Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus søkjer einmedisinstudent med lisens for sommaren 2027.Arbeidsperiode: 14.06.2027 - 15.08.2027. Vi søkjer medisinstudent med lisens som har interesse for, og gjerne erfaring innan, oftalmologi. Augeavdelinga har ni legestillingar, der fire er LIS-stillingar, i tillegg til optikar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet innan alle delar av augefaget, samt betydeleg kirurgisk aktivitet. Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. Vi ber om at eventuelle ønskje om ferie i arbeidsperioden blir opplyste i søknaden. Arbeidsoppgåver • Arbeid som LIS 2/3 ved augeavdelinga/poliklinikken • Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med to operasjonsstover. All kirurgi innan augefaget i Helse Førde vert utført her. • Vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet • Deltaking i vaktordning p.t. firedelt heimevakt Kvalifikasjonar • Medisinstudent med lisens • Utdanning innan medisin • Student på profesjonsstudiet i medisin. • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Personlege eigenskapar • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer • Du møter pasientar på ein profesjonell og empatisk måte, er imøtekommande og viser respekt. Vi tilbyr • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse Kontaktinformasjon Andreas Dahl, Avdelingssjef, 991 03 573 Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201507630 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 14.06.2027 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.