Kinn Psykisk helse og rus har avdeling i Måløy og Florø. Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle delar av befolkninga. Kinn psykisk helse og rus tilbyr helsehjelp til unge, vaksne og pårørande. Vi bistår blant anna med samtaleoppfølging og miljøterapeutisk oppfølging til personar heimehøyrande i kommunen. Vi arbeidar brukarnært og mange av dei personane vi føl opp treng tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Dei tilsette i avdelinga har stor grad av fagleg kompetanse og er opptekne av å yte gode tenester. Vi arbeidar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler. Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt til avdelinga vår. Stillinga er ei turnusstilling med arbeid på dag, kveld, i langvakter og på helg. Snarlig tiltreding til 05.12.27 med mulighet for forlengelse. Arbeidsoppgåver Ambulant oppfølging i tenestemottakarane sine heimar og nærmiljø. Miljøterapeutisk arbeid med fokus på meistring og recovery. Relasjonsbygging og motiverande arbeid. Kartlegging, oppfølging og evaluering av tiltak. Individuell oppfølging og koordinering av tenester. Samarbeid med aktuelle samarbeidspartar og pårørande der det er aktuelt. Dokumentere og arbeide i relevante fagsystem. Arbeide både sjølstendig og i team. Bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen. Kvalifikasjonar 3-årig relevant høgskuleutdanning. Gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus. Førarkort klasse B. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som er målretta, strukturert, tek ansvar og er fleksibel. Du må trivast med ambulant arbeid, relasjonsbygging, ha tru på recovery og ressursane hjå den einskilde. Du må bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø. Du må trivast med varierande arbeidsdagar og kunne stå i utfordrende situasjonar, samt ynskje nytenking og endring. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Du har gode samarbeidsevner og du klarar å jobbe godt sjølvstendig. Vi tilbyr Turnusstilling i årsturnus God pensjonsordning Kompetanse lønnsstige Engasjerte kollegaer, eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø Intern opplæring og rettleiing Kontaktinformasjon Stine Aase Myhre, Avdelingsleder Måløy, 97180923, stine.aase.myhre@kinn.kommune.no Erik Onstad, Tenesteleiar Kinn psykisk helse og rus , 41534967, erik.onstad@kinn.kommune.no Arbeidsstad Gate 1 64 6700 Måløy Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5177132435 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 05.12.2027 Søknadsfrist: 16.11.2026
Ønsker du nye utfordringar i IT bransjen? Nordfjordnett er på jakt etter ein rådgjevar som vil styrke arbeidet med å levere dei sikraste, smartaste og mest stabile løysingane til kommunane våre i Nordfjord. På avdelinga vår Server og applikasjon, driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Stillinga vil i hovudsak innebære administrative oppgåver som prosjektkoordinering, organisatorisk arbeid med informasjonssikkerheit, lisensadministrasjon, avtaleforvaltning og systemdokumentasjon. For å lukkast i denne rollen er det viktig at du trivst med å jobbe med administrative oppgåver knytt til IT. Server og applikasjon er ei av tre avdelingar på driftssenteret som er plassert i Deknepollen. Samarbeidet omfattar også ei strategisk eining for digitalisering og utvikling som er lokalisert på Nordfjordeid. Nordfjordnett har hovudkontor i Deknepollen ved Måløy. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret. Arbeidsoppgåver • Koordinere både interne tekniske prosjekt i Nordfjordnett og digitaliseringsprosjekt i kommunane • Halde oversikt over og forvalte innkomne sikkerheitshendingar, ha oversyn over forbetringsarbeid knytt til den generelle sikkerheita i verksemda • Lisensadministrasjon på dei største avtalene våre som t.d. Microsoft • Vere med i eit team som jobbar med avtaleforvatning slik at kommunane våre til ei kvar tid har dei beste prisane i markedet • Dokumentere systeminformasjon og opplysingar om integrasjonar i arkitekturverktøyet vårt • Bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling i heile organisasjonen Kvalifikasjonar Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eitt eller fleire av desse områda innan IT: • Prosjektkoordinering • IT-sikkerheit • Lisensadministrasjon • Avtaleforvaltning • Erfaring i bruk og forvaltning av arkitekturverktøy Du må ha: • Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning • Gode norsk- og engelskkunnskapar - både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar • Du må ha gode analytiske evner og ei genuin interesse for teknologi og administrative oppgåver • Du er ansvarsbevisst og har eit stort fokus på kvalitet og sikkerheit • Du er omgjengeleg og er serviceinnstilt • Du jobbar godt i team, men også sjølvstendig • Du har gode samarbeidsevne • Du er omstillingsdyktig og endringsorientert Vi tilbyr Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit godt arbeidsmiljø der det blir lagt vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel God opplæring og jamlege fagøkter Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høg aktivitet Kontaktinformasjon Willy Nordpoll, Dagleg leiar, +47 97519520 Anne Ruth Botn Bjørlo, Assisterande dagleg leiar, 91809077, anne.ruth.bjorlo@iktnordfjord.no Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5180026854 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.11.2026
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Kinn, avdeling Måløy, har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut. Kontorstad er på Kulatoppen omsorgssenter. Som fysioterapeut vil du jobbe i team med ein fysioterapeut og to ergoterapeutar. Stillinga som fysioterapeut har fokus på helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot innbyggarar i alle aldrar. Stillinga inneber vurdering, rettleiing og behandling. Gjennom tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og individuelt tilpassa tiltak, skal tenesta bidra til å fremje funksjon, meistring, deltaking og god helse gjennom heile livsløpet. Arbeidsoppgåver Hovudarbeidsoppgåver: • Ha eit spesielt ansvar for tilbod til barn. • Gjere kartlegging og vurdering av brukaren sin fysiske funksjon. • Sikre gode og tilpassa treningsopplegg og bruk av systematisk verktøy. • Oppfølging gruppetrening. • Vere ein koordinator og sikre gode pasientforløp for brukarane som er inne til rehabilitering og korttidsopphald. Andre aktuelle arbeidsoppgåver: • Samhandle tverrfagleg med øvrig personale i ulike teneste, spesialisthelsetenesta, fysio- og ergoterapi tenesta i Kinn kommune. • Delta på tverrfaglege møter. • Ha god dialog med heimen, heimetenesta og andre samarbeidspartar for planlegging og evt. tilrettelegging i heimen som sikrar raskare behandling og restituering. • Administrative oppgåve som blant anna dokumentasjon i EPJ-system. • Lymfødem oppfølging. • Sikre rett bruk av hjelpemiddel, opplæring og oppfølging. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som fysioterapeut • Spesialkompetanse i lymfedrenasje eller er villig til å ta dette • Gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Gode datakunnskapar • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar: • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert • Du er ein lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Er fagleg oppdatert og engasjert • Gode kommunikasjonsferdigheite og samarbeidsevne • Godt humør og stå-på-vilje • Er sjølvstendig og tek ansvar • Målretta, strukturert og profesjonell • Å vere personleg skikka blir vektlagt • Er framtidsretta og har fokus på velferdsteknologi Vi tilbyr • Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø • Fast 100% stilling på dagtid mandag – fredag • Faglege utfordringar • Personleg utvikling • Kompetanselønssystem • Tilrettelegg for kompetanseheving i tråd med tenesta sin kompetanseplan • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk • God pensjonsordning Kontaktinformasjon Anita Norstrand, Avdelingsleiar , 415 36 130 Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483 Arbeidsstad Ytre Kulen 73 6718 Deknepollen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5194748272 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.