Vil du vere med å utvikle sikkerheitspsykiatri og framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet?Vi søker ein leiar som evnar å kombinere strategisk utvikling med god drift, og som motiverast av å skape resultat gjennom sterke fagmiljø, forsking, utdanning, samarbeid og kontinuerleg forbetring. Haukeland universitetssjukehus er i kontinuerleg utvikling. Organisering, ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i takt med framtidige behov og prioriteringar. Divisjon psykisk helsevern har eit eige utviklingsprogram, "Psykisk helsevern for framtida". I dette programmet er det vedteke ein eigen utviklingsplan for Sandvikenområdet, der eit av hovedmåla er å utvikle Sandvikenområdet som eit spesialisert område, med vekt på langtidsrehabilitering, styrka sikkerheitspsykiatri og døgnplassar for pasientar med komplekse og samansette behov. Klinikken omfattar følgande einingar: • Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri • Lokal sikkerheit rehabiliteringsavdeling (LSR) • Lokal sikkerheitspost (LS) • Regional sikkerheitspost (RS) • Seksjon for fengselshelseteneste • Sikkerheitspoliklinikken Arbeidsoppgåver Som klinikkleiar vil du ha heilskapleg ansvar for: • Strategisk leiing og vidareutvikling av klinikken i tråd med nasjonale føringar, regional plan og divisjonen si retning • Å sikre fagleg kvalitet, gode pasientforløp og forsvarlege tenester innan eit høgrisikofelt • Personalansvar, rekruttering og kompetansebygging i alle einingar • God intern og ekstern samhandling, særleg med politi, kriminalomsorg, kommunar og andre klinikkar • Å etablere og halde ved lag god informasjonsflyt, føreseielege prosessar og tydelege prioriteringar • Endringsleiing, inkludert å strukturere, forankre og følge opp naudsynte utviklingsprosessar • Økonomi- og resultatstyring Kvalifikasjonar Vi søker ein leiar med tydeleg fagleg integritet og strategisk forståing. Du bør ha: Krav: • Høgare relevant utdanning på masternivå eller embetsstudium • Leiingserfaring frå større einingar, helst innan spesialisthelsetenesta • God innsikt i lovverk, beredskap og risikohandtering • Dokumenterte resultat frå endringsarbeid og strategisk utvikling • God rolleforståing og erfaring med samarbeid i komplekse organisasjonar Ønskeleg: • Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, akuttpsykiatri eller anna relevant høgrisikoverksemd • Kjennskap til samhandling mellom helse, kriminalomsorg, politi og rettsvesen • Erfaring frå arbeid med faglege kvalitets- og styringssystem Personlege eigenskapar Vi søker ein leiar som: • Evnar å sjå heilskap og samanhengar i ein kompleks organisasjon • Er trygg i strategiske val og prioriteringar • Har stor gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom andre • Bygger tillit og gode relasjonar internt og eksternt • Kommuniserer tydeleg og samlande • Motiverer, støttar og utviklar leiarar og medarbeidarar • Er utviklingsorientert og framtidsretta • Kombinerer høge ambisjonar med god rolleforståing og samarbeidsevne Vi legg særleg vekt på at du: • Er ein synleg, trygg og samlande leiar • Har høg integritet og gode samarbeidsevne • Handterer komplekse problemstillingar på ein konstruktiv måte • Evnar å balansere langsiktig utvikling med krav til dagleg drift • Skaper engasjement, retning og felles målforståing • Er robust og kan ta avgjerder i krevande situasjonar Vi tilbyr • Ei sentral leiarstilling i eit høgt spesialisert fagfelt med stort samfunnsoppdrag • Eit engasjert og kompetent fagmiljø • Moglegheit til å påverke i arbeidet med å forme framtidas tenester innan psykisk helsevern • Moglegheit til å påverke utviklinga av sikkerheitspsykiatrien regionalt og nasjonalt • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling • Løn etter avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Randi-Luise Møgster, Direktør Divisjon psykisk helsevern, 91342978 Arbeidsstad Sandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5206240274 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.