
Sunnfjord kommune Legetenesta · Sunnfjord
Legetenesta i Sunnfjord kommune har 4 legekontor, Førde, Naustdal, Skei og Sande. Alle kontora har knytt til seg gruppe av hjelpepersonell som består av sjukepl...
Legetenesta i Sunnfjord kommune har 4 legekontor, Førde, Naustdal, Skei og Sande. Alle kontora har knytt til seg gruppe av hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, helsesekretærar/helsefagarbeidarar. Ved alle legekontora er det ekspedisjon, laboratorium, behandlingsrom og akuttstover. Opningstidene er 08.00- 15.30 alle kvardagar.
Under føresetnad av endeleg godkjenning av stillinga er følgjande stilling ledig.
Legetenesta i Sunnfjord søker etter:
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar søkar må ha:
Politiattest av ny dato må leverast før start i stilling.
Vi søker deg som
Vi tilbyr
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus: • 100 % fast stiling, oppstart frå 24.08.2026 • 100 % årsvikariat, oppstart frå 24.08.2026 Oppgi gjerne i søknaden kva stiling du er interessert i, og om begge er aktuelle. Arbeidstid Stillinga inngår i 3-delt turnus Arbeid kvar tredje helg Om avdelinga Ortopedisk sengepost har omlag 38 årsverk fordelt på sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeiderar. Vi held til i nye og moderne lokale i "Livabygget". Du vil møte pasientar innan: • traumatologi • handkirurgi • skulderkirurgi • protesekirurgi – hofte, kne, skulder • fotkirurgi • ryggkirurgi Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune Arbeidsoppgåver • Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov • Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande • Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar • Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter • Du har gruppeleiarfunksjon ved behov • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Relevant sjukehuserfaring Personlege eigenskapar • Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt • Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten • Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper • Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHåvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5147109916 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 26.07.2026
Vil du bruke sjukepleiarkompetansen din der du verkeleg betyr noko – kvar einaste dag? Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag, der du får bruke kompetansen din, ta ansvar og vere med på å gjere ein forskjell for menneske som treng deg. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi spelar kvarandre gode. Vi trur at gode tenester blir skapte av medarbeidarar som trivst, og derfor legg vi stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og å ta vare på kvarandre. Kollegaene dine har brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg samt mykje humor og eit sterkt engasjement for bebuarane våre. Naustdal omsorgssenter er eit mindre omsorgssenter med 19,64 årsverk. Vi yter heildøgns omsorg til personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Hos oss blir du godt kjend med både bebuarar og kollegaer, og du blir ein viktig del av eit fagmiljø der alle bidreg og blir sett. Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare. Vi har ledig: • 100 % fast stilling som sjukepleiar Du får ein variert arbeidskvardag i tredelt turnus. Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det. Arbeidsoppgåver: • yte heilskapleg og fagleg forsvarleg sjukepleie til bebuarane våre • observere, vurdere og følgje opp endringar i pasientane sin helsetilstand • handtere legemiddel og dokumentere i journalsystemet Cosdoc • samarbeide tett med pårørande, tilsynslege og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp • bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav: • norsk autorisasjon som sjukepleiar • beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg Vi søker deg som: • er engasjert og lærevillig • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap • har stor arbeidskapasitet • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling • har grunnleggande datakunnskapar – vi nyttar fagprogrammet Cosdoc • er endringsvillig og løysingsorientert • er trygg på å jobbe både sjølvstendig og i team • er trygg på å ta ansvar Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr deg: • eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar • tett samarbeid på tvers av profesjonar, der ulike fagkompetansar blir verdsette • ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg • moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø • ein variert og meiningsfull arbeidskvardag • fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning • rekrutteringstillegg på kr 35 000 per år Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga. Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om bebuarane og kvarandre. Vi gler oss til å høyre frå deg! Du søker elektronisk. Link til søknadsskjema: Søk her
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med plikt til å gi augeblikkeleg hjelp. Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø. Psykiatrisk klinikk sikkerheit består av ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Avdelinga tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 11 pasientar ute i eigen bustad/tiltak. I tillegg til å gje psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sjukehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet. Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit Vi har ledig: • 1 x 100% fast stilling for vernepleiar • 2 x 100% fast stilling for sjukepleiar Startdato: etter avtale PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift. Arbeidsoppgåver • Arbeid på sengepost, ambulant sikkerheitsteam, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid • Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen • Gje psykiatrisk pleie og omsorg • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til seksjonen • Andre oppgåver etter avtale med leiar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar • Relevant vidareutdanning vil bli vektlagt • Relevant erfaring er ønskjeleg • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad • Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg Personlege eigenskapar • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta • Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottek gjerne hjelp • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeidar stabilt under press • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Personleg egnaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling • Opplæring • Turnusordning med moglegheit for langvakter (12,5t) • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, (+47) 577 14 331 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5152922989 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026