
Heimesjukepleie, Tokke kommune · Tokke
Vil du bli ein del av sjukepleiarteamet i kommunen vår? Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode og trygge helsetenest...
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode og trygge helsetenester. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt sjukepleiarteam som jobbar saman for å gje heilskapleg og kvalitetsikra oppfølging til innbyggjerane våre.
Stillinga er knytt til sjukepleiarteamet, med arbeidsoppgåver både i heimetenesta og institusjon.
Me nyttar årsturnus, med mogleghet for langvakter både i vekedagar og på helg dersom du ynskjer det.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Ved spørsmål om stillinga kontakt avdelingsleiar for heimetenesta/sjukepleiarteam Silje Andrea Kyrkjebø tlf 473 99 988
KontaktinformasjonSilje Andrea Kyrkjebø, Avdelingsleiar, +47 47399988
ArbeidsstadRevahaugvegen 6
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5118543693
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid? I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. Hos oss arbeider me tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenter med opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen. Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter. Arbeidsoppgåver • Sjukepleiarfagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, elevar og studentar ved behov Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Erfaring frå pleie- og omsorgstenesta er ein fordel • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • ønskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre • er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare • samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert • trivst med ansvar og tek initiativ • møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet • har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing Vi tilbyr • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde • God opplæring og tett fagleg oppfølging • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø • Moglegheit for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass • Gode lønnsvilkår med lokal stige • God forsikrings- og pensjonsordning • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonBjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553 ArbeidsstadSetali 6A 3864 Rauland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5149018374 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko. Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre. Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer! Dette er Vinje sjukeheim: Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar) Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Kollegatøtte er viktig for oss. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det. Sjukeheimen skal igang med mentorordning for nytilsette, noko som vil sei at du som nytilsett får tett oppfølging av ein kollega som er mentor. Arbeidsoppgåver • Sjukepleiaroppgåver, både admisistrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar • Rettleie og gje opplæring til kollegaer, bebuarar og deira pårørande • Samtaler og tett kontakt med pårørande • Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging • Bidra til fagutvikling på avdelinga • Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg) Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Me oppmodar nyutdanna til å søkje. Personlege eigenskapar • Du har eit smil på lur, ein dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar • Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg • Du er fleksibel, engasjert og er klar for ein spanande jobb • Du tek ansvar og viser omsorg - både som menneskje, sjukepleiar og kollega • Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig • Du har evne til å arbeide sjølvstendig • Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Me tilbyr • Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det vesle ekstra • ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema • Det blir gjeve støtte til relevant vidareutdanning. • Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar • God forsikrings- og pensjonsordning • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar • Me har eit aktivt friluftsliv i kommunen • Løn etter lokal lønstabell - høgare enn KS sin sentrale minsteløn Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonHanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 212 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5152092671 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! Som sjukepleier hos skal du vere med å bidra til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga/avdelinga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn. Fusa bu og behandlingssenter (FBBS) søkjer etter to engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar i 100 % stillingar. Stillinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale. Det er mogleg å gå i redusert stilling om ønskeleg. Stillingane er lagt til ressursbemanningsteamet, i første omgang som vikariat for sjukepleiar som er i foreldrepermisjon. Du vil få høve til å jobbe på fleire avdelingar i tverrfagleg team, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og utfordringar. Vi ser etter deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukepleien i eldreomsorga, og som vil bidra aktivt i møte med framtidige utfordringar. Hos oss arbeider vi målretta med nye former for oppgåvedeling. Arbeidsstad Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS) - Heimetenester Fusa avd. 1 Eikelandsosen. FBBS er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune med flott sansehage og utsikt over fjorden. Arbeidsoppgåver • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at pasientane sine rettar vert teken i vare • Drive forbedringsarbeid og videreutvikle tenestene • Dokumentering av helsehjelp i Profil • Undervisning retta mot anna helsepersonell i høve til medisinske prosedyrar, legemiddelhandsaming osb. • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.) Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg • Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar • Løysingsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande • Gode evner til observasjon og dokumentasjon • God evne til etisk refleksjon over eigen praksis • Bidra til godt arbeidsmiljø Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Løn etter gjeldende avtaler. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen • Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid • Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode kollegaer • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Vi gjennomfører intervju og tilsetting fortløpande, og oppmodar til å søkje så snart som mogleg. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her