
Vindafjord kommune Kultur og læring · Vindafjord
Vindafjord kultuskule har ledig vikariat som danselærar i 40% for neste skuleår. Kulturskulen er ei avdeling i eining Kultur- og læring held til i kultur- og l...
Vindafjord kultuskule har ledig vikariat som danselærar i 40% for neste skuleår. Kulturskulen er ei avdeling i eining Kultur- og læring held til i kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen. Me gjer merksam på at det blir lyst ut tilsvarande stilling i Tysvær kulturskule og Haugesund kulturskule. Skulane vil gjerne leggja til rette for at dei tre stillingane kan kombinerast.
Me legg stor vekt på personlege eignaheit. I tillegg til å ha gode samarbeidsevne og vera ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet, ser me etter deg som har desse eigenskapane:
Før tilsetting må du leggje fram godkjent politiattest.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vi har ledig 15 % årsengasjement som kulturskulelærar innan dans (hiphop-stil) ved Sykkylven kulturskule frå 01.08.2026. Det vil være mogleigheit for forlenging. Vi søkjer ein dyktig og engasjert lærar som ynskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø. Sykkylven kulturskule held til i nye lokale i eigen avdeling i Nye Aure barneskule i Sykkylven sentrum. Her er administrasjon, undervisingsrom og arbeidsplassar for lærarane samlokalisert. Danseundervisninga er lagt til dansesal ved Sykkylven kulturhus. Skulen har i dag 3,5 årsverk fordelt på 12 tilsette og har ca 200 elevar. Kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase og fagtilbodet er under utvikling. Den nye rammeplanen for Kulturskulen vert lagt til grunn for dette arbeidet. ArbeidsoppgåverUndervisning på ettermiddag/kveld.Kvalifikasjonar • Det er ynskjeleg med minimum bachelorutdanning innan dans med kunnskap om danseforma HipHop • Andre med relevant utdanning/praksis kan bli vurdert til stillinga • Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdannning eller tilsvarande pedagogisk utdanning og relevant praksis • Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9 Personlege eigenskapar • Interesse for å arbeide med barn og unge • Gode pedagogiske evne Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff • Obligatorisk tenestepensjonsordning • Gode forsikringsvilkår og låneordningar • Gratis parkering Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden. KontaktinformasjonNadhira Vonstad, Kulturskulerektor, 48113353, nadhira.vonstad@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadHaugsetvegen 32 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5120669801 Stillingsprosent: 15% Engasjement Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 03.08.2026
Er du vår nye barne- og ungdomsbibliotekar? Stad kommune har ledig 100 % fast stilling med oppstart hausten 2026. Vi leitar etter deg som er ein engasjert og utviklingsorientert formidlar, og som ivrar for å skape leselyst og leseglede blant born og unge! Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger, og vi jobbar aktivt saman med grunnskulane i kommunen i satsinga på skulebibliotek og leselyst. Som tilsett hos oss vert du ein del av eit aktivt kulturmiljø som består av operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule. Arbeidsoppgåver Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar. • Du inngår i den daglege drifta av biblioteket og dei bibliotekfaglege tenestene, inkludert skranketurnus, publikumsarbeid og litteraturformidling • Du har eit særleg ansvar for formidling og samlingsutvikling retta mot born og unge 0-19 år, både på og utanfor biblioteket • Du vil ha ein sentral rolle i Stad kommune si satsing på skulebibliotek, som rettleiar og ressursperson, i tett samarbeid med skulesektoren • Du besøkjer skular, skulebibliotek og barnehagar jamleg • Du jobbar for å skape leselyst og leseglede gjennom formidling, arrangement og utstillingar • Du bidreg til å gjere biblioteket til ein trygg og god møteplass • Du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt • Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov Kvalifikasjonar Utdanning: • Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, språk og pedagogikk Erfaring og kunnskap: • God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur • Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt • Erfaring frå bibliotek- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg • Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel • Erfaring med sosiale medium og marknadsføring er ein fordel • Du må ha gode IT-kunnskapar • Du må ha førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Du er ein positiv og raus lagspelar • Du er utadvendt og serviceinnstilt • Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner • Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt • Du er utviklingsorientert og endringsvillig Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga. Vi tilbyr • Eit bibliotek i utvikling • Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag • Løn etter tariff • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing. Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid. For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonJanne Mari Hjelle, Fagleiar bibliotek, 970 96 997, janne.mari.hjelle@stad.kommune.no Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33, geirholmen@operahuset.no ArbeidsstadSophus Lie-vegen 3 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5147540796 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og pedagogisk trommelærar i 25 % vikarstilling for hausten 2026, med moglegheit for forlenging. Kulturskulen er ein viktig arena for skaparglede, meistring og fellesskap for born og unge i kommunen. Som trommelærar vil du møte elevar i alderen 6–18 år og få høve til å bidra inn i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø. Stillinga er i hovudsak knytt til individuelt undervisningsarbeid, men samspel er ein naturleg og viktig del av undervisninga i Vinje kulturskule. Du vil samarbeide med andre instrumentlærarar og vere med på å utvikle elevane sine musikalske dugleikar gjennom samspel, konsertar og deltaking på arrangement som UKM (Ung kultur møtast). Me ser etter deg som ynskjer å bidra til eit inkluderande læringsmiljø og som ser verdien av kulturskulen som ein viktig møteplass for born og unge. Arbeidsoppgåver • Planleggje og gjennomføre undervisning i trommer for elevar i alderen 6–18 år • Tilpasse undervisninga til den enkelte elev sitt nivå og behov • Delta i og bidra til samspelundervisning saman med andre lærarar i kulturskulen • Motivere elevane til fagleg utvikling, meistring og musikkglede • Følgje opp elevar fram mot konsertar og andre arrangement • Bidra inn mot UKM og andre prosjekt i regi av kulturskulen • Samarbeide med føresette ved behov • Delta på personalmøte og utviklingsarbeid i kulturskulen Kvalifikasjonar • Relevant pedagogisk utdanning er ynskjeleg • Musikkfagleg utdanning innan trommer/perkusjon er ynskjeleg • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell musikkutdanning • Erfaring frå undervisning eller arbeid med born og unge er ein fordel • Interesse for og erfaring med samspel og ensemblearbeid er ynskjeleg • Førarkort klasse B og disponering av eigen bil er eit krav • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding • Stillinga følgjer arbeidstidsavtalen SFS 2213 Personlege eigenskapar • Du er fagleg dyktig og trygg i rollen som trommelærar • Du er pedagogisk og har gode relasjonelle dugleikar i møte med born og unge • Du er engasjert og motiverande • Du samarbeider godt med kollegaer på tvers av fagområde • Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eiga undervisning • Du er fleksibel og løysingsorientert • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og til utviklinga av kulturskulen Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Me tilbyr • Ei meiningsfull stilling i ein kulturskule med høge ambisjonar på elevane sine vegner • Eit inkluderande og imøtekomande kollegium med god kultur for samarbeid. • Moglegheit til å samarbeide på tvers av kunst- og fagområde • Fast møtearena kvar veke, med fokus på fagutvikling, utviklingsarbeid og teambuilding • Ein arbeidsplass som aktivt bidreg til kultur- og oppvekstarbeid i lokalsamfunnet • Høve til å vere med og vidareutvikle ein kulturskule med lågterskel kulturtilbod for born og unge • Løn etter gjeldande avtaleverk • God forsikrings- og pensjonsordning • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting. Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår. KontaktinformasjonKristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 192 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5154514539 Stillingsprosent: 20% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026