
Vestnes kommune Tresfjord barnehage · Vestnes
Stillingstype Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Tresfjord barnehage. Arbeidsoppgåver - arbeid på avdelingane med delansvar for det ped...
Stillingstype
Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Tresfjord barnehage.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort
Link til søknadsskjema: Søk her
Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barnehagelærar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 15. august 2026 eller etter avtale. Vi ser etter deg som er fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje. Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, Operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben. Arbeidsoppgåver • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen • Planlegge, gjennomføre og organisere foreldresamtalar og møte med foreldre • Rettleiingsansvar for øvrige tilsette • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø • Legg til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar • Samarbeide med øvrige tilsette Kvalifikasjonar • Godkjent barnehagelærarutdanning • Teiknspråk-kompetanse er sterkt ønskeleg • Interesse for og erfaring med musikk og song • Du kan følgje opp barnegruppa, enkeltbarn og barn med spesielle behov • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg • Erfaringar frå tidlegare jobbar eller interesser som kan vere positive for å jobbe i barnehage Personlege eigenskapar • Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig • Du er genuint opptatt av og bevisst på at kvart barn er unikt, kompetent og sårbart • Du har evne til å sjå det enkelte barnet • Du har evne til å ivareta ei barnegruppe • Du er fleksibel og løysingorientert og har evne til å yte det vesle ekstra for barna • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell • Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning • Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo Vi tilbyr • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Godt og nært fagleg samarbeid med flinke kollegaer • Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Har du spørsmål om barnehagen eller stillinga, så må du gjerne kontakte styrar Øyvind Dypveit, tlf. 90 66 19 03. KontaktinformasjonØyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 90661903, oyvind.dypveit@stad.kommune.no ArbeidsstadGolvsengane 1 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5133805857 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
Søvik barnehage har ei ledig fast 100% stilling som barnehagelærar frå 01.10.26 Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten. Vi søker etter deg som er aktiv, leiken, og engasjert og som bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage-/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine. Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Høyrest dette interessant ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver • Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage). • Rettleie og bidra til at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet. • Planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda du er sett til. • Skape eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø for alle barn. • Samarbeide tett med føresette og kollegaer for å sikre heilskapleg oppfølging av barna. Kvalifikasjonar • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutanning i barnehagepedagogikk. • Gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §18b. Personlege eigenskapar • Løysingsorientert, fleksibel og open for endring. • Sjølvstendig og synleg i gruppa. • Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet. • Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og på det som elles skjer på eigen arbeidsplass. • Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping. • Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs. • Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus. • Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar, som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon. • Vere ein god rollemodell. • Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/psykososialt miljø for både barn og vaksne; utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf. Barnehageloven. • Sikre barn sin rett til medverknad og involvering. Personlege eigenskapar, god arbeidskapasitet og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyr • Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader. • Ein barnehage fint plassert, nær sjø, skog og skule. • Løn etter gjeldande tariff. • God pensjonsordning. KontaktinformasjonSynnøve Standal, Styrar Søvik barnehage, 90018161, synnove.kathrin.farstad.standal@haram.kommune.no ArbeidsstadPlassen 19 6280 Søvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5152810295 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Furuli barnehage ligg i vekstbygda Kaupanger i Sogndal kommune, 10 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Kaupanger, og mellom Lærdal/Årdal og Kaupanger. Barnehagen ligg på toppen av byggefeltet på Kaupanger. Me er ein stor barnehage, med 6 avdelingar. Det gjer at me deler oss på tre ulike uteleikeplassar. I tillegg har me flotte leikeområde med skog og bø rett utanfor porten til barnehagen. Me har ein lavvo og uteleikeplass i skogen, som gjev andre moglegheiter for leik. Det vert både korte og lengre turar i skogen og nærområdet. Me kan og bruka ballbingen, som skil oss berre med ei grind. Barnehagen har fine fasilitetar inne med gode romløysingar, motorisk rom som gjev moglegheit for ulike aktivitetar og sanserom. I Furuli barnehage jobbar me kontinuerleg med utvikling av leikekompetanse og vaksenrolla. Frå hausten 2026 vert det ledig følgande stilling som barnehagelærar i Furuli barnehage: Eit 100 % vikariat som barnehagelærar frå 10.08.2026 – 31.01.2027, med moglegheit for at denne stillinga kan bli forlenga ut barnehageåret (2. gongs utlysing). Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Arbeidsoppgåver: • Medverke til å skape eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø • Ansvar saman med pedagogisk leiar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet • Medverke til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet • Bidra fagleg til drifta av ei avdeling i barnehagen • Bidra til eit godt samarbeid med føresette • Bidra til eit godt samarbeid på tvers av avdelingane • Gi og ta imot rettleiing til/frå tilsette • Leggje til rette for og gjennomføre aktuelle dagsplanar og vere der for barna • Bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute • Ta del i praktiske oppgåver som påkleding og rydding m.m. Kvalifikasjonar: • Godkjent barnehagelærarutdanning • Erfaring med arbeid med barn og unge • Beherske norsk godt, både lesing, skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar: • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar • Fysisk aktiv og leiken både inne og ute • Engasjert i barna, ta initiativ, ansvar og vere fleksibel • Fagleg engasjert • Evnar å skape gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar • Kunne samarbeide med andre • Taklar høgt tempo i kvardagen • Kunne planlegge og leie ulike aktivitetar med barna • Godt humør • Kunne gje og ta imot rettleiing Personlege eigenskapar vert vektlagt i prosessen. Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø • Kjekke og varierte dagar • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Oppfølging og rettleiing • Bedriftstrening • Gratis parkering Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Politiattest må leggast fram før tilsetjing. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknad må leverast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her