
KLINIKK VOLDA SJUKEHUS, Helse Møre og Romsdal HF · Volda
Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 16.11.2026 Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter...
Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.
Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonSiv Jensen, Konst. ass. klinikksjef, siv.jensen@helse-mr.no
ArbeidsstedKløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5149461484
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 10.08.2026
Ønsker du ein spennande leiarjobb? Då har vi ledig stilling som seksjonsleiar til deg! Vi søkjer etter ein engasjert, positiv og dyktig leiar til 100 % fast stilling som seksjonsleiar ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund. Stillinga er ledig frå 01.09.2026. Klinikk for psykisk helse og rus består av 6 avdelingar og 33 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein av 4 seksjonar i Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk, og tilbyr utgreiing- og behandlingstilbod innanfor individual- og gruppeterapi. Den tilbyr òg oppfølging til pårørande. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Det er eit godt samarbeid med dei kommunale tenestene i området. Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar. Arbeidsoppgåver • Driftsansvar for seksjonen som inneber økonomi-, personal- og fagleg ansvar • Ansvar for at seksjonen vert driven i samsvar med gjeldande lover/føreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer • Vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar • Ansvar for seksjonen sitt kvalitets- og forbetringsarbeid • Fagansvar og fokus på fagutvikling • Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling • Bidra til å vidareutvikle seksjonen, men også avdelinga • Medansvar for avdelinga sine tenester og resultat • Ein del av avdelinga si leiargruppe • Andre oppgåver etter avtale med avdelingssjef Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som psykologspesialist eller lege med norsk spesialistgodkjenning i psykiatri • Kandidatar som nærmar seg ferdig spesialistutdanning, kan også bli vurderte • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar med spesialistkompetanse, vil kandidatar med bachelorgrad innan helse- og sosialfag, kombinert med relevant vidareutdanning og erfaring, kunne bli vurderte • Ønskeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helse frå både spesialist- og primærhelsetenesten • Ønskeleg med leiarerfaring og/eller erfaring med oppstart av nye tilbod • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar • God system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift • Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy • Førarkort Personlege eigenskapar • Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling • Du har evne og vilje til å måle resultat, evaluere og korrigere • Du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne • Du trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du er fleksibel og løysingsorientert • Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø • Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse • Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr • Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling • Deltaking i avdelinga si leiargruppe • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Triveleg arbeidsmiljø • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Det blir arrangert ein internasjonal fotofestival kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her KontaktinformasjonTor Nygaard, Avdelingssjef, tor.nygaard@helse-mr.no ArbeidsstadHagan 9 6516 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5142640600 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.08.2026
Om stillinga Vi har no ledig ei spennande stilling som seksjonsleiar for det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. I denne stillinga vil du ha fag- og koordineringsansvar for det førebyggande arbeidet i heile politidistriktet, i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil samhandle med sentrale samfunnsaktørar på politidistriktsnivå og delta i nasjonale fora for å vidareutvikle og setje retning for det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Du vil også delta i FEFE si leiargruppe og drive fagutvikling på tvers. Seksjonen er organisert under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) og består av om lag 10 spesialiserte medarbeidarar innan ulike førebyggjande fagområde som du vil vere nærmaste leiar for. Desse arbeider mellom anna med trusselutsette personar, koordinering av vald i nære relasjonar og æresrelatert vald, næringslivskontakt, nettpatrulje, radikalisering og oppfølging av kriminalitetsutsette. Vi oppmodar særskilt kvinner om å søkje på politileiarstillingar. