
Voss herad Byggesak og næring · Voss
Kort om stillinga: Me søkjer ein engasjert og motivert rådgjevar til ei spanande og variert stilling innan landbruk. Som rådgjevar vil du jobbe tett opp mot b...
Me søkjer ein engasjert og motivert rådgjevar til ei spanande og variert stilling innan landbruk. Som rådgjevar vil du jobbe tett opp mot bønder/ skogeigerar og i samspel med andre aktørar innan landbruksnæringa. Du vil bidra til bærekraftig og god ressursforvaltning og vere med å utvikle landbruket i Voss.
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å
søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både
når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved
elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert
ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei fast stilling som rådgjevar SKO 1434. Stillinga er plassert ved Seksjon for operative tenester. Vest politidistrikt er eit av landets største politidistrikt, med hovudsete i Bergen og ansvar for politi- og beredskapstenester i 38 kommunar i Vestland fylke. Med rundt 1300 tilsette jobbar vi kvar dag for å skape tryggleik, førebyggje kriminalitet og levere operative tenester av høg kvalitet. Distriktet kombinerer eit bredt geografisk ansvar med eit sterkt fagmiljø, moderne beredskapskapasiteter og et tydeleg samfunnsoppdrag. Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert lag som jobber tett på både lokalsamfunn, samarbeidspartnarar og nasjonale aktører. Organisatorisk er stillinga plassert under Felles eining for operative tenester (FOT) , Seksjon for operative tenester (SOT) (Operasjonssentralen (112) og politiets kontaktsenter (02800) Som rådgjevar i SOT blir du ein sentral bidragsytar i å sikre god bemanning, effektiv drift og høg kvalitet i politiet sine operative tenester. Vi søkjer ein strukturert og systemsterk person som trivst med ansvar, handterer komplekse oppgåver og bidreg aktivt i utvikling og oppfølging av arbeidsplanar, ressursbruk og dagleg drift. Hos oss får du jobbe tett på beredskap, leiing og operative miljø – og vere med på å halde Vest politidistrikt klart for samfunnsoppdraget sitt. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer deg som er samfunnsengasjert og motivert for å utvikle politiet til eit kompetent og effektivt politi. Du er fleksibel og evner å håndtere oppdukkande arbeidsoppgåver knytta til fagområdet og beredskapsansvaret. Du har god IT kompetanse og evner å setje deg inn i og forvalte regelverk. Vi søkjer deg som har høg arbeidskapasitet, er serviceinnstilt og er nytenkjande opp mot vidareutvikling av fagområdet. Du har gjerne en profil innan analyse. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • Utarbeide arbeidsplanar (turnuslister) • Oppfølging av overtidsbruk og fråvær • Oppfølging av dagleg drift/bemanningskoordinering i samarbeid med seksjonsleiinga • Sørgje for effektiv ressursutnytting og måloppnåing i tenesteproduksjonen • Andre oppgåver pålagt av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Relevant utdanning på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særskilde tilfeller (minimum 10 år) erstatte kravet til utdanning • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer • Svært god IT og systemkompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system • Må kunne klarererast for HEMMELEG jf. Sikkerhetslova Det er også ønskjeleg med: • Gode føresetnader for å tileigna seg kunnskap om styringssystemet TTA og Særavtale om arbeidstidsbestemmelsene (ATB avtalen) • Kunnskap om verksemdsregulerande lovar, instruksar og interne rutinar Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Evne til å arbeide analytisk, sjølvstendig og systematisk • Evne til å handtere arbeid knytta til kritiske hendingar, herunder handtere tidspress og kompleksitet • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne • Evne til å tenkje kreativt og bruke naudsynte verktøy for å løyse oppdraga Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter • Stillinga vert lønna som rådgjevar, stillingskode 1434, med årslønn frå kr 710 000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no • Gode arbeidsvilkår som til dømes fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som spesialkonsulent frå 01.10.2026. Vi søker ein engasjert og sjølvstendig konsulent i kommunalområde helse og omsorg. Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein konsulent som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde. Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg. Arbeids- og ansvarsområde • Praktisk støtte til leiarar mellom anna personalmeldingar, utarbeiding av arbeidsavtalar og oppdragsavtalar, håndtering av lønsrelaterte saker frå leiarar, samt varebestilling og mottak • Håndtering av ledige vakter • Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing • Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement • støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem • Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid • Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling • Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga • Informasjonsarbeid • Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring • Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter tariff Kap. 4, stillingskode 6599 spesialkonsulent • minimum 6 års tilleggsansiennitet • fleksitidsordning • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka: https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune Kvalifikasjonar • Relevant utdanning frå høgskule/universitet innan helse-, organisasjons- eller administrative fag på bachelornivå • Vidareutdanning innan relevante fag som økonomi, prosjektleiing, helserett, kan fråvikast om ein er villig til å ta vidareutdanning • Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid • Har kunnskap om reglement og lovverket på området • Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon • God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem Personlege eigenskapar Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: • Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming • Er god problemløysar som jobbar godt under press • Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter • Er god på å bygge relasjonar og samarbeid • Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter • Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. • det er viktig at alle søkjarar legg ved attestar og annan relevant dokumentasjon, slik at ansienniteten kan fastsetjast korrekt ved ei eventuell tilsetjing. Krav til språk Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om stillinga Statsforvaltaren i Vestland lyser ut éi fast stilling for jurist på barnevernsområdet. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til forsvarlege og trygge tenester for barn og unge. Tilsyn med barnevernsinstitusjonar er ein sentral del av stillinga. Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for tilsyn, rettleiing, klagesaksbehandling og andre forvaltningsoppgåver innan barnevern, sosialtenester, helse og omsorg. Vi jobbar i skjeringspunktet mellom juss og barnevernsfag på velferdsområdet. Vi løyser oppgåvene med høg kvalitet, fagleg tyngde og er i kontinuerleg utvikling. Stillinga ligg til kontorstad Leikanger. Arbeidsoppgåver Ein vesentleg del av arbeidet er tilsyn med barnevernsinstitusjonar, der du vil • planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsyn • vurdere praksis opp mot barnevernslova og forskrifter • utarbeide rapportar og eventuelle pålegg • samarbeide tett med kommunar, institusjonar og andre aktørar Andre sentrale oppgåver er • behandling av klager og andre forvaltningssaker • råd og rettleiing til tenester og brukarar • formidling av faglege vurderingar • deltaking i fagutvikling og kompetanseheving Andre relevante oppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar. Kvalifikasjonar • Juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap • Gjerne erfaring frå barnevernsfeltet • God innsikt i offentleg forvaltning • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål • Evne til strukturert og sjølvstendig arbeid • Trygg i møte med komplekse faglege vurderingar • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø • er analytisk, grundig og fagleg trygg • kommuniserer klart og forståeleg • bidreg positivt til arbeidsmiljøet • er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsretta Personlege eigenskapar blir vektlagde. Som tilsett hos Statsforvaltaren får du • interessante arbeidsoppgåver • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø • ein arbeidsplass i utvikling • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning • trening i arbeidstida • delvis heimekontor • fleksibel arbeidstid • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi ønskjer mangfald Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir. Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.