Er du sjukepleiar eller helsefagarbeidar og ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt! Helseteam 1 er ein del av Heimebaserte tenester i Stord kommune. Me jobbar aktivt med å nytte ressursane våre på ein best mogleg måte, med fokus på kompetanse og oppgåvedeling. Me har ledig faste 100% stillingar for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er: • Langvaktsturnus med langvakter kvar 4. helg i årsturnus. • Turnus dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar eller helsefagarbeidar vil du vere ein del av eit team som gir gode og trygge tenester til brukarane våre, i tråd med vedtak og tildelte timar. Du møter brukar og pårørande med respekt og med fokus på >. Me ser etter deg som: • Er ansvarsbevisst, strukturert og nøyaktig • Er fagleg oppdatert og engasjert i kunnskapsbasert praksis • Har høg arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner • Kan arbeide sjølvstendig og målretta • Har gode kommunikasjonsevner • Personlege eigenskapar vert vektlagt Kvalifikasjonskrav • Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar • Erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Personar med erfaring frå eldreomsorg og som jobbar mot fagbrev, eller lærlingar på siste året, er også velkomne til å søkje på helsefagarbeidarstillingane • Førarkort klasse B Politiattest: Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga. Me tilbyr: • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Engasjerte kollegaer med brei kompetanse • God opplæring og oppfølging • Eit arbeidsmiljø med fokus på ansvar og oppgåvedeling • Høgt fagleg nivå • IA-bedrift og bedriftshelseteneste • Tilgang til Stord Ve og Vel med leige av leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og utstyr • Løn og vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk • Offentleg tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Vil du vere med å utvikle framtidas tenester til heimebuande? Send oss ein søknad. Me ser fram til å høyra frå deg! Dette er ei kombinert stilling i Sjukepleie- og meistringsteamet i Aktivitet og re/habilitering i Heimerehabiliteringsteam. Det er ledig fast 100 % stilling for autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Stillinga er delt mellom 40 % i Sjukepleie- og meistringsteamet med turnusarbeid kvar 3. helg, og 60 % i Heimerehabiliteringsteam med arbeid dagtid. Stillinga gir deg ein spennande og variert arbeidskvardag med moglegheit til å følgje brukarar gjennom ulike fasar av helsetenestene. Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg utvikling, tverrfagleg samarbeid og å bidra til at innbyggjarane kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Sjukepleie- og meistringsteamet består av sjukepleiarar som har eit særleg ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver til heimebuande brukarar. Teamet arbeider målretta med kartlegging, avansert sjukepleie, observasjon, behandling, rettleiing av kollega, koordinering og meistring. Heimerehabilitering er eit tverrfagleg tilbod til personar som har opplevd eit brått eller gradvis funksjonsfall som har behov for oppfølging etter sjukdom eller skade. Teamet arbeider målretta og tidsavgrensa for å styrkje brukarane si eiga meistring og sjølvstende i kvardagen. I teamet samarbeider sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar tett med brukaren. Treninga tek utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og det som er viktig i kvardagen. Målet er å styrkje funksjon, meistring og moglegheita til å vere aktiv og sjølvstendig i eigen kvardag. Me er ein organisasjon i utvikling og har samla sjukepleiarkompetansen i eit eige fagmiljø der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står sentralt. Teamet er også involvert i utvikling av sjukepleieklinikk og nye arbeidsmåtar innan framtidas heimebaserte tenester. Kvifor velje oss? Hos oss får du: • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø • Tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fleire faggrupper • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver • Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene • God opplæring og tett oppfølging • Fokus på fagutvikling og kunnskapsbasert praksis • Ein meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefagleg oppfølging av heimebuande brukarar • Kartlegging, vurdering og oppfølging av helsetilstand • Rehabiliterande oppfølging og meistringsarbeid i brukarane sine heimar • Legemiddelhandtering og kliniske prosedyrar • Samarbeid med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar • Tverrfagleg samarbeid i heimerehabiliteringsteamet • Rettleiing av studentar, elevar og kollegaer • Bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring Me ser etter deg som • Er fagleg engasjert og utviklingsorientert • Har gode samarbeidsevner • Er sjølvstendig og strukturert • Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer • Har interesse for rehabilitering, meistring og tverrfagleg samarbeid • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning og/eller erfaring innan rehabilitering kan og søke • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera norskkunnskapar tilsvarande nivå B2 • Førarkort klasse B • Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt Politiattest: Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga. Me tilbyr • Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen (gjeld sjukepleiar) • Eit spennande og innovativt fagmiljø • Varierte arbeidsoppgåver innan både sjukepleie og rehabilitering • IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste • Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar • Offentleg tenestepensjon • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk Dersom søkjar ønskjer å bli unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om reservasjon. Søkjar vert varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.
Vil du vere med og forme framtida for heimebaserte tenester? Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar i eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt! Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit fagleg sterkt og støttande miljø, der du får brukt kompetansen din til det fulle og vere med på å utvikle framtidas tenester til heimebuande. Me er ei eining i utvikling og jobbar aktivt for å møte framtida med ny organisering, ansvar- og oppgåvedeling. For å styrkje fagmiljøet har me samla alle sjukepleiarane våre i eit eige Sjukepleiar- og meistringsteam, der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står i sentrum. Me har ledig 5 x 100 % stillingar for autoriserte sjukepleiarar i vårt Sjukepleiar- og meistringsteam Arbeidstidsordningar Me tilbyr arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er: Alternativ 1 • Langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg i årsturnus Alternativ 2 • Turnus dag og kveld med arbeid kvar 3. helg i årsturnus Kvifor velge oss? Hos oss får du: • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø • Tett samarbeid med dyktige kollegaer • Moglegheit til å påverke eigen turnus • God opplæring og eigen fadder som følgjer deg opp • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell Målet vårt er at innbyggjarane skal kunne bu trygt og godt heime, og vere mest mogleg sjølvstendige i eige liv. Me er også i gang med å etablere vår eiga sjukepleieklinikk, der brukarar kan få tenester som sårstell, injeksjonar, oppfølging av ernæring og andre planlagde sjukepleiefaglege tenester. Arbeidsoppgåver • Yte pleie og omsorg etter vedtak • Ivareta sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukarar • Kartlegging, observasjon, vurdering og oppfølging av pasientar • Samhandle med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar • Bidra i utvikling av tenesta og fagleg kvalitetsarbeid • Rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar Me ser etter deg som: • Har høg arbeidskapasitet og arbeider strukturert og sjølvstendig • Er påliteleg og tek ansvar • Brenn for kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling • Kommuniserer godt med kollegaer, brukarar og pårørande • Har eit ekte engasjement for å arbeide med menneske • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper Kvalifikasjonskrav • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere språkkompetanse på nivå B2 • Førarkort klasse B • Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt Politiattest: Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga. Me tilbyr: • Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø • Fagleg utvikling og kompetanseheving • IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste • Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar • Offentleg tenestepensjon • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk Me gler oss til å høyre frå deg! Offentleg søkjarliste Dersom søkjar ønskjer å verte unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verte oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.