg kollega som skaper gode relasjonar, kommuniserer klart og møter både pasientar og kollegaer med rausheit og godt humør. Du trivst i team, jobbar òg sjølvstendig når det trengst, og står stødig i krevjande situasjonar – med ryddig journalarbeid og god informasjonsflyt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman. • Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer. • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling. • Ein arbeidsplass som legg vekt på inkludering og mangfald. • God rettleiing og opplæring. KontaktinformasjonKathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835, kathrin.bjanes@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152028704 Stillingsprosent: 75% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Medisinsk seksjon, Nordfjord sjukehus har ledig 100 % fast kombistilling som geriatrisk sjukepleiar/sjukepleiar: • 40 % på eldremedisinsk poliklinikk • 60 % på medisinsk sengepost. Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage/tarm, hjarte, lunge, infusjon, eldremedisin, diabetes, ØNH og skade. Medisinsk sengepost er ein spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Denne kombistillinga gir ein variert og spennande arbeidskvardag med både poliklinisk arbeid og arbeid på sengepost. Hos oss får du ei bratt læringskurve, høve til å lære mange prosedyrar og tileigne deg brei kompetanse innan indremedisin, geriatri og akuttmedisin. Vi har fokus på fagleg utvikling og tilbyr jamleg simuleringstrening, undervisning og kompetanseheving,. Samstundes er vi opptekne av eit godt arbeidsmiljø. Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt kultur- og fritidstilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt. Høyrest dette ut som noko for deg? Vi gler oss til å ta imot søknaden din. Korleis ser ein arbeidsdag ut hos oss? Eldremedisinsk poliklinikk: • Pasientane du møter på eldremedisinsk poliklinikk er i aldersgruppa om lag 70 år og oppover. Hovedarbeidsoppgåvene er knytt til utgreiing innanfor ulike kategoriar. Arbeidet er tverrfagleg og teambasert. • Arbeidsdagane er varierte og du vil ha ei blanding av pasientkonsultasjoner og utføring av ulike prosedyrer. Medisinsk sengepost: • Mottak, observasjon og oppfølging av innlagte pasientar • Tverrfagleg arbeid med kommunane knytt til pasientoppfølging • Opplæring og veiledning av studentar og nytilsette • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona • Deltakelse på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss: • Søkjar må vere autorisert spesialsjukepleiar innan geriatri eller under utdanning. • Kan også vere søkar som har interesse for feltet, og ønsker å ta vidareutdanning. • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfaglig Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig ar du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss. Vi er opptatt av at du skal trivast ho oss. Når du jobbar ho oss vil du få: • Varierte og spennande arbeidsoppgåver • Opplæring • Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Trivelig arbeidsmiljø • Bidra til paseintsikkerhet Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Einingsleiar medisinsk sengepost, (+47) 416 48 264 Arnstein Ivesdal, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, (+47) 578 64 031 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5144050061 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 07.09.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026