Me søkjer psykologspesialist! Avdeling for Rus og Avhengighet/Tverrfagleg spesialisert rusbehandling er eit felt det satses på, og du vil ha ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene våre). Me har engasjerte medarbeiderar som er tverrfagleg samansatt, du vil bli kollega med legar, psykologar og høgskuleutdanna behandlerar. Me har lokasjonar i Kopervik og Haugesund, og samarbeidar på tvers av einingar innad i avdelinga. Arbeidsoppgåvene vil i hovedsak bli delt mellom TSB poliklinikk og LAR poliklinikk Karmøy/Haugesund, med fortrinnsvis faste dagar på kvar stad. Ved interesse for forsking kan ein få moglegheit til å delta i forskningsrelaterte aktivitetar, inkludert artikkelskriving. Det er fleire moglegheiter for å fullføra spesialistoppgåve innanfor pågåande forsking og det kan drøftast moglegheiter for å søka midlar til PhD innanfor potensielt aktuelle prosjekt. 👉 Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga, og velkommen som søkjar hjå oss! Kva går jobben ut på? • Utgreiing, diagnostisering og behandling. • Deltakelse i tverrfaglig team. • Samarbeid rundt pasientar, internt og eksternt. • Rettleiing og undervisning, internt og eksternt. • Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar mm. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Psykologspesialist med norsk autorisasjon. • Erfaring innan rusmiddelavhengigheit er ønskjelig, men ikkje eit krav. • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • er oppteken av faget og det beste for pasientane • samarbeider godt • er god på formidling av kunnskap både muntleg og skriftleg • arbeidar strukturert og sjølvstendig • er kreativ, nytenkjande og pragmatisk Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen. Vi tilbyr • Lønn og spesialistpermisjon jfr. avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF. • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg. • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift). • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring. • Ein fleksibel arbeidsplass med fleksitid. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJanne Elise Tangjerd Lyngstad, Avdelingsleiar - Rus og avhengighet, janne.elise.tangjerd.lyngstad@helse-fonna.no ArbeidsstadAsaldalvegen 1 4250 Kopervik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5150343799 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.