
Sogndal kommune Sogn barnevern · Sogndal
Me søkjer no etter ein sjølvstendig, strukturert og fagleg trygg sakshandsamar i 100% fast stilling. Mottak, barnevernsvak og tenesteutvikling er ei nyoppr...
Mottak, barnevernsvak og tenesteutvikling er ei nyoppretta avdeling i Sogn barnevern, og teamet vil bestå av 3-4 tilsette. Avdelinga har ansvar for handtering av henvendingar, sakshandsaming, det førebyggande arbeidet, tverrfagleg samarbeid og vidareutvikling av tenesta.
Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.
Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har starta arbeidet med å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. Sogndal kommune er vertskap for den nye tenesta, og det vil vere kontorlokasjon på begge sider av Sognefjorden. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten – og bidra til å forme korleis tenesta skal arbeide, samarbeide og utvikle seg. Du vil bli ein del av eit nytt og større fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Stillinga vil halde fram i den nye tenesta.
Som sakshandsamar vil arbeidskvardagen i hovudsak bestå av sakshandsaming etter Lov om barnevern. Teamet vil t.d. ha ansvar for meldingshandtering, koordinere akutte saker, handsaming av innsynskrav og klagesaker, rapportering, faglege vurderingar og dokumentasjonsarbeid, fasilitere opplæring av nytilsette og student, strukturert rettleiing, tenesteutvikling og implementering av nye arbeidsmetodar, utvikle rutinar m.m.. Teamet er kontorets ansikts utad, og vil i stor grad representere tenesta i det førebyggande tverrfaglege samarbeidet.
Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid.
Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga
Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, samtidig som det er forventing om noko justert arbeidstid for gjennomføring av t.d. møteverksemd og akuttarbeid.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Stryn kommune har ledig ei 100 % fast stilling som sakshandsamar på avdeling for kart og oppmåling. Avdelinga er ein del av etat samfunnsutvikling og har ansvar for arbeid etter matrikkellova, seksjonering, adressering, eigedomsskatt, sal av kommunale bustadtomter, kart, utstikking og innmåling med meir. I denne stillinga får du ei sentral rolle i arbeidet med eigedom, kart og samfunnsutvikling. Vi ser etter deg som ynskjer å kombinere fagleg kompetanse med god service og bidra til gode løysingar for innbyggjarar, næringsliv og kommunen som heilskap. Arbeidsoppgåver • Sakshandsaming etter matrikkellova og anna relevant lovverk • Sal av kommunale bustadtomter • Eigedomsskatt • Seksjonering • Oppgåver innan tingsrett og eigedomsrett • Arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa søkjaren sin kompetanse og etaten sine behov. Kvalifikasjonar • Relevant utdanning innan eigedomsfag, byggfag, geomatikk, plan og byggjesak eller tilsvarande • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen sitt målføre er nynorsk. • God kjennskap og evne til bruk av digitale verktøy • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Du er strukturert, nøyaktig og løysingsorientert • Gode evner til kommunikasjon både internt og eksternt • Evne til å arbeide godt sjølvstendig, i team og på tvers av avdelingar Vi tilbyr • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver • Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar • Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell • Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune. KontaktinformasjonAnita Myklebust, Avdelingsleiar, 97663174, anita.myklebust@stryn.kommune.no ArbeidsstadTonningsgata 4 6783 Stryn Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5154821856 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.08.2026
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent (dokumentasjonsforvaltar) Ved faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting er det ledig eit 100 % vikariat som seniorkonsulent i 6 månader, med moglegheit for forlenging. Faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting ivaretek arkivfunksjonen for UiB og forvaltar sakarkivsystemet WebSak og UiBs fysiske papirarkiv. Faggruppa ligg under HR-avdelinga. Arbeidsoppgåver: Den som vert tilsett, vil delta i drift og utvikling av dokumentasjonsforvaltning og arkivfunksjonane ved Universitetet i Bergen, som inneber mellom anna følgjande oppgåver: • Postmottak, dokumentregistrering, kvalitetskontroll og journalføring • Oppfølging av krav om dokumentinnsyn • Brukarstøtte og rettleiing for sakshandsamarar og leiarar • Produksjon av offentleg journal • Vedlikehald av rutiner • Forvaltning av eldre arkiv Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarane må ha høgare utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande utdanning som er relevant for dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning • Erfaring med brukarstøtte og praktisk erfaring med elektronisk dokumenthandsaming og arkiv vil bli vektlagt • Det er ein fordel med erfaring med WebSak, Elements eller andre sakarkivsystem og med handsaming av krav om innsyn • Det er ein fordel