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg med relevant erfaring, og som ønskjer å setje retning og utvikle det førebyggande arbeidet i Møre og Romsdal politidistrikt. Du må trivast med å arbeide tverrfagleg, langsiktig og med eit bredt oppgavesett. Vidare søkjer vi deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadørar for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • fag- og koordineringsansvar for politidistriktet sitt førebyggjande arbeid • ansvar for å følgje opp og leggje til rette for utvikling av førebyggjande arbeid innan radikalisering og valdeleg ekstremisme, familievald og partnar/ære-problematikk, næringslivsdialog, ungdomskriminalitet og politiet sitt nærvær på nett • personal- og resultatansvar • utvikle eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eininga • leggje til rette for utvikling av kunnskapsbasert politiarbeid i samarbeid med andre, både internt og eksternt • sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid (HMS og internkontroll) • deltakar i leiargruppa til felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) • kan påleggast andre oppgåver Kvalifikasjonskrav Dette må du ha for å vere kvalifisert: • bestått eksamen frå Politi(høg)skolen eller juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitenskap • brei erfaring frå politiet • relevant leiarerfaring • god forståiing for førebygging som fagområde • god resultatoppnåing i tidlegare stillingar • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med • leiarutdanning • vidareutdanning innan førebyggjande arbeid og/eller andre relevante fagområde i politiet • kunnskap om HMS, eller at slik kompetanse kan opparbeidast innan avtalt tid etter tilsetjing • erfaring frå tverretatleg og tverrfagleg samarbeid Personlege eigenskapar • du har god evne til kommunikasjon, teambygging og relasjonsbygging internt og eksternt • mål og resultatorientert med god gjennomføringskraft • du har evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre • du er medarbeidarorientert med god evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeider • du er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag • du er ein god rollemodell som leiar og for politiet sin medarbeiderplattform gjennom eigen åtferd Personlege eigenskapar vert vektlagt ved leiarstilling. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ei utfordrande og utviklande leiarstilling for deg som vil vera med og forme politiet for framtida • fast stilling som seksjonsleiar (SKO 0326) med funksjonstittel politiavdelingsleiar, med brutto årslønn på 840 000 kr. - 890 000 kr • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast • godtgjersle etter gjeldande ATB, som for tida er kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse • mogelegheit for trening i arbeidstida • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved Serviceseksjon Nordfjord vere noko for deg. Serviceseksjon Nordfjord leverer sekretærteneste til skadepoliklinikken, medisinsk avdeling og radiologisk avdeling. Seksjonen har ansvar for pasientadministrative oppgåver, mellom anna innkalling av pasientar, registreriing, telefoni, betaling og skriveteneste. I tillegg har seksjonen ansvar for sentralbord og ID-kort ved Nordfjord sjukehus. Som seksjonsleiar blir du ein viktig del av den lokale leiargruppa ved Nordfjord sjukehus og medlem i sjukehuset si beredskapsleiing. Det er jamlege møtepunkt og tett samarbeid med dei andre leiarane ved sjukehuset. Du blir òg ein del av leiarteamet i Avdeling for medisinsk sekretærteneste. Sekretærtenesta er eit fagområde i stadig utvikling. Nye arbeidsformer og innføring av teknologi skapar nye moglegheiter og endrar måten vi arbeider på. Vi søkjer deg som er framtidsretta og ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje sekretærtenestene i Helse Førde. Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod, eit rikt fritids- og kulturtilbod og flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt. Det er òg kort veg til flyplass. Sjå videoen der Marielle fortel om kvardagen som helsesekretær, og kva som gjer jobben hennar meiningsfull og verdifull. Vi ser fram til å motta søknaden din. Arbeidsoppgåver • Personal, fag og økonomiansvar • Deltaking i prosjekt • Medlem i lokal beredskapsleiing • Vere innstilt på å Jobbe i drift som sekretær ved behov Kvalifikasjonar Krav: • Erfaring med leiing og personalansvar, eventuelt prosjektleiing • Helsesekretærutdanning eller anna relevant utdanning og erfaring • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Ønskje: • Erfaring som sekretær ved sjukehus/poliklinikk • Kunnskap om pasientdatassytema vi brukar; Dips Arena og Sectra Personlege eigenskapar • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar • Du arbeider godt både sjøvstendig og i team • Du har engasjement og pådrivarvilje • Du er framtidsretta og har endringsvilje/evne • Du arbeider målretta og strukturert Vi tilbyr • Løn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Opplæring • Leiarutviklingsprogram tilpassa leiarar i Helse Førde Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHanne Irene Emberland Bildøy, Avdelingssjef, (+47) 578 31 325 ArbeidsstedSjukehusvegen 13 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5151590025 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 14.09.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026