
Tolletaten · Bergen
Vil du være med å bygge opp og forme ein nyoppretta seksjon? Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er å sikre at love...
Vil du være med å bygge opp og forme ein nyoppretta seksjon?
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er å sikre at lover og reglar for grensekryssande vareførsel blir etterlevde. Med brei og målretta verkemiddelbruk arbeider vi for auka etterleving før, under og etter grensepassering.
No har du høve til å bli ein del av seksjon for saksbehandling i Tolletaten som sakshandsamar. Du får arbeide med eit breitt spekter av fagleg spennande oppgåver i ein seksjon med nasjonalt fagansvar og eit viktig samfunnsoppdrag.
Seksjon for saksbehandling har eit nasjonalt ansvar for eit viktige saksfelt som omfattar løyve, autorisasjonar, godkjenningar, sanksjonar og innsynssaker. Seksjonen er under oppbygging og vil på sikt bestå av mellom 20 og 25 tilsette.
Vi søkjer både rådgivarar og seniorrådgivarar med ulik fagleg bakgrunn.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Du må rekne med variasjon i arbeidsoppgåver ut frå seksjonen sine prioriteringar og satsingar.
Kvalifikasjonar:
Det er ønskjeleg med erfaring frå:
Vi søkjer deg som:
Er du på jakt etter nye utfordringar og synest dette verkar som eit interessant arbeid, er du velkomen til å søkje på stillingane. Vi ønskjer søkjarar med både kortare og lengre relevant erfaring.
Vi tilbyr:
Kandidatar som får tilbod om stilling, må rekne med å bli omfatta av SEMAC-bakgrunnssjekk. Du må kunne levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør June Nesse på 477 97 831. Om du har spørsmål knytt til rekrutteringa kan HR kontaktast på PB_VD-HR@tollno
Søknadsfrist 23. august 2026
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Me søkjer no etter ein sjølvstendig, strukturert og fagleg trygg sakshandsamar i 100% fast stilling. Mottak, barnevernsvak og tenesteutvikling er ei nyoppretta avdeling i Sogn barnevern, og teamet vil bestå av 3-4 tilsette. Avdelinga har ansvar for handtering av henvendingar, sakshandsaming, det førebyggande arbeidet, tverrfagleg samarbeid og vidareutvikling av tenesta. Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge. Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har starta arbeidet med å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. Sogndal kommune er vertskap for den nye tenesta, og det vil vere kontorlokasjon på begge sider av Sognefjorden. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten – og bidra til å forme korleis tenesta skal arbeide, samarbeide og utvikle seg. Du vil bli ein del av eit nytt og større fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Stillinga vil halde fram i den nye tenesta. Me har ledig: • Ei fast stilling, 100% sakshandsamar Arbeidsoppgåver: Som sakshandsamar vil arbeidskvardagen i hovudsak bestå av sakshandsaming etter Lov om barnevern. Teamet vil t.d. ha ansvar for meldingshandtering, koordinere akutte saker, handsaming av innsynskrav og klagesaker, rapportering, faglege vurderingar og dokumentasjonsarbeid, fasilitere opplæring av nytilsette og student, strukturert rettleiing, tenesteutvikling og implementering av nye arbeidsmetodar, utvikle rutinar m.m.. Teamet er kontorets ansikts utad, og vil i stor grad representere tenesta i det førebyggande tverrfaglege samarbeidet. Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid. Kvalifikasjonar: • Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Søkarar med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan bli vurdert. • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner. • Gode IT ferdigheiter. • Ønskjeleg med erfaring frå barnevern/anna relevant erfaring frå sakshandsaming knytt til barnevernslova. • Ønskjeleg med erfaring frå mottaksarbeid, herunder vurdering av bekymringsmeldingar, akuttarbeid, rettleiing knytt til lovverk, anonyme drøftar m.m. • Ønskjeleg med erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid. • Førarkort: klasse B/automatgir. • Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting. Me ser etter deg som har: • Erfaring frå barnevern/anna relevant erfaring frå sakshandsaming knytt til barnevernslova. • Jus kompetanse. • Rettleiingskompetanse. • Kompetanse knytt til førebyggande arbeid. • Kompetanse knytt til samarbeid, nettverksbygging og utviklingsarbeid. • Erfaring frå det digitale fagprogrammet Visma Flyt barnevern. Personlege eigenskapar: • Me søker ein kollega med høgt fagleg engasjement og integritet, som er ansvarsbevisst og sjølvstendig, og har evne til å både ta eige initiativ og samtidig vere lydhøyr og lojal. • Du må ha gode haldningar og evne å samarbeide godt, både med familiar, internt i tenesta og med våre samarbeidspartnarar. • Du er ein person som meistrar å arbeide strukturert og systematisk. Du skal samtidig ha gode faglege og analytiske ferdigheiter. • Du må kunne ta forsvarlege avgjersler under tidspress, både åleine og saman i teamet. • Du er utviklingsorientert og ynskjer å bidra i forbetringsarbeidet. Du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav. • Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress. Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga Kva får du hjå oss: • Du får bidra til at risikoutsette barn og unge får betra sine omsorgstilhøve, og at familiar får ein betre kvardag. • Du får vere med å løfte oss slik at me kan gje barn, unge og deira familiar endå betre tenester. • Me har eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid intern og med andre. • Systematisk opplæring, og vekentleg rettleiing det første året. Deretter deltek du på/mottek du rettleiing annankvar veke. • Me er ein sosial og inkluderande gjeng som finn på kjekke aktivitetar i og etter arbeidstid. • Ein spanande og god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar og spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med å kvalitetsutvikla tenestene våre. • Ein variert arbeidskvardag, med stor fagleg og arbeidsmessig autonomi. Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, samtidig som det er forventing om noko justert arbeidstid for gjennomføring av t.d. møteverksemd og akuttarbeid. • Løn etter avtaleverket. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit. Intervju vert gjennomført 27. og 28. juli 2026. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som spesialkonsulent frå 01.10.2026. Vi søker ein engasjert og sjølvstendig konsulent i kommunalområde helse og omsorg. Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein konsulent som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde. Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg. Arbeids- og ansvarsområde • Praktisk støtte til leiarar mellom anna personalmeldingar, utarbeiding av arbeidsavtalar og oppdragsavtalar, håndtering av lønsrelaterte saker frå leiarar, samt varebestilling og mottak • Håndtering av ledige vakter • Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing • Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement • støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem • Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid • Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling • Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga • Informasjonsarbeid • Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring • Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter tariff Kap. 4, stillingskode 6599 spesialkonsulent • minimum 6 års tilleggsansiennitet • fleksitidsordning • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka: https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune Kvalifikasjonar • Relevant utdanning frå høgskule/universitet innan helse-, organisasjons- eller administrative fag på bachelornivå • Vidareutdanning innan relevante fag som økonomi, prosjektleiing, helserett, kan fråvikast om ein er villig til å ta vidareutdanning • Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid • Har kunnskap om reglement og lovverket på området • Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon • God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem Personlege eigenskapar Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: • Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming • Er god problemløysar som jobbar godt under press • Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter • Er god på å bygge relasjonar og samarbeid • Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter • Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. • det er viktig at alle søkjarar legg ved attestar og annan relevant dokumentasjon, slik at ansienniteten kan fastsetjast korrekt ved ei eventuell tilsetjing. Krav til språk Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Me søkjer no etter ein sjølvstendig og løysingsorientert kontaktperson i 100% fast stilling. Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av undersøking og evaluering av hjelpetiltak kring barn og deira familiar, i tråd med Lov om barnevern. Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge. Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har starta arbeidet med å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. Sogndal kommune er vertskap for den nye tenesta, og det vil vere kontorlokasjon på begge sider av Sognefjorden. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten – og bidra til å forme korleis tenesta skal arbeide, samarbeide og utvikle seg. Du vil bli ein del av eit nytt og større fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Stillinga vil halde fram i den nye tenesta. Me har ledig: • Ei fast stilling, 100% kontaktperson/sakshandsamar Arbeidsoppgåver: Som kontaktperson/sakshandsamar vil arbeidskvardagen i hovudsak bestå av sakshandsaming etter Lov om barnevern, der du vil både ha ansvar for undersøkingar og oppfølging av hjelpetiltak. Du vil vere barn, unge og familiar sin nærmaste kontakt i barnevernet, og ha ansvar for å vurdere og sikre dei naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. Arbeidet har ei hovudvekt av frivillige hjelpetiltak i heimen. Samtidig som det er forventa at du følg opp komplekse saker med både høg og akutt bekymring, og følg sakene i ev. rettslege prosessar. Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid. Kvalifikasjonar: • Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Søkarar med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan bli vurdert. • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner. • Ønskjeleg om erfaring frå kommunalt barnevern/tilgrensande tenester. • Ønskje om erfaring frå sakshandsaming. • Førarkort: klasse B/automatgir. • Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting. Me ser etter deg som har: • Erfaring frå kommunalt og/eller statleg barnevernsarbeid eller tilgrensande tenester. • Relasjonskompetanse. • Kompetanse i samtaler med barn. • Jus kompetanse. • Minoritetskompetanse. • Erfaring i konflikthandtering. • Erfaring frå det digitale fagprogrammet Visma Flyt barnevern Personlege eigenskapar: • Me søker ein kollega med høgt fagleg engasjement og integritet, med evne til å opptre raust, audmjukt og tydeleg overfor barn og familiar som er i behov av hjelp frå oss. • Du må vere ansvarsbevisst og sjølvstendig, og ha evne til å både ta eige initiativ og samtidig vere lydhøyr og lojal. • Du må ha gode haldningar og evne å samarbeide godt, både med familiar, internt i tenesta og med våre samarbeidspartnarar. • Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress. • Du er ein person som meistrar å oppretthalde ein god struktur, oversikt og fagleg perspektiv i arbeidet ditt. Du skal samtidig ha gode analytiske ferdigheiter. • Du er fleksibel og trivst med utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav. Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga Kva får du hjå oss: • Du får bidra til at risikoutsette barn og unge får betra sine omsorgstilhøve, og at familiar får ein betre kvardag. • Du får vere med å løfte oss slik at me kan gje barn, unge og deira familiar endå betre tenester. • Me har eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid intern og med andre. • Systematisk opplæring, og vekentleg rettleiing det første året. Deretter deltek du på/mottek du rettleiing annankvar veke. • Me er ein sosial og inkluderande gjeng som finn på kjekke aktivitetar i og etter arbeidstid. • Ein spanande og god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar og spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med å kvalitetsutvikla tenestene våre. • Ein variert arbeidskvardag, med stor fagleg og arbeidsmessig autonomi. Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, samtidig som det er forventing om noko justert arbeidstid for gjennomføring av t.d. heimebesøk og akuttarbeid. • Løn etter avtaleverket. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit. Intervju vert gjennomført 27. og 28 juli 2026. Link til søknadsskjema: Søk her