med god generell IT-kunnskap og kjennskap til administrative datasystem • Forståing for og erfaring med skjematenester, arkivintegrasjonar og/eller dokumentmalar er ein fordel, men ikkje eit krav Vi søkjer ein person som: • har engasjement og interesse for dokumentasjonsforvaltning og arkivfaget • er serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter og auge for å utvikle/forbetre administrative rutinar Vi kan tilby: • Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 611 900 - 660 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: fungerande arkivleiar Per Christian Gaustad, e-post: Per.Gaustad@uib.no, telefon; 55583485 Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hòl i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Vil du være med å bygge opp og forme ein nyoppretta seksjon? Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er å sikre at lover og reglar for grensekryssande vareførsel blir etterlevde. Med brei og målretta verkemiddelbruk arbeider vi for auka etterleving før, under og etter grensepassering. No har du høve til å bli ein del av seksjon for saksbehandling i Tolletaten som sakshandsamar. Du får arbeide med eit breitt spekter av fagleg spennande oppgåver i ein seksjon med nasjonalt fagansvar og eit viktig samfunnsoppdrag. Seksjon for saksbehandling har eit nasjonalt ansvar for eit viktige saksfelt som omfattar løyve, autorisasjonar, godkjenningar, sanksjonar og innsynssaker. Seksjonen er under oppbygging og vil på sikt bestå av mellom 20 og 25 tilsette. Vi søkjer både rådgivarar og seniorrådgivarar med ulik fagleg bakgrunn. Sentrale arbeidsoppgåver: • sakshandsaming av søknader etter vareførselsregelverket (til dømes søknad om bistand til å beskytte immaterielle rettar, søknad om autorisasjonar som gir forenklingar for næringa, innsynskrav etter offentleglova mm.) • behandling av kontrollrapporter og ilegging av sanksjonar for brot på vareførselsregelverket • klagesakshandsaming innan eige fagområde • bidra i effektiviserings- og utviklingsarbeid, og delta i arbeidet med regelverksutvikling innan fagområdet • opplæring innan seksjonen sine fagområde for tilsette i Tolletatens og for næringslivet • samarbeid med andre einingar i etaten og med eksterne samarbeidsaktørar Du må rekne med variasjon i arbeidsoppgåver ut frå seksjonen sine prioriteringar og satsingar. Kvalifikasjonar: • Relevant bachelor for stilling som rådgivar. • Relevant mastergrad for stilling som seniorrådgivar (aktuelle fag for begge stillingar kan vere rettsvitskap, toll, logistikk og administrasjon mm.) I særlege tilfelle kan bestått bachelor erstatte krav om master. • Tollfaglig utdanning fra Tolletatens kompetansesenter og god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelor- eller mastergrad. • Relevant arbeidserfaring, for stilling som seniorrådgivar er det krav om særleg relevant arbeidserfaring. • Gode fagkunnskapar og godt fagleg skjønn. • God digital kompetanse. • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk. Det er ønskjeleg med erfaring frå: • digital sakshandsaming og bruk av relevante system og verktøy • planlegging og gjennomføring av kurs og presentasjonar, både digitalt og fysisk • utviklings-, forbetrings- og prosessarbeid Vi søkjer deg som: • trivst med ansvar for eigne saker og oppfølging av desse • er strukturert og leverer arbeid av høg kvalitet innanfor fastsette fristar • tek initiativ til forbetring og utvikling • har gode samarbeidsevner, lyttar til andre og bidreg til godt samarbeid • er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet Er du på jakt etter nye utfordringar og synest dette verkar som eit interessant arbeid, er du velkomen til å søkje på stillingane. Vi ønskjer søkjarar med både kortare og lengre relevant erfaring. Vi tilbyr: • eit tverrfagleg arbeidsmiljø, med eit viktig felles samfunnsoppdrag • moglegheit til å delta i arbeidsgrupper og prosjekt • løn ut frå kvalifikasjonar og erfaring, i stillingskode som rådgivar 500 000 – 650 000 og seniorrådgivar 650 – 800 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar til stilling som seniorrådgivar kan noko høgare lønn vurderast • eit moderne kontorlokale sentralt på Danmarksplass, med sykkelparkering, treningsrom og ein veldriven kantine • fleksibel arbeidstid, og moglegheit for BIA (rørsle i arbeidstida). I tillegg får du medlemskap i Statens pensjonskasse, som har gode forsikrings- og pensjonsordningar, og dessutan gode vilkår på bustadlån • moglegheit for noko lågare stillingsprosent for kandidatar som av helsemessige årsaker har behov for det Kandidatar som får tilbod om stilling, må rekne med å bli omfatta av SEMAC-bakgrunnssjekk. Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing. For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør June Nesse på 477 97 831. Om du har spørsmål knytt til rekrutteringa kan HR kontaktast på PB_VD-HR@tollno Søknadsfrist 23. august 2026 Til deg som søkjer jobb i Tolletaten Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar. Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen. Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.