Dei kommunale barnehagane i Ålesund treng fleire vikarar og vi søkjer derfor etter assistentar og fagarbeidarar. Vikarane i denne utlysninga vil bli knytt til bemanningstenesta i Ålesund Indre og nordre. Barnehagane i denne verksemda er Valle, Prestemarka, Skodje, Stette, Årøyhaugen og Harøy Du som vikar kan velje å arbeide mot ein eller fleire barnehagar etter avtale. Kandidatar vil bli vurdert fortløpande. Eiga utlysing gjeld for Harøy barnehage Arbeidsoppgåver • Bidra til at det enkelte barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn • Delta i daglege rutinar og følgje opp barna på ein positiv måte • Samarbeide med det øvrige personalet i barnehagen • Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om • Følgje opp den rettleiinga ein har fått • Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar Kvalifikasjonar • Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi – og tuberkulinattest • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Søkarar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må avleggje ei norskprøve og ha oppnådd nivå A2 på delprøva i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon. • Nivå A2 og B1 skal tilsvare nivå i Det felles europeiske rammeverket for språk jf. barnehagelova §18 a. • Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar Vi søker deg som: • Har eit ønske om å arbeide med barn. • Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov • Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner. • Trives i ein aktiv kvardag • Er glad i å vere ute • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert • Personlige egenskaper vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr • Givende arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø. • Mulighet til å prøve å arbeide i ulike barnehager. • Tilgang til kurs og kompetansehevende tiltak. • Lønn etter tariff. Kontaktinformasjon Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569 Arbeidsstad Vallemyrane 3 6260 Skodje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5197507870 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 28.03.2027
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.