Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for god kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? I så fall oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss. Ved Avdeling for patologi har vi no ledig to faste 100% stillingar som LIS i patologi. Tilsetting frå 01.03.2027. Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal HF ligg i Noregs vakraste by, Ålesund. Vi er organisert under klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og røntgen. På avdelinga har vi kun dag-arbeid, ingen turnus. Avdelinga gjer deg gode høve til fagleg utvikling og det blir lagt tilrette for å kunne delta på relevante kurs.LIS med kort tid igjen til spesialisering blir også oppmoda til å søkje. Arbeidsoppgåver • Diagnostikk av biopsiar, operasjonspreparat og cytologiske prøver • Obduksjon • Avdelinga er godkjent for LIS-utdanning i patologi. Nokre av læringsmåla må utførast ved eit universitetssjukehus Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som lege • Godkjent del 1 av spesialutdanninga, LIS1 eller turnusteneste etter gammal ordning • Meistre norsk, svensk eller dansk godt, både munnleg og skriftleg. • Fagleg interesse og kompetanse innan patologi vert vektlagt Personlege eigenskapar • Du er ein LIS som er motivert for å bidra til utvikling av fagmiljøet i Møre og Romsdal, og som ønskjer å vere med på å skape ei framifrå helseteneste for pasientane våre. • Du har gode samarbeidsevne • Du har evne til å arbeide sjølvstendig • Du har stor arbeidskapasitet • Du trivast i eit aktivt og tverrfagleg miljø • Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Personlege eigenskapar vil verte vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, +47 70 10 66 37, hilde.guttormsen@helse-mr.no Arbeidssted Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5197085409 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.