Etne omsorgssenter søkjer ein trygg og engasjert medarbeidar til 80 % fast nattstilling. Du vil vere ein viktig del av tenesta vår og bidra til at bebuarane får god, fagleg forsvarleg og omsorgsfull oppfølging gjennom natta. Vi ser etter deg som arbeider sjølvstendig, er roleg i utfordrande situasjonar og har gode samarbeidsevner. Hos oss får du eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver. Arbeidsoppgåver • Gi fagleg forsvarleg pleie og omsorg til bebuarar ved Etne omsorgssenter på natt. • Observere, vurdere og følgje opp endringar i helsetilstand. • Handtere og dokumentere legemiddel i tråd med gjeldande rutinar og delegasjon. • Utføre nødvendig dokumentasjon og rapportere til dag- og kveldsvakt. • Handtere akutte situasjonar og ta kontakt med rette instansar ved behov. • Delta i nattpatrulje og gi nødvendig hjelp og oppfølging til brukarar i eigen bustad. • Utføre planlagde og behovsvurderte tilsyn, praktisk bistand og helsehjelp i heimetenesta. • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre aktuelle faginstansar. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Vidareutdanning som spesialsjukepleiar innan geriatri er ønskjeleg • Gode norskkunnskaper, munntleg og skriftleg • Interesse for eldreomsorg og fagleg utvikling • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Eigenskapar Me ønsker medarbeidarar som: • Er fagleg engasjerte og omsorgsfulle • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Er ansvarsmedvitne og løysningsorienterte • Er fleksible og har gode samarbeidsevner Me tilbyr • Ei meiningsfull og variert nattstilling i både institusjon og nattpatrulje. • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer. • Opplæring og rettleiing tilpassa arbeidsoppgåvene. • Høve til fagleg utvikling og kompetanseheving. • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • 25 000 kroner i rekkutteringstilskot for dei som jobbar turnus • Molegheit for å ta 4 veker samanhegande ferie om sommaren Annan informasjon Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
Etne omsorgssenter skal vere best på å bli betre, og gode leiarar som er tydelege rollemodellar er avgjerande for å lykkast. Me ønskjer at medarbeidarane våre skal oppleve arbeidsglede og fagleg utvikling. Dette er grunnlaget for gode tenester, høg kvalitet og dei små, viktige augneblikka som skaper ein god kvardag for pasientane våre. Som avdelingsleiar ved Etne omsorgssenter får du ei sentral rolle i utviklinga av tenestene våre. Du får ansvar for somatisk avdeling, med langtidsplassar, korttidsplassar og rehabilitering. Stillinga omfattar òg ansvar for drift av kjøkkenet. Høyrest dette spennande ut? Då håpar me du sender inn søknaden din. Du blir ein viktig del av leiargruppa og får gode høve til å påverke utviklinga av omsorgstenestene i Etne kommune. Om Etne omsorgssenter Etne omsorgssenter tilbyr heildøgns omsorg og pleie til innbyggjarar med ulike behov. Me arbeider for at pasientane skal ha ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag, med tenester som er tilpassa den einskilde. Me nyttar velferdsteknologi og jobbar kontinuerleg med utvikling og forbetring. Saman skaper me eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og tilsette. Arbeidsoppgåver • Personal-, fag- og budsjettansvar for avdelinga. • Ansvar for fagleg kvalitet, pasienttryggleik og forsvarlege tenester. • Ansvar for planlagd aktivitetsnivå og gjennomføring av tiltak for å nå mål og resultat. • Ansvar for dagleg drift, koordinering og organisering av avdelinga. • Utarbeide og følgje opp turnusar, og sikre god ressursstyring og bemanning. • Gjennomføre ROS-analysar og følgje opp tiltak knytte til risiko, kvalitet og internkontroll. • Sikre nødvendig kompetanse gjennom aktiv fagutvikling, rettleiing og rekruttering. • Leie, motivere og engasjere medarbeidarar med vekt på eit godt arbeidsmiljø, høg fagleg standard og bebuarane sine behov. • Vere ein del av leiarteamet med heilskapleg ansvar for Etne omsorgssenter. • Vere ein god samarbeidspartnar internt og eksternt, og bidra til god informasjon, kommunikasjon og samhandling. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Ønskeleg med leiarerfaring. Om dette manglar kan kommunen legge tilrette for leiarutdanning • God digital kompetanse og evne til å nytte ulike IKT-verktøy. • Ønskeleg med erfaring med turnus- og bemanningsplanlegging, og god kjennskap til aktuelle planleggingsverktøy. • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk, mellom anna arbeidsmiljølova, reglar om arbeidstid og tilsetjing. • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar • Den som får stillinga, må leggje fram gyldig politiattest. • Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt Eigenskapar • Me søkjer ein leiar som har gode strategiske og analytiske evner, og som ser heilskapen i verksemda og kommunen. • Du har høg integritet, byggjer gode relasjonar og utøver nærleiing. • Du bidreg til involvering og god forankring i personalgruppa. • Du er tydeleg, trygg og beslutningsdyktig i leiarrolla, og kan stå sjølvstendig i krevjande situasjonar. • Du er robust og handterer høgt arbeidstempo og periodar med stort arbeidspress. • I tillegg er du fleksibel, løysingsorientert, strukturert og effektiv. Me tilbyr • Etne kommune tilbyr ei meiningsfull og utfordrande leiarstilling med høve til å påverke og vidareutvikle omsorgstenestene. • Fast stilling 100 % • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåve • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk • Du blir del av ei engasjert leiargruppe og eit godt fagmiljø, med fokus på samarbeid, utvikling og kvalitet i tenestene Annan informasjon Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.