
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester · Bjørnafjorden
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! Som sjukepleier hos skal...
Fusa bu og behandlingssenter (FBBS) søkjer etter to engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar i 100 % stillingar. Stillinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale. Det er mogleg å gå i redusert stilling om ønskeleg.
Stillingane er lagt til ressursbemanningsteamet, i første omgang som vikariat for sjukepleiar som er i foreldrepermisjon. Du vil få høve til å jobbe på fleire avdelingar i tverrfagleg team, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og utfordringar. Vi ser etter deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukepleien i eldreomsorga, og som vil bidra aktivt i møte med framtidige utfordringar. Hos oss arbeider vi målretta med nye former for oppgåvedeling.
Arbeidsstad
Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS) - Heimetenester Fusa avd. 1 Eikelandsosen.
FBBS er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune med flott sansehage og utsikt over fjorden.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi gjennomfører intervju og tilsetting fortløpande, og oppmodar til å søkje så snart som mogleg.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar. Vi har 2 ledige 100 % faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar. Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg, med ønske om oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen. Kvifor velje oss? • Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt • Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik! • Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper • Du får bruke kompetansen din der behovet er størst • Du blir del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar Arbeidsstad Eikelandsosen Arbeidsoppgåver • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk • Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon • Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt • Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskurs og intern opplæring • Bidra til godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar • Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert • Har gjerne relevant vidareutdanning • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg • Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen • Tilsett i stillinga kan etter lokal ordning få eingongsutbetaling på kr. 30.000 i særskilt rekrutteringstillegg, etter fullført og dokumentert prøvetid • Nyutdanna som har hatt fast deltidsstilling med stipendordning i Bjørnafjorden kommune under utdanninga, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000 ved oppstart i stillinga • 100 % stilling i eit aktivt miljø med høgt tempo, fokus på fag, og gode kollegaer • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing • Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld, og helg • Vi har plan for internundervisning, og det er moglegheit for relevant vidareutdanning • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid? I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. Hos oss arbeider me tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenter med opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen. Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter. Arbeidsoppgåver • Sjukepleiarfagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, elevar og studentar ved behov Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Erfaring frå pleie- og omsorgstenesta er ein fordel • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: • ønskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre • er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare • samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert • trivst med ansvar og tek initiativ • møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet • har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing Vi tilbyr • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde • God opplæring og tett fagleg oppfølging • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø • Moglegheit for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass • Gode lønnsvilkår med lokal stige • God forsikrings- og pensjonsordning • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonBjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553 ArbeidsstadSetali 6A 3864 Rauland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5149018374 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du bli ein del av sjukepleiarteamet i kommunen vår? Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode og trygge helsetenester. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt sjukepleiarteam som jobbar saman for å gje heilskapleg og kvalitetsikra oppfølging til innbyggjerane våre. Om stillinga: Stillinga er knytt til sjukepleiarteamet, med arbeidsoppgåver både i heimetenesta og institusjon. Me nyttar årsturnus, med mogleghet for langvakter både i vekedagar og på helg dersom du ynskjer det. Arbeidsoppgåver • Sjukepleiarfagleg oppfølging av pasientar i heim og institusjon • Oppfølging av KAD - plass • Kartlegging, planlegging og evaluering av tiltak • Dokumentasjon • Samtaler og kontakt med pårørande • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Personleg eignaheit vil bli vektlagt Personlege eigenskapar • Er ein positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø • Har samarbeids - og kommunikasjonseigenskapar som skapar trygge og gode relasjonar med brukerar, pårørande og kollegaer • Er fleksibel og løysningsorientert • Jobbar sjølvstendig, er strukturert og engasjert • Er ein stabil arbeidstakar Vi tilbyr • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver • Gode kommunale arbeidsvilkår • Lønn etter lokal lønstabell • God pensjonsordning i KLP Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Ved spørsmål om stillinga kontakt avdelingsleiar for heimetenesta/sjukepleiarteam Silje Andrea Kyrkjebø tlf 473 99 988 KontaktinformasjonSilje Andrea Kyrkjebø, Avdelingsleiar, +47 47399988 ArbeidsstadRevahaugvegen 6 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5118543693 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026