Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar. Eininga her ledige stillingar på begge hus.
Stillingane er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg.
Som sjukepleiar eller vernepleiar i våre avdelingar vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.
Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som sjukepleiar/vernepleiar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet. Dette inkluderer å sjå på løysningar som sjukepleiarteam.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stord