Gol Helsetun er eit sjukeheim med 32 plassar fordelte på korttids-, rehabiliterings- og langtidsopphald, inkludert eiga avdeling for personar med demens. Hos oss møter du engasjerte og dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje eller fjerde helg med langvakter. Vi har eit tett tverrfagleg samarbeid med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helse for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp. Personsentrert omsorg er grunnlaget for arbeidet vårt, og vi legg stor vekt på å møte kvar einskild pasient med respekt, verdigheit og medverknad. Som ein del av utviklingsarbeidet ved Gol Helsetun satsar vi på fagutvikling, kvalitetsforbetring og styrking av det tverrfaglege samarbeidet. Helsefagarbeidarar er ein viktig del av fagmiljøet vårt og har ei sentral rolle i å sikre gode tenester til pasientane. Frå 1. januar 2027 tek vi i bruk 10 nyoppussa korttidsplassar. Dette vil styrkje tilbodet vårt ytterlegare og bidra til vidare utvikling av tenestene ved Gol Helsetun. Arbeidsoppgåver • gje heilskapleg pleie, omsorg og oppfølging til pasientar ut frå individuelle behov og mål • utføre observasjonar, dokumentasjon og tiltak i samarbeid med sjukepleiar og andre faggrupper • bidra til å ivareta meistring, tryggleik og livskvalitet gjennom personsentrert omsorg • samarbeide med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp • bidra til fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, retningslinjer og kvalitetskrav • delta aktivt i tverrfagleg samarbeid, kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid • bidra til opplæring og rettleiing av elevar, lærlingar og nytilsette • bidra til bruk og vidareutvikling av velferdsteknologiske løysingar i tenesta Kvalifikasjonar • autorisasjon som helsefagarbeidar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum nivå B1 • erfaring frå arbeid med eldre, demensomsorg, rehabilitering, psykisk helse, palliasjon eller velferdsteknologi er ønskjeleg • god digital kompetanse og interesse for bruk av teknologi som bidreg til kvalitet og utvikling i tenestene • nyutdanna blir også oppmoda om å søkje Vi ønskjer at du: • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • arbeider sjølvstendig, er strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver • er fleksibel og handterer ein variert og tidvis travel arbeidskvardag • trivst i eit arbeidsmiljø i utvikling og viser vilje til omstilling og forbetringsarbeid • har fagleg engasjement, er utviklingsorientert og motiverast av nye utfordringar • bidreg aktivt til kunnskapsdeling, samarbeid og kvalitetsutvikling Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr • ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med god opplæring, tett oppfølging og fagleg rettleiing • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle tenestene våre • gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, kompetanseheving og relevant hospitering • deltaking i faglege forum og tverrfaglege samarbeidsarenaer. • støtte til relevant vidare- og etterutdanning • moglegheit til å arbeide med eit breitt spekter av pasientgrupper med ulike diagnosar, funksjonsnivå og hjelpebehov • turnusordning med arbeid kvar tredje eller fjerde helg • ein arbeidsplass i utvikling, med satsing på personsentrert omsorg, fagutvikling og velferdsteknologi • eit godt og engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer og høg kompetanse • flotte naturopplevingar rett utanfor døra med gode moglegheiter for friluftsliv, turar, sykling, ski og andre aktivitetar året rundt • gratis trening på treningssenter • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Vi ønskjer medarbeidarar som vil vere med på å forme framtidas helse- og omsorgstenester i Gol kommune. For stillinga gjeld • tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk • pensjonsordning i KLP • arbeid dag og kveld. Vi har eigne nattevakter • tilsetjing skjer fortløpande Send søknad Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Alle søkjarar vil få stadfesting på at søknaden er motteken dersom korrekt e-postadresse er registrert i søknaden. Søknadsfrist: 31.12.26 For stillingane gjeld det krav om politiattest før tilsetjing. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leverast dersom du får tilbod om stillinga. Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande. Velkomen som søkjar til Gol Helsetun! Link til søknadsskjema: Søk her
Har du lyst til å arbeide i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø der du får bruke kompetansen din på tvers av fleire tenesteområde? Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i nattenesta. Institusjon og heimeteneste har ei felles natteneste som er organisert under Gol Helsetun. Som sjukepleiar i nattenesta får du eit spennande og variert ansvarsområde som omfattar omsorgsbustader, heimebuande brukarar, psykisk helse og Gol Helsetun med korttids- og langtidsavdeling, samt skjerma avdeling for personar med demens. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som er oppteke av kvalitet, samarbeid og gode tenester til innbyggjarane. Arbeidsoppgåver • ha ansvar for sjukepleiefaglege observasjonar, vurderingar, tiltak og oppfølging av pasientar • bidra til å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, kvalitetskrav og retningslinjer • samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer • vere ein aktiv bidragsytar til eit godt fagmiljø og godt samarbeid på tvers av faggrupper og tenester • delta i opplæring, rettleiing og fagleg støtte til kollegaer Kvalifikasjonar • autorisasjon som sjukepleiar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • bestått norskprøve, minimum nivå B1 • god digital kompetanse (vi nyttar mellom anna Gerica og digitale kvalitetssystem) Vi ser etter deg som • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • er sjølvstendig, fleksibel, strukturert og ansvarsmedviten • trivst i eit arbeidsmiljø i utvikling og handterer endringar på ein positiv måte • har fagleg engasjement og likar nye utfordringar • bidreg til godt arbeidsmiljø, nærvær og trivsel • verdset fagleg og tverrfagleg samarbeid Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt Vi tilbyr • ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med god opplæring, tett