
Avgiftningspost Haugesund sjukehus · Haugesund
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasienta...
På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus.
Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon.
Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Vi ser etter deg som er oppriktig engasjert i pasientgruppa, og som byggjer tillit gjennom godt samarbeid. Du er ein lojal og trygg kollega som skaper gode relasjonar, kommuniserer klart og møter både pasientar og kollegaer med rausheit og godt humør.
Du trivst i team, jobbar òg sjølvstendig når det trengst, og står stødig i krevjande situasjonar – med ryddig journalarbeid og god informasjonsflyt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
KontaktinformasjonKathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835, kathrin.bjanes@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5152028704
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du vere med på å gi pasientar med komplekse lungelidingar den beste behandlinga? Då er Lungeseksjonen staden for deg! Vi er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og har ein sengepost med 13 senger og ein poliklinikk med høg aktivitet. Her møtar du pasientar med blant anna KOLS, lungefibrose og astma, og du jobbar tett i tverrfaglege team. Vi har no ledig ein fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus. Hos oss får du god opplæring, fagleg støtte og øvingar som styrkjer kompetansen din. Vi samarbeider også med medisinsk intermediær overvaking (MIO) for pasientar som treng tett oppfølging. Det er mulig å bli tilsett i vikariat eller i redusert stilling dersom ønskeleg. 👉 Vi gler oss til å motta din søknad! Kva går jobben ut på? • Utgreiing, pleie og behandling av pasientar • Oppfølging av pårørande • Iverksetting av sjukepleiertiltak • Samhandling med kommunen • Veiledning av studentar og kollegaer • Deltaking i utviklings- og forbetringstiltak Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som sykepleier. • Relevant erfaring med lungepasientar • Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. • Kjennskap til, eller interesse for å lære meir om, hjartepasientar, lungesjukdomar og akutt kritisk sjuke. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • Har evne til å motivere og engasjere. • Er profesjonell og empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegar, og samarbeider godt med dei. • Held deg roleg og objektiv i stressande, eller krevande situasjoner. • Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp. • Ser etter løysingar. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss? • Eit tilpassa opplæringsprogram slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt • Fagleg utvikling, t.d støtte til relevant utdanningar (lunge-, kreft-, palliasjon-, og intensivsjukepleie) • Kombinere arbeid på sengeposten med poliklinisk arbeid, dette forutsetter kompetanse og ønske om kombinasjonsstilling. • Med riktig kompetanse og erfaring kan du få anledning til å kombinere arbeidet mellom sengepost og medisinsk intermediær overvakning (MIO). • Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir rom for involvering. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonRanveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleder , 98879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5154507989 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026
Vil du vere med og redde liv – kvar dag? AMK-sentralen (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane våre. Dette er ei stilling for deg som klarer å halde roen når det hastar. Du kommuniserer tydeleg, stiller gode spørsmål og trivst med å jobbe tett saman med andre når presisjon og raske vurderingar betyr mykje. Du møter menneske i akutte og sårbare situasjonar, og er ofte den første trygge stemma dei høyrer når det verkeleg gjeld. 👉 Høyrest dette ut som ei rolle for deg? Då håpar vi du sender oss ein søknad. Kva går jobben ut på? • Svara på naudtelefonar 113. • Koordinera ambulansedrifta for AMK Haugesund og akutte helseressursar. • Samhandla med andre naudetatar og samarbeidspartnarar. • Registrera, dokumentera og oppdatera hendingar. • Varsla ved beredskap. • Delta i øvingar og fagleg utvikling. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: • norsk autorisasjon som sjukepleiar, paramedisinar eller ambulansearbeidar • gode IT-kunnskapar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ein fordel om du har erfaring frå AMK eller anna akuttmedisinsk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Det viktig at du: • kommuniserer tydeleg og roleg, også når situasjonen hastar • trivst med å samarbeide tett med kollegaer og andre naudetatar • held oversikt og gjer gode vurderingar i ein arbeidskvardag med høgt tempo • møter menneske med respekt, tryggleik og profesjonalitet • tek ansvar, ser kva som må gjerast og ber om hjelp når det trengst • jobbar strukturert og nøyaktig, både sjølvstendig og i team Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: • Godt fagleg miljø med fokus på teamarbeid og utvikling. • Jamlege moglegheiter for fagleg påfyll. • Triveleg og godt arbeidsmiljø. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorbjørn Nornes, Funksjonsleiar, +47 91612094, torbjorn.nornes@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5148212176 Stillingsprosent: 60% Vikariat Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 17.08.2026
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert helsefagarbeidar! Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak. Vi søkjer akkurat deg som er: Omsorgsfull - Raus - Engasjert - Lojal og har; Humor - Livsglede - Mot Kva får du hos oss? Som vår nye kollega vil du kunna få 65% fast stilling som sjukepleiar på natt. Vi har årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig i same tidsrom. Stillinga er ledig frå 20.07.2026 Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste! Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen Kven er så du? Du har autorisasjon som sjukepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdier; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer. Viss du kjenner deg igjen, bli med oss på laget! Anna: Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff. Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %) Vi tilbyr: • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer • Interessante utfordringar • Høve til fagleg og personleg utvikling. • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontakt: Ass. Einingsleiar Kate S Løland, tlf: 56 16 05 02 / 950 71 121 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her