Om avdelinga: Terna bustad ligg på Rong og gjer tenester til 2 personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har no ledig ein 25% fast helgestilling. Stillinga er ledig frå 01.01.2027. Arbeidsoppgåver: • Målretta miljøarbeid • Medikamenthandtering – kan bli vurdert • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø • Dokumentasjon i fagjournal Kvalifikasjonar: • Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg • Erfaring med atferd som utfordrer Ønskjeleg med: • Erfaring frå arbeid med brukargruppa • Vere kjend med elektronisk klientsystem • Sertifikat klasse B Personlege eigenskapar: • Du er fysisk og psykisk robust • Fleksibel og løysingsorientert • Gode etiske og faglege haldningar • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team • Respekt og engasjement for brukargruppa • Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø • Du er lærelysten og tek ansvar • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt Anna: • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik : • 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn • 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn • 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn • Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett Vi tilbyr: • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer • Interessante utfordringar • Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Avdelingsleiar: Heidi Børresen e-post: heidi.borresen@oygarden.kommune.no tlf.: 940 04 786 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Om avdelinga: Terna bustad ligg på Rong og yter tenester til 2 vaksne personar med psykisk utviklingshemming og samansette bistandsbehov. Målet vårt er å legge til rette for ein aktiv, meiningsfull og trygg kvardag, der sjølvråderett, meistring, trivsel og tillitsskapande arbeid står sentralt. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar og assistentar som arbeider tett saman for å sikre gode og individuelt tilpassa tenester. Vi er opptekne av å vere ein raus, inkluderande og støttande arbeidsplass, der medarbeidarane arbeider tett saman mot felles mål for å skape trygge og gode tenester. Stillinga har ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke over ei periode på 52 veker. Tenestene er utforma med utgangspunkt i brukarane sine behov for kontinuitet, tryggleik og føreseielegheit. For tida er arbeidet organisert i langvaktsturnus, der medarbeidarane arbeider tett saman i team rundt brukaren. Turnusen inneber samanhengande arbeidsperiodar på 3 lange vakter på arbeidsstaden, etterfølgt av friperiodar. Arbeidstidsordninga er etablert for å ivareta brukarane sine behov og kan bli endra dersom behova i tenesta eller andre rammevilkår tilseier det. Turnusen legg til rette for stabile relasjonar, tett oppfølging og god kontinuitet i tenestene. Arbeidsoppgåver: • Gje individuell oppfølging og bistand til brukarane i tråd med vedtak, målsetjingar og behov. • Utføre målretta miljøarbeid og arbeide for auka meistring, sjølvstende og livskvalitet. • Medikamenthandtering i samsvar med gjeldande rutiner. • Dokumentasjon og evaluering i elektronisk fagjournal. • Arbeide i tråd med gjeldande lovverk, herunder helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 og anna relevant regelverk. • Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre samarbeidspartnarar. • Bidra til fagutvikling, kvalitet i tenestene og eit godt arbeidsmiljø. Kvalifikasjonar: Må ha: • Bachelor i vernepleie, sjukepleie eller sosialt arbeid. • Andre med relevant høgare utdanning innan miljøterapi kan bli vurderte. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Erfaring med utfordrande åtferd. Personlege eigenskapar: • Du er fysisk og psykisk robust • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide tett saman med andre. • Du er raus, inkluderande og støttande i møte med kollegaer, brukar og pårørande. • Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og tek medansvar for fellesskapet. • Du er trygg, fleksibel og løysingsorientert. • Du bidreg aktivt til utvikling av tenestene og arbeider i tråd med vedtekne mål, faglege føringar og organisatorisk retning. Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli tillagt stor vekt. Ønskjelege kvalifikasjonar: • Erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming og/eller samansette bistandsbehov. • Erfaring med målretta miljøarbeid og arbeid med utfordrande åtferd. • Kunnskap om og erfaring med elektroniske journalsystem. • Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel. • Førarkort klasse B. Anna: • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff. • Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff. Vi tilbyr: • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer • Interessante utfordringar • Høve til fagleg og personleg utvikling. • Moglegheit til å søke startlån. Sjå kommunen si heimeside for meir informasjon: Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell - Øygarden kommune Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.