oppfølging og fagleg rettleiing • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle tenestene våre • kurs, kompetanseheving og relevant hospitering • støtte til relevant vidare- og etterutdanning • konkurransedyktige lønsvilkår, inkludert rekrutterings- og behaldetillegg på kr 30 000 per år ved 100 % stilling • eit breitt spekter av faglege utfordringar med pasientar i ulike aldrar og med ulike hjelpebehov • turnus med arbeid kvar tredje helg • ein arbeidsplass som satsar på personsentrert omsorg, fagutvikling og velferdsteknologi • eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer • flotte naturopplevingar og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt • gratis trening på treningssenter • pensjonsordning i KLP • løn og tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk Anna informasjon • den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn tre månader • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista • vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden • vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta • alle søkjarar får kvittering på at søknaden er motteken dersom korrekt e-postadresse er registrert i søknaden Send søknad Benytt elektronisk søknadsskjema. Alle søkarar får kvittering på at søknaden er motteken, når det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Søknadsfrist: 30.11.2026 Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat. Vi fortel gjerne meir om stillinga og arbeidskvardagen hos oss. Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande. Velkomen som søkjar! Link til søknadsskjema: Søk her
Gol Helsetun er eit sjukeheim med 32 plassar fordelte på korttids-, rehabiliterings- og langtidsopphald, inkludert eiga avdeling for personar med demens. Hos oss møter du engasjerte og dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje eller fjerde helg med langvakter. Vi har eit tett tverrfagleg samarbeid med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helse for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp. Personsentrert omsorg er grunnlaget for arbeidet vårt, og vi legg stor vekt på å møte kvar enkelt pasient med respekt, verdigheit og medverknad. Som ein del av utviklingsarbeidet ved Gol Helsetun arbeider vi med å etablere sjukepleiarteam for å styrkje den faglege kvaliteten, sikre god oppfølging av pasientane og vidareutvikle eit robust fagmiljø. Sjukepleiarar ved Gol Helsetun kan òg inngå i ordninga med støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta. Dette gir spennande faglege utfordringar og bidreg til auka kompetanse og samhandling på tvers av tenestene. Frå 1. januar 2027 tek vi i bruk 10 nyoppussa korttidsplassar. Dette vil styrkje tilbodet vårt ytterlegare og bidra til vidare utvikling av tenestene ved Gol Helsetun. Arbeidsoppgåver • ansvar for sjukepleiefaglege observasjonar, vurderingar, tiltak og oppfølging av pasientar • bidra til å sikre fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, retningslinjer og kvalitetskrav • samarbeide tett med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar for å ivareta heilskaplege pasientforløp • vere ein aktiv bidragsytar til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø • bidra til godt tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenesteområde. • delta i opplæring, rettleiing og fagleg støtte til kollegaer, studentar og lærlingar. • delta i utviklinga av sjukepleiarteam ved Gol Helsetun • for sjukepleiarar er det mogleg å inngå i ei frivillig ordning som støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta Kvalifikasjonar • autorisasjon som sjukepleiar • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum nivå B1 • erfaring frå arbeid med eldre, demens, psykisk helse, palliasjon eller velferdsteknologi er ønskjeleg, men nyutdanna blir òg oppmoda til å søkje. • god digital kompetanse og interesse for bruk av teknologi som bidreg til kvalitet og utvikling i tenestene. Personlege eigenskapar • du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø • du arbeider sjølvstendig, er strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver • du er fleksibel og evnar å handtere ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag • du trivst i eit arbeidsmiljø i utvikling og viser vilje til omstilling og forbetringsarbeid • du har fagleg engasjement, er utviklingsorientert og blir motivert av nye utfordringar • du bidreg aktivt til kunnskapsdeling, samarbeid og kvalitetsutvikling Personleg eignaheit vil bli vektlagd. Vi tilbyr • ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med god opplæring, tett oppfølging og fagleg rettleiing • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle tenestene våre • gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, kompetanseheving og relevant hospitering • deltaking i faglege forum og tverrfaglege samarbeidsarenaer • støtte til relevant vidare- og etterutdanning • konkurransedyktige lønsvilkår, inkludert eit rekrutterings- og behaldertillegg på kr 30 000 per år ved 100 % stilling • moglegheit til å arbeide med eit breitt spekter av pasientgrupper med ulike diagnosar, funksjonsnivå og behandlingsbehov • turnusordning med arbeid kvar tredje eller fjerde helg • moglegheit til å delta i ordninga som støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta • ein arbeidsplass i utvikling, med satsing på personsentrert omsorg, fagutvikling, sjukepleiarteam og velferdsteknologi • eit godt og engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer og høg kompetanse • flotte naturopplevingar rett utanfor døra, med gode moglegheiter for friluftsliv, turar, sykling, ski og andre aktivitetar året rundt For stillinga gjeld • tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk • pensjonsordning i KLP • arbeid på dag og kveld • gratis trening på treningssenter Anna Gyldig politiattest må leggjast fram. Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eit eventuelt intervju. Send søknad Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom rett e-postadresse er registrert i søknaden. Søknadsfrist: 30.11.26 Aktuelle kandidatar blir vurderte og kalla inn til intervju fortløpande. Velkomen som søkjar til Gol Helsetun – vi gler oss til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.