
Vang Kommune · Vang
Vang kommune søkjer etter tilkallingsvikarar innan reinhald for dei ulike avdelingane i kommunen. Ved ferie og fråvær vil det vere både kortvarig og noko lengre...
Vang kommune søkjer etter tilkallingsvikarar innan reinhald for dei ulike avdelingane i kommunen. Ved ferie og fråvær vil det vere både kortvarig og noko lengre behov for vikarar, og me søkjer deg som er fleksibel og samarbeidsorientert.
Søknadar vert behandla fortløpande og aktuelle søkjarar vert kontakta.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft.
KontaktinformasjonIngeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, 99230305, Ingeborg.Lunde@vang.kommune.no
ArbeidsstedTyinvegen 5151
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 4696150746
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2026
Vi treng tilkallingsvikarar både i serviceavdelingane (vaskeri, reinhald, kjøken) og i pleieavdelingane. I pleieavdelingane har vi behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide både dag-, kveld- og nattevakter. Som tilkallingsvikar og som ferievikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Kvalifikasjonar • Som tilkallingsvikar i pleien ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning/erfaring eller er i eit helsefagleg utdanningsløp • Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja • Som tilkallingsvikar i serviceavdelinga er det ein fordel med utdanning/erfaring innan reinhald, vaskeri eller kjøkendrift, men ikkje eit krav • Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja. • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Som tilkallingsvikar må du vere fylt 17 år • Dine personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Arbeidsstad Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling og behandlingsavdeling med til saman 40 plassar. Her kjem det inn pasientar inn både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. På langtidsavdelingane har vi 2 buavdelingar, og 5 avdelingar tilpassa personar med demens sjukdom. Bebuarane våre er i ulike fasar av sjukdomen sin. Nokre er i god fysisk form, medan andre er i livets sluttfase. Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar. Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst. Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune Vi kan tilby • Løn etter gjeldande avtalar, studentavløning for relevant utdanning • Ekstra tillegg for arbeid på natt • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Har du lyst til å vera tilkallingsvikar på Bømlo bu- og helsesenter? Bømlo bu- og helsesenter (BBH) er ein sjukeheim med både langtid- og korttidsplassar fordelt på 4 ulike pasientavdelingar; Post 1 Nord, Post 2 sør og Korttid- og rehabilitering (KOR) på Svortland, og Teiglandshagen bufellesskap som ligg lokalisert på Moster. I tillegg har me eigen kjøkkenavdeling og reinhaldsavdeling på helsehuset på Svortland. Alle våre avdelingar har i periodar behov for tilkallingsvikarar. Ved BBH har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variera ut frå behovet i den aktuelle avdelinga: • KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 16 korttid- og rehabiliteringsplassar. Avdelinga har eit veldig godt arbeidsmiljø og legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta. • Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 32 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. • Teiglandshagen er eit bufellesskap med 16 plassar for personar med demenssjukdom. Bufellesskapet ligg lokalisert i Mosterhamn. Avdelinga har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Deira mål er å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient, der det blir lagt stor vekt på aktivisering og målretta miljøarbeid. • Kjøkkenet har ansvar for å produsere middag til heimebuande og dei som bu på institusjonane. I tillegg har desse ansvar for kantinedrift på helsehuset og rådhuset. • Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar Me søkjer: • Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med fullført helsefagleg utdanning. • Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. • Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane. • Kokk/kjøkkenassistent til kjøkkenet. • Assistentar til reinhald. For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16-18 år og som er under helsefagleg utdanning. Personlege eigenskapar • Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre. • Du er fleksibel og løysingsorientert. • Du er positiv, engasjert og interessert i helse. • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre. • Du er påliteleg og ansvarsfull. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Vi tilbyr • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune. • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder. Andre opplysingar Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25. Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dei ulike avdelingsleiarane eller verksemdleiar Monica Smedsrud. KontaktinformasjonMonica Smedsrud, Verksemdleiar, 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no Kristina H. Pettersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242, kristina.halleraker.pettersen@bomlo.kommune.no Solveig G. Madsen, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732, solveig.gausvik.madsen@bomlo.kommune.no Chatrin P. Risøy, Avdelingsleiar Natt og Reinhald, 479 70 390, chatrin.risoy@bomlo.kommune.no Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar Teiglandshagen, 457 20 536, ann.heidi.mathisen@bomlo.kommune.no Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar, 472 75 457, ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune,no ArbeidsstadLeirdalen 25 5430 Bremnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5133030884 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 18.12.2026
Eining for plan og teknikk har stadig behov for tilkallingsvikarer som reinhalder. Nissedal kommune har for tida tretten bygg som dagleg skal reingjerast. Til saman er det ti reinhaldarar som kvar dag sikrar fornøgde brukarar. Nissedal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunsengasjerte. Kvalitet i tenastene skapast gjennom godt abeidmiljø og mangfold blant dei tilsette. Reinhalderane jobber både i team på to og to, eller alene. ArbeidsoppgåverReinhald av kommunale bygg.Kvalifikasjonar Ønskede Kvalifikasjonar • Fagbrev som reinhaldar, eller god erfaring innan reinhald • Førarkort klasse B • Eigen transport mellom arbeidsstadar der samkøyring ikkje er mogleg • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt • Pålitelig og punktlig Personlege eigenskapar • Serviceinnstilt • Effektiv • God på kommunikasjon • Sjølvstendig • Fleksibel • Ansvarsbevisst • Likar variert og fysisk jobb Vi tilbyrTilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Anna: Ved tilsetting blir det stilt krav om politiatestKontaktinformasjonIvar Ståle Hågensen, Avdelingsleiar Ivar Ståle Hågensen, +47 477 60 234 ArbeidsstadTreungvegen 398 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5050713444 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.08.2026