
Øygarden kommune Heimetenesta · øygarden
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert helsefagarbeidar! T...
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som sjukepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Omsorgsfull - Raus - Engasjert - Lojal
Humor - Livsglede - Mot
Som vår nye kollega vil du kunna få 65% fast stilling som sjukepleiar på natt. Vi har årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig i same tidsrom. Stillinga er ledig frå 20.07.2026
Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Du har autorisasjon som sjukepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdier; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:
Ass. Einingsleiar Kate S Løland, tlf: 56 16 05 02 / 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som heimehjelp i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak. Vi søkjer akkurat deg som er: Omsorgsfull – raus – engasjert - lojal og har; Humor – livsglede - mot Kva får du hos oss? Som vår nye kollega vil du få 50 - 60% stilling. Anna stillingsprosent kan bli ledig ved eventuelle interne søkjarar. I heimetenesta vil du få arbeide med dyktige og løysingsorienterte medarbeidarar, og det er kort veg mellom leiing og dei tilsette. Årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil arbeide med praktisk bistand (heimehjelp) i kombinasjon med heimesjukepleie på helg/høgtid. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav til eigenkapital gjennom kommunen, samt ha tilgang til gratis parkering. Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste! Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen! Kven er så du? Det er ønskeleg med fagbrev innan reinhald eller at du har anna relevant fagbrev innan helse. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse. Har du erfaring frå arbeid innan heimeteneste, så er det er fordel. Du må ha førarkort. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre, samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer. Om du kjennar deg igjen, bli med oss på laget! Vi tilbyr: • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontakt: Ass einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Vikariatet er ledig frå 01.10.26 - 30.09.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga . Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar-ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Kvalifikasjonar • Fagbrev som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, andre med liknande erfaring og praksis er velkomne til å søkje • Godkjent politiattest av nyare dato • Førarkort klasse B Vi vektlegg at du • er motivert for å arbeide med eldre og arbeider for å oppretthalde kvardagsmestring hjå brukarane • er fagleg engasjert og vil halde deg oppdatert • syner fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag • samarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spes.helsetenesta • har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta • har erfaring frå liknande arbeid • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi • kan dokumentere i høve til lover og forskrifter Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924. Søknadsfrist 16.08.2026 Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Skjåk kommune har ledig 80-100% vikarstilling som sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato til 31.12.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga. Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Kvalifikasjonar • Godkjent sjukepleiar • Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert • Førarkort klasse B • Godkjent politiattest Vi vektlegg at du • viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag • har erfaring frå liknande arbeid • viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert • har evne til å arbeide sjølvstendig • har gode samarbeidsevner • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi Vi tilbyr • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale • pensjonsordning i KLP Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924. Søknadsfrist 16.08.2026 Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.